Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsgrav ved Solund kyrkje - Bjarne Peder Nesøy



To år etter krigen 1940-1945 døydde den 13 år gamle guten Bjarne Peder Nesøy etter ei brannulukke. Han hadde leika med eldsfarlege "stavar" han og broren hadde funne på eit tysk festningsanlegg. Bjarne Peder Nesøy miste livet som fylgje av krigen, sjølv om det skjedde så seint som i 1947.

Bergitte Nesøy, gift Pedersen, attmed grava til broren like etter at han var gravlagd.

Bergitte Nesøy, gift Pedersen, attmed grava til broren like etter at han var gravlagd.

Eigar: Liv Pollen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-89083.0007.

Datering: 1947.

Fotograf: Liv Pollen.

Ikkje med i Våre falne

Fire-bindsverket Våre falne kom ut i åra 1949-1951. Det omfattar alle som døydde under krigen, "for så vidt som krigshandlinger var årsaken eller en vesentlig medvirkende årsak til deres død." Personar som miste livet ved ulukker etter krigen er også tekne med, til dømes ved at dei uforvarande utløyste miner.

Bjarne Peder Nesøy er ikkje komen med i Våre falne.

Grava

Bjarne Peder Nesøy vart gravlagd på kyrkjegarden ved Solund kyrkje på Hardbakke. Det vart fyrst sett opp ein mellombels kross på grava hans. Seinare sette familien opp ein kvit marmorstein. På steinen står innskrive:

Vår kjære * BJARNE PEDER * NESØY * 5/3 1934 * 7/9 1947
 

Hendinga

Ragnvald Glavær frå Gulen og familien hans var på vitjing i Nesøy i Solund. Dei fann på å ta ein søndagstur inn til Risneset i Gulen, der det hadde vore tysk festningsanlegg. Dei gjekk inn i Ragnvald Glavær sin motorbåt med ein robåt på slep. Mellom restar etter krigen fann ungane ein bunt stavar eller røyr som dei tok med seg i færingen.

På vegen ut sat ungane i robåten. Dei tok ut stav etter stav, kveikte i og heiv opp i lufta. Stavane brann godt, men eksploderte ikkje. Dette gjekk bra så lenge dei var i fart. Då dei kom til bua heime, tende dei også ein stav, men denne gongen datt staven ned att i robåten og sette fyr i alle som var i båten. Bjarne som gjekk berre i kortbukse, vart sterkt forbrend. Han hoppa i sjøen, men etter ei tid på sjukehus i Bergen, greidde dei likevel ikkje å berga han.

Dei andre gutane vart ikkje skada i denne svært triste krigshendinga to år etter krigen.

Merknad: Stavane var etter alt å døma røyr fylte med karduss (eit slag krut) som vart brukte som lunter til sprengladningar.

kjelder:

Våre falne.
1947.
Opplysningar frå:
Johannes Espeland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR