Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Garden Ytre Moa - gardsdrift og ressursutnytting



Livberginga på Ytre Moa henta dei frå det same naturgrunnlaget som folk har gjort fram til nyare tid - frå jorda, skogen og fjellet. Saman med tufter, steingjerde og gravfunn, vitnar gjenstandsfunna om ei variert utnytting av naturgrunnlaget. Garden vart fråflytta på 900-talet, truleg på grunn av vassmangel. Området har sidan ikkje vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørt, og har gitt oss mykje ny og overraskande kunnskap om vikingtida i Noreg.

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Den blå røyken kjem frå aluminiumsverket nedanfor.

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Den blå røyken kjem frå aluminiumsverket nedanfor.

Fotograf: Steinar Lægreid

Husdyra var viktige

Jordbrukstilhøva for åkerbruk har vore nokså sparsame på Ytre Moa. Den beste jorda på Moa-terrassen finn vi der som sjølve husa er plasserte - på den austlege delen av terrassen. Ikkje desto mindre - bonden på Ytre Moa driv åkerbruk i vikingtida. Her er funne både ard og jordhakke, og det er i tillegg funne ein del av ei handkvern som viser at dei mol korn.

Det er likevel husdyrhaldet som tradisjonelt har vore den dominerande hovudgreina i jordbruket i Årdal, og funnmaterialet frå Ytre Moa vitnar om at det var slik også i vikingtida. Av jordbruksreiskap funne på Ytre Moa er det reiskap knytt til fõrsanking - slik som sigd og ljå - som dominerar, medan reiskap knytta til jordbearbeiding er i mindretal.

Overskot av ull

Tradisjonelt har sau og geit vore dei viktigaste og mest tallrike husdyra på bruka i Årdal. I siste del av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var faktisk geitost eller mysost den viktigaste eksportartikkelen frå Årdal (Helland 1901). Det er m.a. funne svært mange tekstilreiskapar på Ytre Moa, noko som kan avspegle at husdyrhaldet har gjeve grunnlag for ein overskotsproduksjon av ull. Funn av spinnehjul og vevlodd fortel oss at dei har spunne ull og veve vadmål. Tekstilreiskapane utgjer eit markert innslag i gjenstandsfunna, og avspeglar truleg også den tyding dette handverket hadde, både på garden og i regionen for øvrig, i denne perioden (Dommasnes 1987).

Hest som trekkdyr og ridedyr

I tillegg til ull, gav husdyra vikingbonden og huslyden hans det meste av det dei trong til dagleg: kjøt, mjølk, ull, skinn, horn og bein. På Ytre Moa har dei hatt både gris, sau, geit, ku og hest. Funn av beisel, hestesko og hovbrodd fortel at hesten har vore nytta som trekkdyr og truleg også som reide- og ridedyr.

Jakt i fjella

I alle dei tre bustadhusa er det funne fleire typar pilespissar av jarn. Ein type med klufta blad har truleg vore nytta til småviltjakt, men dei fleste pilene er av ein vanleg bladforma type som har vore nytta til større vilt. Jakt på fugl, reinsdyr og andre pelsdyr har tradisjonelt vore viktige bi-næringar i Årdal. Fleire undersøkingar har synt at jakt har vore viktig i dette området i yngre jarnalder, (t.d Hofseth 1980, Bjørgo et al. 1992). Bruken av ressursane i høgfjella aukar frå eldre til yngre jarnalder, noko ein m.a kan sjå av dei mange tuftene frå yngre jarnalder i høgfjellet. I tillegg til tufter, finn vi også restar av fangstinnretningar som t.d. dyregroper frå denne perioden, m.a. langsmed Nyset-Steggjevassdraget (Bjørgo et al. 1992, Bjørgo 2005).

Stølane

Dei fleste av gardane i Årdal hadde i historisk tid fleire stølar, så også Moa-garden. Dei mange tuftene etter stølshus som arkeologane har avdekka i høgfjellet i Årdal dei siste åra, gjer det også rimeleg å tru at bonden på Ytre Moa har nytta fjellbeite om sommaren. Fleire av husa som er undersøkte på høgfjellet, og som ein reknar med har vore stølshus, har same storleik, byggjemåte og innreiing (eldstad og kokegrop) som husa på Ytre Moa. Bein funne i desse husa, viser at dei vart nytta både som støls- og jaktbuer (Bjørgo 2005). Her er funne bein av både reinsdyr, rype og bjørn, i tillegg til fiskebein og bein av sau/geit, ku - og til og med gris.

kjelder:

Bakka, E. 1965. Ytre Moa xx eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.) : Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Bjørgo, T., Kristoffersen, S., Prescott, C. 1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk museum, Bergen.
Bjørgo, T. 2005. Iron Age house remains from mountain areas in inner Sogn, Western Norway. I I
K.A. Bergsvik og A. Engevik Jr (red.): 'Fra funn til samfunn. Jernalderstudier tilegnet Bergljot Solberg på 70-års dagen. 'Universitetet i Bergen Arkeologiske skrifter. Bergen
Dommasnes, L.H. 1987. Male/female roles and ranks in late Iron Age Norway. AmS- Varia 17, Stavanger.
Helland, A. 1901. Topografisk- statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Kristiania.
Hofseth. E. H. 1980. Fjellressursenes betydning i yngre jernalders økonomi. AmS-skrifter 5. Stavanger
Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Sølvberg, I. Ø. Driftsmåter i Vestnorsk jordbruk ca 600-1350. Universitetsforlaget. 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR