Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bø kyrkje og kyrkjegard



Bø kyrkje, bygd i 1868, er den eldste av dei tre soknekyrkjene i Hyllestad. Ho er også den einaste som har stått på same tufta av alle dei tidlegare kyrkjene i prestegjeldet vi veit om.

Bø kyrkje ligg tett ved Bøfjorden, på garden ytre Bø som soknet har namnet etter.

Bø kyrkje ligg tett ved Bøfjorden, på garden ytre Bø som soknet har namnet etter.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1995.

Fotograf: Per Bygnes.

Tidlegare kyrkjer

Bø kyrkje er først nemnd på 1340-talet. Kyrkja skal då ha hatt eigen prest. Denne presten tente òg i Rutle kyrkje, innafor Rutletangane i Gulen. Kva tid det første kyrkjebygget vart reist her, er uvisst. På slutten av 1500-talet vart kyrkja på Bø riven. Ein lysestake i den noverande kyrkja skal vere frå denne kyrkja. Den eldste skildringa av Bø-kyrkja skriv seg frå ei synfaring i 1686. Gudshuset var då ein liten tjørebreidd tømmerbygning med tårn. Dette var av standarverk, og på spiret var det plassert ein forgylt hane. Taket var dekt av panner. Skipet var kring 7,5 m langt, og truleg nærast kvadratisk. Koret var 3,7 m langt og 5 m breitt. Fleire av vindauga hadde innskrifter frå førstninga av 1600-talet. I ei innskrift finn vi: "Christian Hansen 1654", og vidare i omsetjing frå latin: "Mitt håp er Kristus. Bed og arbeid". Slike måleri var heller sjeldsynte, og finst t.d. i Hestad kapell i Gaular.

Noverande kyrkje

Den noverande kyrkja er ei langkyrkje i tre, bygd i 1868. Kyrkja vart teikna av arkitekt J. W. Nordan og bygd av John Alver. Det er 200 sitjeplassar. Kyrkja fekk orgel i 1907. Det er ikkje gjort nemneverdige endringar på bygget etter 1868. Kyrkja ligg lagleg til ved sjøen. I eldre tid nytta mange i soknet båt på kyrkjeferd.

Inventar

Døypefonten og døypefatet er frå før 1700, medan preikestolen var ny då kyrkja vart bygd i 1868. Ny altertavla kom fyrst på plass 30 år seinare. Biletet er kopi av Tidemands "Christi Opstandelse" frå 1871 i Bragenes kyrkje i Drammen. Tilsvarande kopiar heng i over 80 norske kyrkjer, m.a. i Lavik. Altartavla vart kosta av smeden Peder Olsen i Leirvik. Av eldre gjenstandar er det tre lysestakar frå kring 1600. Dei eldste kyrkjelege leivningane finn vi derimot liggjande utanfor. Tett attmed kyrkjeveggen står to halve steinkrossar frå katolsk tid. På Bergen Museum finst eit relikviekors frå denne kyrkja, datert til tidleg på 1500-talet.

Sokn og kyrkjegard

I eldre tid høyrde Bø sokn til Eivindvik prestegjeld, men vart i 1807 overført til det nye Lavik prestegjeld. I 1861 vart soknet slege saman med Hyllestad og Øn sokner til Hyllestad prestegjeld, på same tida som som Hyllestad vart eigen kommune.
Like ved inngangen til kyrkjegarden, like framfor kyrkjeinngangen, ligg ein stor, oppbygd familiegravplass. Her ligg Østen Monsen Hjelmeland. I 1905 gav han ei vakker lysekrone til kyrkja, som sidan har vore i bruk. Hjelmeland gav òg eit legat på 3000 kroner til utsmykking av kyrkja. Den siste utvidinga av kyrkjegarden vart gjort i 1991.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Henden Aaraas, Margrethe m.fl.:På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, 2 Sogn. Selja Forlag 2000.
Aaberg, Th.: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid.1929.
Tilfang i kjeldesamling oppbevart i Fylkesarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR