Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 07. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Bergenske i fart på Island



Det Bergenske Dampskibsselskab dreiv rutetrafikk mellom Noreg og Færøyane/Island i åra frå 1908 til om lag 1950. Bergenske si islandsrute var ikkje minst ei stor vinning for det innanrikse sambandet på Island. Dessutan fremja det hopehavet mellom "norrøne frendar" som islandsvenen Anders Skásheim ordla seg. Denne artikkelen er i hovudsak eit utdrag frå bergenske si jubileumsbok Norges eldste linjerederi (..) 1951 og eit rutehefte utgjeve i 1930.

Omslaget på ruteheftet til Bergenske for islandsruta 1930. Bileta viser "Lyra" (venstre) og "Nova".

Omslaget på ruteheftet til Bergenske for islandsruta 1930. Bileta viser "Lyra" (venstre) og "Nova".

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn

Båtsambandet Bergen-Island går tilbake til tida då Island vart folkesett, om lag 870 - 930. Både under den islandske fristattida fram til om lag 1220 og som ein del av kongeriket Noreg til 1396, gjekk den islandske handelen i hovudsak over Bergen. Under unionen med Danmark vart handelen av politiske årsaker etter kvart meir og meir styrt mot København. Geografisk var ikkje dette til fordel for Island. Mens avstanden Island-Færøyane-Bergen er 885 nautiske mil, er strekninga til København heile 1270. Det var såleis eit historisk samband Bergenske tok opp att då rederiet opna den første islandsruta si 2. juni 1908 med dampskipet Uranus.

Utkonkokurrerte Stavanger

Bergenske var ikkje først ute med rute på Island. Otto Wathne i Stavanger byrja i 1887 og oppnådde jamvel eit årleg statstilskot på 10 000 kroner frå 1908. Men med skip av dårlegare standard enn Bergenske sitt kom Wathne etter få år i vanskar og tilbaud Bergenske å kjøpa ruta deira. Bergenske tok over med plikt til å halda Stavanger som stoppestad og med å rekna same frakt frå Island til Stavanger som til Bergen.

Ei anna rute

Bergenske starta ei ny islandsrute i 1911, med Kristiania, seinare Stavanger, som utgangsstad. Ruta gjekk til Færøyane og derifrå til fjordane aust på Island, seinare nord om Island til Reykjavik, og tilbake same vegen. Ruta vart ei viktig innanriksrute for Island med Nordfjord, Seydisfjord, Husavik, Skureyri, Siglufjord, Isafjord og Patricfjord som faste stoppestader. I 1909 sette Bergenske innFloramed lugarar til 60 passasjera på 1. plass og køyer for 40 på 2. plass.

Seks døgn i storm

Bergenske hadde som mål å halda rutene gåande heile året. Det var inga lett oppgåve. På ein tur i november 1909 kom Flora ut i ein orkanaktig storm mellom Huasavik og Isafjord. Heile kommandobrua vart riven bort og rattet knust. Dei måtte surra fast roret og halda seg til reservekompasset i røykesalongen. Skipet sette så full fart mot vinden, men dreiv av gjennom Danskestredet og fekk brått kysten av Grønland i sikte. I den tunge sjøen kom det vatn ned i korridorane og salongane. Kapteinen, Johan H. Stuhr, låg sjuk i giktfeber, så situasjonen var alt anna enn lys. Etter seks døgn i kamp mot storm og uvêr greidde styrmannen, Kristian Jansen, å få fartyet inn til ei uthamn på Island og derifrå til Reykjavik der skipet vart reparert mellombels.

Denne turen blei den siste i islandsruta i 1909. Men ikkje berre uvêr vinterstid gjorde at mange meinte det var uråd å halda rutene gåande heile året. Island hadde berre nokre ganske få fyr langs kysten på denne tida. Likevel avgjorde direktør Lehmkuhl i Bergenske å halda på heilårsdrift, noko som var svært viktig for det innanrikse sambandet på island.

Krigsforlis

Utbrotet av 1. verdskrigen 1. september 1914 skapte straks vanskar for skipstrafikken i Nordsjøen og Norskehavet. Men sjølv om Bergenske nokså snart måtte innstilla rutene på England, heldt rederiet Islandsruta gåande. Skipa nådde som regel trygt fram til Reykjavik, men vart fleire gonger praia av britiske vaktskip på tilbaketuren og tekne med til Lerwick på Shetland for inspeksjon. Det skjedde med Flora i juli 1917. På vegen ut frå Shetland vart båten nådd att av ein tysk ubåt som utan varsel opna eld mot skipet. Kapteinen gav ordre om å gå i livbåtane. Flora vart skoten i senk, men heile mannskapet berga livet.

Full fart i mellomkrigstida

Etter tapet av Flora vart det uregelmessig rutefart på Island fram til 1922 då Bergenske supplerte ruta med ei ekspressrute Bergen-Færøyane-Reykjavik. Til denne ruta kjøpte rederiet i 1925 eit passasjer- og lasteskip på 1474 tonn. Skipet fekk namnet Lyra. Denne ekstra islandsruta vart snart like populær som den gamle.

Fargerikt rutehefte 1930

Bergenske laga eit praktrutehefte for "Islandsruten" til året 1930 med flotte fargebilete av islandsskipa Lyra og Nova, pryda med redieriflagget mellom det norske og islandske på framsida. Truleg var det ekstra påkosta med tanke på det føreståande 1000-årsjubileet for Alltinget med forventa ekstra mange tilreisande. Utanom rutetabellane var heftet ustyrt med opplysande tekstar, kart og bilete.

Reklameteksten let ingen i tvil: "Det Bergenske Dampskibsselskabs rute paa Færøerne og Island er den korteste og hurtigste forbindelse mellem Færøerne og Island paa den ene side og Skandinavien og derved det øvrige Europa paa den anden side. Dette sidste har sin grund i Bergens centrale beliggenhed og gode forbindelser utad. Det Bergenske Dampskibsselskab har nu to ruter paa Island."

Heftet har to sider om "Jubilæumsfesligheterne sommeren 1930". Det skal haldast store arrangement på Tingvallasletta i dagane 26. - 28. juli, og "tusener av reisende kommer i denne anledning til å besøke Island." Det går fram at "Lyra" skulle gå frå Bergen 19. juli med ankomst Reykjavik 24. juli og så bli liggjande i Reykjavik under jubileumsdagane. Dessutan skulle turistskipa "Meteor" og "Stella Polaris" gå ekstraturar til Island, det siste frå Dunkerque via Newcastle.

Sluttstrek for Bergenske

Den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945 sette stogg for Bergenske sine ruter på Island. Rederiet tok oppatt islandsruta etter krigen, men måtte stogga "inntil videre" etter eitt års drift. Talet på reisande heldt seg godt, men mangel på last resulterte i store tap. Den mellombelse stoggen viste seg å verta varande. Det eine året like etter krigen, vart det siste året for Bergenske med rute på Island. "Norges eldste linjerederi" kom i store økonomiske vanskar i 1970-åra og vart oppkjøpt og avvikla i 1984. Smyril Line byrja sine ruter i 1982. I 2008 har rederiet anløp i Seydisfjord, aust på Island.

kjelder:

Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi. Jubileumsskrift til Det Bergenske Dampskibsselskabs 100-års dag. Bergen 1951.
Det Bergenske Dampskibsselskab: Norge-Færøerne-Island. Rutehefte 1930.
Skásheim, Anders: Norrøn samvinna. Island. Manuskript til artikkel. Etter 1950.

PERMANENT IDENTIFIKATOR