Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rongkleivstøylen



Rongkleivstøylen (Neritunstøylen) høyrer til gard nr. 21, Rongkleiv, bnr. 1, og ligg ved Langevatnet i ei høgd på ca. 345 m o.h. Her er nyrestaurert sel og fjøs med lade. For nokre år sidan kom det veg fram til stølen og det er ein del dyrka mark omkring. Bruk 2 nyttar Oppitunstølen. Sjå eigen omtale.

Rønnekleivstølen, og kalla Neritunstølen, ved Langevatnet.

Rønnekleivstølen, og kalla Neritunstølen, ved Langevatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Til Rongkleivstøylen er det i dag 2,5 km skogsbilveg. Det var og rimeleg lett stølsveg tidlegare, truleg kjerreveg til Langevatnet.

Bruk av stølen

På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett), er ei stølsliste frå 1930-åra. Der er nemnt at fram til kring 1865 hadde begge bruka støl der Rongkleivstøylen ligg no. I same stølslista er og nemnt "Gamlekjellen" som skulle vere ein vårstøl som var nedlagt kring 1910. Den skulle ligge ca 1 km vest for garden i høgde ca. 350 m o.h. og skulle ha vore ein tidlegare tjørehjell.

Stølsdrifta var som vanleg på mjølkestølar på Vestlandet. Stølsjentene gjekk til støls om kvelden, mjølka om kvelden og om morgonen og bar rømmen heim. Vårstølen låg så nær garden at dei truleg gjekk heim både kveld og morgon. Kring stølane var gode fiskevatn og gode jaktmarker slik at stølane var sentrale ved jakt og fiske. Dette er dei framleis.

Nokre fakta

Rongkleiv, gard nr. 21, Hyen sokn, hadde 2 bruk i 1890. I 1865 var det 24 personar på garden. Dette talet hadde auka til 27 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 238. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR