Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Førde kyrkje



Førde er ei langkyrkje i tre som ligg på garden Skei sin grunn i Førde sentrum. Kyrkja, som har 600 sitjeplassar, vart vigsla 1. oktober 1885 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Førde kyrkje er soknekyrkje for Førde sokn og hovudkyrkje i Førde prestegjeld.

Førde kyrkje er ei stor og vakker trekyrkje, og framstår som typisk for den typen kyrkjer ein bygde på slutten av 1800-talet.

Førde kyrkje er ei stor og vakker trekyrkje, og framstår som typisk for den typen kyrkjer ein bygde på slutten av 1800-talet.

Eigar: NRK - Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Nybø.

Kyrkjestad på Skei

Førde kyrkje er ei av dei største i fylket, og ligg fint til på eit lite høgdedrag på Skei, like ved det gamle elveløpet som Jølstra hadde fram til 1780. Dagens kyrkje er frå 1885, men på same staden har det stått kyrkjer heilt frå 11-1200-talet. Altertavla i Førde kyrkje er ei av dei mest kjende barokktavlene i landet. Kyrkjestaden på Skei var frå gammalt eit naturleg sentrum i Førde-bygda, men i dag ligg han bortgøymt i den veksande byen. Dette er den staden i den vide dalbotnen som er nærast fjorden utan å vere utsett for flaum. Elva var lett farbar opp til Sjøahola og dei gamle storgardane i bygda, Førde og Skei, som den rike soknepresten Peder Finde kjøpte av kongen på 1660-talet. Det var han som skaffa kyrkja den makelause altertavla frå 1643.

Under isgang våren 1780 braut elva Jølstra seg nytt løp mot fjorden slik at svingen ved kyrkja vart liggjande i bakevja. Noko seinare vart postvegen mellom Bergen og Trondheim bygd, og vegen kom ned Halbrendslia til Hafstad og gjekk vidare mot Jølster. Kyrkja vart då liggjande noko avbakleg til, sjølv om Langebrua frå 1830-talet batt bygda betre saman. Då vart nettopp Kyrkjevegen den viktigaste sambandsåra i bygda, og det var ingen diskusjon om kyrkjestaden verken i 1838 eller 1885 då dei nye kyrkjene vart bygde.

Typisk vestlandskyrkje

Kyrkja frå 1885 er bygd av lafta tømmer og framstår som ei typisk vestlandskyrkje frå siste del av 1800-talet. Modellen er Vik kyrkje i Sogn, frå 1877. Kyrkja er 38,7 m lang, av dette er skipet 24,4 m langt. Breidda er 15,5 m. Mot aust er det eit femkanta kor med sakristi på kvar side. Våpenhuset mot vest er 5,5 m i firkant, og har tårnfot for eit 30 m høgt tårn. Kyrkja har eit stort galleri, der det også vart sett inn orgel då kyrkja var ny. Frå starten var kyrkja kald, men det kom seg då det vart lagt inn elektrisk straum i 1915. Opplevinga av kyrkjerommet vart endå betre då den gamle altertavla kom på plass att i 1925, etter å ha vore lagra fleire stader i 40 år.

Men arkitekt Gerhard Fischer var ikkje like nøgd med den nye kyrkja. I 1913 skreiv han i årboka til Fortidsminneforeininga om kyrkja som med sitt "kjedelige skifertak, sine hårde linjer og korets uhyggelige silhuet virker underlig hård og kold i det fine landskap. Og indtryket indvendig svarer desværre altfor godt til det ydre. Noget mer iskoldt, nøkent og lite tiltalende i farver kan vanskelig tænkes."

Ombygging

Kyrkja vart lite endra før i åra 1941-1951, då ho vart restaurert og ombygd. Fyrst vart det bygd flatt tak innvendig, så vart innerveggene kledde med papp og panel og vindauga gjort flate i toppen og samstundes isolerte. Tårnet vart også endra. I tillegg vart kyrkja nymåla, og ho fekk nytt lysanlegg. Førde kyrkje var mykje omarbeidd då restaureringsarbeidet var ferdig i 1951.

Kyrkja fekk flomlys i 1962. I 1970 vart sakristia ombygde og vatn vart innlagt. Nytt sanitæranlegg kom i 1975. Rullestolinngangen vart bygd i 1983 og våpenhuset vart fornya i 1985. I 1995 vart kyrkja oppattmåla både innvendig og utvendig. Veggene i skipet er i dag lysegule, med lysebrune søyler, kvitt listverk og grågrøne benker. Taket er kvitt. Koret har lysegrå vegger og blått tak med gule stjerner. Golvet både i skip og kor er trekvitt.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1643 er rekna som ei av dei mest verdfulle barokktavler i landet. Tavla var ei gåve frå Peder Jørgensson Finde (1610-1691), prest i Førde frå 1637, og Barbara Nitter, og er på eitt vis minnetavla over familien Finde, likevel laga "Gud til Ære hans Huus til Beprydelse". Den kring fire meter høge tavla uttrykkjer luthersk ortodoksi i barokken sitt biletspråk og fortel dei grunnleggjande frelseshendingane etter luthersk tolking ut frå motsetningane: lov - evangelium, synd - nåde og død - liv.

Alteret vart utvida i 1998, medan antependiet er frå ombygginga i 1950. Det er i rustraudt ullstoff med brodert Kristus-monogram, IHS (Iesus Hominum Salvator), i ein blomekrans. På alteret står to lysestakar i messing truleg frå 1951. Dåpslysestaken frå 1885 vart tidlegare brukt på alteret.
Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne frå 1950, alle i sølv. Døypefonten i tre, frå 1951, er åttekanta. Dåpsfat og dåpsmugga er begge i sølv, og frå 1950.

Biletveven "Kirkeåret" er frå 1993, og heng på langveggene i skipet som ein primstav over heile kyrkjeåret. Den tek til med advent lengst framme på søraustveggen og endar med Domssøndagen på motsett side framme. Biletveven er laga av Maren Erland frå Førde. Han vart nytta som altertavle 1993-1998, medan den gamle altertavla var til restaurering.

Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1776, laga av Paulus Gottlob Lebrecht, med innskrifta "Bekostet af E.U. Sal. Lund. Til Førde Kirke Anno 1776". Klokka er vanlegvis ikkje i bruk. Den andre er frå 1934, med innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord. Gåve frå Førde kyrkjelyd 1934".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Førde kyrkje 1885 - 100 år - 1985. Førde sokneråd 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR