Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Dalen



Dalestøylen (sommarstøl) ligg kring 150 m innanfor Dalevatnet i ei høgd på ca. 510 m o.h. Dei fleste brukarane på Gjengedal, gnr.19, stølar på Gjengedalstølen, men bnr. 4 og bnr. 11 brukar Dalestøylen. Bnr. 4 eig beiteområda omkring og har no eit sel på stølen. Bnr. 11 har beite- og stølsrett og har fått frådelt eit areal der dei har to sel og eit fjøs med lade.

Dalestølen.

Dalestølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

No går det skogsbil-/stølsveg fram til Gjengedalsstøylen med sideveg mot Dalestøylen og eit hyttefelt mellom stølen og Gjengedalsvatnet. I eldre tider var det å gå kring 1,5 time til Dalevatnet, og så ro over. Dette er eit viktig friluftsområde og det går merka turløyper både frå Gjengedalsstøylen og Dalestøylen.

Bruk av stølen

Etter bygdeboka viser gamle rettsprotokollar at på dette området, kalla Vasslia eller Stordalen, var det i tida 1660 - 1730 folk som rudja og busette seg. Det går ei smal stripe med kalkrikt fjell frå dette området i austleg lei mot Mosevatnet. Dette gir grøderik jord som dei nok har merka seg i eldre tider. Men mange i Austredalen i Hyen hadde i lang tid teke dei rike beitemarkene her i bruk. Brukarane på Aa hadde då støl i dette området og klaga på at folk busette seg på deira støl. I ei sak i 1683 vart det avsett eit område der Aa uhindra skulle ha støl, beite og skogbruk. Aa sin støl ligg no ved elva frå Dalevatnet, kring 3 km lenger nede. Etter at siste mannen hadde flytta frå Vasslia, vart husa nytta som stølshus for Jensbruket (bnr 4) på Gjengedal. No er det berre murane som viser kvar tunet låg.

Stølen ser ut til å ha vore i bruk frå 1700-talet og er framleis nytta av bnr.11. Om sommaren leverer dei mjølk til mjølkebil som går til Gjengedalstølen. Bnr. 4 slutta å bruka stølen i 1952. I eldre tider var det lang stølsveg og det vart laga smør på stølen. Surmjølka vart henta ein eller to gonger i veka. Som nemnt er her grøderik jord og beitene vart utnytta frå jonsok ut i oktober. Slåttemarka både kring stølen og vidare utover var viktig for garden. Det var derfor vanleg med mykje folk på stølen heile sommaren.

Fjellheimen her baud på rikt jaktterreng. Elvar og vatn var og særleg fiskerike. Etter rettsprotokollane var Vasslia skildra slik: Rydningsplassen ligg i ein avdal over 2 mil frå sjøen. Korn kan ikkje mognast der.. Det var sagt at plassen vart teken opp av fattigfolk som for det meste måtte livnære seg av bjørnekjøtt og "andet saadant grovt skytteri".
Det byggjer seg ofte opp segner om slike fråflytta plassar. Dei skulle ofte vere plaga av store fantefylgje og ulveflokkar som gjorde heimen utrygg. Ifylgje segnene skulle det vere dette som gjorde at plassen vart fråflytta. Meir om dette i bygdeboka I og III.

Nokre fakta

Gjengedal, gard nr. 19, Hyen sokn, hadde 6 bruk i 1890. Folketalet i 1865 var 64, og hadde auka til 71 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 210. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR