Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Hyllestad kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Hyllestad.

Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff  handel og pensjonat. Han var ordførar i Hyllestad i 27 år.

Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han var ordførar i Hyllestad i 27 år.

Eigar: Einar Varli.

Datering: 1900.

Fotograf: Ukjent.

Hyllestad kommune i 1905

Hyllestad kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Hyllestad (hovudsokn), Bø og Øn. I 1900 var folketalet 2475. Hovudnæringa var jordbruk i samband med fedrift og noko fiskeri i dei ytre strøka. Av industri var Storaker sag og møllebruk i Storakersund, og Gjertsen et Co som dreiv trelastforretning med sagbruk og høvleri på Salbu. I Smilla vart det drive kalkbrenneri. Eit gjestgiveri fanst i Hyllestad (Hans L. Systad). Bank vart det ikkje i Hyllestad før i 1907. Det var fem postopneri, - Hyllestad, Leirvik, Lifjorden, Sørbøvåg og Storakersund, og rikstelefonstasjonar i Leirvik og Skor.

Fylkesbaatane hadde stoppestad i Hyllestad, Leirvik (Bøfjord), Sørbøvåg, Lifjorden, Storakersund og Skivenes. Kommunen hadde ingen hovudvegar, men det var køyreveg frå Leirvik til Skor, med ein vegarm til Hyllestad. Vegbygging føregjekk fleire stader; i Lifjorden, på nordsida av Åfjorden frå Sørbøvåg til Horne og inn i Ytre Holmedal.

"i spændt Forventning"

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Noreg og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvæntning nede ved Dampskipsanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange. Utvandringa til Amerika var ei anna aktuell sak. Frå Hyllestad emigrerte i åra 1904 og 1905 i alt 29 personar. Av desse var berre fire kvinner, resten var vaksne menn, dei fleste (18) i alderen 17 til 27 år.

Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet og bygging av sjukehus i Lærdal.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.

I Hyllestad pågjekk det på denne tida ymse vegbygging. Vegarbeidet frå Sørbøvåg i Åfjorden til Horne og vidare til Ytre Holmedal var i gang, og vart omtala i kommunestyret gong etter gong. Det kom krav om at berre innabygds folk skulle tilsetjast som vegarbeidarar.

Eit mykje større oppslag fekk Loenulukka natt til 16. januar då eit fælsleg ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og lærar Johannes Ottesen som hadde vore ordførar sidan 1894 tok attval. Eivind Broch vart ny sokneprest i 1904. Ole Schjesvold hadde vore lensmann frå 1873. Dampskipsekspeditør og postopnar Knut Wolff i Leirvik var 5. varamann til Stortinget frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906.

På Salbu budde Andreas Gjertsen, industrigrunnleggjar og politikar. Han dreiv sagbruk, høvleri, trelastforretning og grunnla seinare eit heilt lite industrisamfunn.

Lag og organisasjonar

I Hyllestad var her i 1905 eitt politisk lag (Venstre). Ungdomslag var det enno ikkje skipa, men første åra etter kom det frilynde ungdomslag både i Bøfjorden og i Hyllestad. Misjonsforeiningar og -lag var det i alle bygdene. Me har registrert sju i 1905.

Då striden kring unionsspørsmålet kveste seg til, vart det skipa mange skyttarlag kringom i landet. I 1905 veit me veit om minst fem i Hyllestad kommune: Bøfjord, Ulvik, Hyllestad, Åfjorddalen og Lifjord skyttarlag. Det kan ha vore fleire.

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Ved gudstenesta i Øn kyrkje tala sokneprest Borch denne dagen over teksten: "I dag er nådens dag".

7. juni 1905

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk kringopm i landet venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare, men kommunestyret i Hyllestad mottok ikkje dei ikkje den prenta kunngjeringane før 19. juni. I kommunestyremøte i Hyllestad den 5. juli vart Stortinget si kunngjering til det norske folk av 7. juni lese opp som første sak.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november da folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Hyllestad valsokn tilsvara dåverande Hyllestad kommune. Valstyret var samansett av: Ole Schjesvold (formann), Johannes Ottesen, Knut Wolff, Karl Rutle, Peder Ytrefjord, A. Ringstad, Hermund H. Selvig og Jonas Sørefjord.

I begge røystingane var det tre røystestader, nemleg kyrkjene i Hyllestad, Bø og Øen. Oppteljinga gjekk føre seg samla.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Det var gudsteneste ved Hyllestad kyrkje denne dagen, og sokneprest Broch tala over teksten: "Et godt tre bærer gode frugter. "

I fylgje valprotokollen for Hyllestad vart røystinga kunngjort ved opplesing på kyrkjebakken, omsending av bodstikker og oppslag kringom i kommunen.

Alt var lagt til rette for at veljarane skulle nå fram til urnene. Amtsbåtane annonserte fri reise til vallokala (menn over 25 år), og det var enkelte ruteendringar, som for dampbåten i rute B: Berge-Førde der rutetida vart endra til laurdag 12. august i staden for valdagen sundagen, så folk skulle koma tidsnok til valurnene.

Resultatet i Hyllestad valsokn:
Av 513 som hadde røysterett, vart det avgjeve 473 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 92,4. Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten 88, 7 og berre tre røysta nei.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster, 368 208 ja, 184 nei.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905, men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar, mellom anna ved at listene låg ute i avisredaksjonane. I Leikanger kyrkje veit vi at kvinnene kunne skriva seg på utlagde lister i sakristiet i samband med gudstenesta før røystinga.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Også denne røystinga vart kunngjort ved opplesing på kyrkjebakken i dei tre sokna, ved oppslag på sentrale stader og på annan måte. Røystinga gjekk over to dagar, søndag 12. og måndag 13. november.

Resultatet av folkerøystinga i november for Hyllestad valsokn:
Av 511 med røysterett, vart det avgjeve 429 godkjende røyster. Det gjev eit frammøte på 84 %. Av desse røysta 412 ja (for kongedømme), det er 96 %. 17 røysta nei (for republikk). I nabokommunen Lavik var stemninga meir republikansk, der ville 40,5 % ha republikk.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Prins Carl hadde fått det svaret han ville ha for å ta på seg oppgåva som Norges konge.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november, der tusenvis av feststemde menneske venta.

Nasjonal takkegudsteneste 7. desember

Torsdag 7. desember 1905 - halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst vera Salmane 118, 23-26 og rådde til å bruka Blix si fedrelandssalme. I kyrkja i Hyllestad var det takkegudsteneste den 7. desember om føremiddagen, og om ettermiddagen samla folk seg i Bø kyrkje. Mange stader i landet skipa dei også til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.

kjelder:

Soknepresten i Hyllestad: Dagsregister.


Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Hyllestad valsokn.


Helland, Amund. Norges land og folk: topografisk-statistisk beskrevet over Nordre Bergenhus Amt. Del II. Kristiania 1901.


Nordstrand, Ingemar: Kongetru hyllestadingar i 1905. I Sogeskrift for Hyllestad 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR