Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. april 2001

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over Georg Distad



På ein ovalforma naturstein på ei grav ved Fjærland kyrkje står denne innskrifta: GEORG DISTAD * F. 18-6-1915 * FALT I KAMPANE I * VALDRES 28-4-1940 * FOR FEDRELANDET * TAKK. Distad vart gravlagd i Valdres og familien sette opp gravstein. I 1942 vart den gravlagde flytta heim til Fjærland.

Minnesteinen på grava til Georg Distad på kyrkjegarden i Fjærland.

Minnesteinen på grava til Georg Distad på kyrkjegarden i Fjærland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Georg Distad fall i Valdres

Georg Endreson Distad var fødd 18. juni 1915 i Balestrand. Saman med omlag 1000 frå Fjordane Regiment (IR 10) var han med i kampane mot dei tyske invasjonsstyrkane i Valdres. Han gjorde teneste som kusk i ei mitraljøsetropp då han fall 28. april i Bagn-området. Han vart truffen av ein granatsplint, og døydde straks etter. Kameratane måtte ta han med seg heilt opp til Vestre Slidre der han og fleire andre vart gravlagde på kyrkjegarden ved Aurdal kyrkje.

Minneord i kommunestyret

Den 9. august 1940 var det kommunestyremøte i Balestrand. Ordførar Anders L. Gjerde opna dette møtet med ei sak utanom den oppsette saklista. Han ynskte å heidra to balestrendingar som hadde ofra livet for fedrelandet. I møteboka står skrive:

"Før møtet tok til med å handsama saklista tok ordføraren ordet, og i varme og indarlege ord heidra han minnet åt dei tvo mennene frå heradet, nemleg styrmann Ingvald Olsson Vangsnes og matros Georg Endreson Distad, som fall i krigen i Norge våren 1940. Ordføraren bar fram ei djupfølt takk til dei både for at dei sette inn og gav det kjæraste eit menneskje eig, livet. Møtelyden høyrde på minnetalen ståande.

Etter framlegg frå løytnant Hans J. Bale gjorde heradstyret samrøystes vedtak um at bilæte av dei 2 fallne vert å gjeva plass i heradstyret sin møtesal."
 

Det kom truleg ikkje opp bilete av dei to falne i kommunestyresalen. Knapt to månader seinare innførde rikskommissær Josef Terboven si eiga heilt udemokratiske og nazi-kontrollerte kommunestyring. Etter dette kom det sjølvsagt ikkje på tale å hengja opp bilete i kommunestyresalar av nordmenn som ofra livet i kampane mot dei tyske okkupantane.

17. mai 1945

«Dette var ein av Norig sine største dagar. Etter 5 års krig med tvang og terror atter [å få] feira fridomsdagen..» I Fjærland gjekk folk i tog frå Mundal og Sjurgarden til kyrkja. «Det var det største tog som hev vore i bygdi og kyrkja var fylt til siste plass,» skreiv signaturen A.S. i referatboka til Fjærland kristelege ungdomslag. Vi får og høyra om markering ved grava til Georg Distad:

«Etterpå samlast alle på kyrkjegarden ved grava åt Georg Distad. (..) Ordførar A.J. Bøyum heldt der ein tale for dei faldne og sa m.a. at minni um dei faldne skulde mana oss og ofra alt i framtida.»

Grava flytta heim til Fjærland

Familien hadde sut for grava til Georg på kyrkjegarden i Valdres. Dei sette nokså snart opp eit gravminne, ein sementstein med innfelt namneplate, men hadde samstundes eit sterkt ynskje om å få flytta grava heim til Fjærland. I februar 1942 reiste tre nære slektningar, brørne Einar og Hans, og syskinbarnet Ivar Bøyum, av stad for å få ordna med flytting. Det tok litt tid, men etter nokre dagar fekk dei med seg kista og gravsteinen på ein lastebil til Lærdal. Derifrå fylgde dei Fylkesbaatane til Fjærland. Fylkesbaatane synte på sitt vis ære og respekt for fylgjet. Dei kravde ikkje frakt denne gongen.

Gravsteinen skifta ut

Gravsteinen frå grava i Valdres stod til kring 1960. Då vart han erstatta med ein ny fordi vyrket var i ferd med å smuldra opp. Det var Erik Distad, brorson til Georg, då busett i Bergen, og Gunhild, systera til Georg og mannen hennar, busett på Hordnes i Fana, som valde ut ein stein i fjøra ved Korssund i nærleiken av Haakonsvern.

Markering ved grava 17. mai

Sidan 1990 har det kvar 17. mai vore markering ved grava til Georg Distad, den einaste krigsgrava i Fjærland. Det blir lagt ned blomar og sagt minneord.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Aas, Sverre: "Sogningane rykkjer fram". I Årbok for Sogn. Nr. 32, Sogndal 1986.

Balestrand kommune, formannskapsarkivet:
Møtebok 1940 - 1948
Informasjon frå:
Erik Distad, Sogndal kommune.
Privatarkiv: Fjærland kr. ungdomslag, referatbok 1944-1971