Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Berle kyrkje



Berle kyrkje er ei arbeidskyrkje i mur som står i bygda Berle i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 210 sitjeplassar, vart vigsla 3. juli 1977 av biskop Thor With. Arkitekt Alf Apelseth frå Ørsta laga teikningane. I 1977 vart Berle eit kapelldistrikt i Rugsund sokn i Davik prestegjeld. I 1981 vart Berle overført til Bremanger sokn i Bremanger prestegjeld. 1. oktober 1999 vart Berle sokn oppretta. Berle kyrkje er soknekyrkje for Berle sokn i Bremanger prestegjeld.

Den moderne arbeidskyrkja i Berle er noko mindre enn opphavleg tenkt. Ho har tydeleg likskap med Nordsida kyrkje på Blakset i Stryn.

Den moderne arbeidskyrkja i Berle er noko mindre enn opphavleg tenkt. Ho har tydeleg likskap med Nordsida kyrkje på Blakset i Stryn.

Eigar: I Jul i Nordfjord 1977.

Datering: 1977.

Fotograf: Matias Kåre Austrheim.

Ønskje om eige gudshus

Ei av dei mest moderne kyrkjene i fylket ligg på Bremangerlandet attmed Frøysjøen, bygd fire år etter ei tilsvarande kyrkje på Nordsida i Stryn. I Berlebygda hadde dei arbeidd nesten like lenge som folket inne i Blaksetbygda for å få sitt eige gudshus. Men her var det ikkje strid om stadvalet som gjorde at saka drygde, her var det andre prosjekt som gjekk føre i køen.

Med den lunefulle Frøysjøen som kyrkjeveg er det lett å skjøne at folk ville ha eiga kyrkje i Berle. Gjennom uminnelege tider hadde dei søkt soknekyrkja i Rugsund og opplevd nok av drama på kyrkjevegen. Dessutan brukte dei lang tid, bortimot fire timar med båt og bil for å komme seg til og frå kyrkja. Av forsamlingshus hadde Berle frå før berre skulen, men kring 1900 snakka stadig fleire om at dei også måtte få kyrkje. Det hjelpte godt at bygda fekk gravstad i 1893, lagd på nabotomta til det som i dag er kyrkjestaden. Det vesle kapellet ved sida av vart også eit gode. Her kunne folk samlast før kistene vart senka i jorda. Likevel stod eit eige gudshus høgt på ønskjelista.

Basarar og pengeinnsamlingar

Rundt 1910 søkte Berle krins om å bli skilt ut som eige kapelldistrikt, men Rugsund sokneråd utsette handsaminga av søknaden, og i neste omgang var svaret nei. Men innbyggjarane her ute på austsida av Bremangerlandet let seg ikkje stanse. I 1911 gjekk dei i gang med pengeinnsamling og fram gjennom åra vart tanken om eige kyrkjehus halden varm med jamnlege basarar til føremålet.

Folk som var med på innsamlinga frå fyrst av, innsåg etter kvart at gudshuset ikkje ville bli reist i deira tid. Fleire av desse gav sine bidrag i form av testamentariske gåver. Men i 1963 vart det omsider fart i planane. Ei eiga nemnd gjekk i gang med eit meir målretta arbeid for kyrkjesaka. Biskop Per Juvkam var på besøk i bygda og sette ny kveik i arbeidet. Han tok seinare initiativ til at Berle-folket skulle få teikna kyrkje i samarbeid med kyrkjelyden i Kilsfjord på Sunnmøre, eit samarbeid som også Blaksetbygda seinare kom med i. Davik kommunestyre sa seg positive til planane.

Nedprioritert

Optimismen var stor heilt til den store kommunereguleringa i 1965, då den delen av Davik som omfatta Berle vart overført til Bremanger kommune. I den nye storkommunen var andre ting viktigare enn eit gudshus i Berle. Utbygging av skuleverket var eit døme på tiltak som kravde store investeringar. I 1975 vedtok Bremanger kommunestyre å gå inn for bygging av det etterlengta kapellet. Då hadde politikarane redusert byggjekostnadene ved å fjerne kjellarhøgda i bygget. Men folket var nøgde, endeleg skulle det kome gudshus i Berle. Og biskop Juvkam var i storslag då han omsider kunne kome tilbake til Berle 21. mai 1976 og leggje ned grunnsteinen til kapellet. Året etter, 3. juli i 1977, kom etterfølgjaren, biskop Thor With til Berle. Den høgtidlege vigslinga av det moderne kyrkjehuset var den fyrste With føretok i embetet.

Kyrkja

Berle kyrkje har tydeleg likskap med Nordsida kyrkje, og innvendig er sjølve kyrkjerommet løyst på same måten. Kordelen er skilt frå skipet med ein enkel, firkanta alterring. På sidene av den kvite murveggen i koret kjem det lys frå smale vindauge. Rommet er lyst, prega av dei kvite murveggene og skråtaket i furupanel. På sida av kyrkjerommet er skiljevegger til småsalen, og begge romma vert nytta ved store høgtidsgudstenester. Småsalen er elles i bruk i samband med klubbaktivitet, festar, kyrkjekaffi, gravferder og soknerådsmøte. Kjøkenet vert også nytta som dåpssakristi. Prestesakristiet ligg til høgre for kordelen i kyrkja.
I forlenginga finn ein tilbygget med bårerom og det firkanta klokketårnet der klokkene heng ope.

Det trauste bygget ligg like attmed vegen som går gjennom bygda, men frå sjøen er kapellet lite synleg, då tomta er omkransa av bjørkeskog. Kyrkjetomta vart i si tid gitt som gåve frå ein privatperson. Heile 65 år tok det frå pengeinnsamlinga starta til grunnsteinen til bygget vart lagt ned, og på den tida hadde den vesle kyrkjelyden samla inn rundt 200 000 kr. I tillegg til pengegåver gjorde bygdefolket mykje av byggjearbeidet på dugnad. I dag er Berle kyrkje mellom dei gudshusa som har høgast frammøteprosent i fylket vårt. Folketalet i bygda er på knapt 140 personar, og i gjennomsnitt møter om lag 40 av desse til gudsteneste.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1992, er laga av Ingjerd Pettersen Hagh og Kari Melvær Vadøy. Materialane er tre og messing, og motivet er "Peters fiskefangst" (Luk. 5,1-11).

Det frittståande alteret i tre er teikna av Alf Apelseth. På alteret står to lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne. Preikestolen og døypefonten i tre er teikna av Alf Apelseth. Både dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv. Orgelet har seks stemmer og er laga av Vestre Orgelfabrikk. Det nemnde inventaret er frå 1977.

Kyrkjeklokka frå 1932 var før 1977 på kyrkjegarden. Ho er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS, og har innskrifta "Å telje våre dagar det lære du oss S 90,12".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Austrheim, Matias Kåre: Berle kapell. Artikkel i Jul i Nordfjord 1977.

PERMANENT IDENTIFIKATOR