Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jernvinna ved Seltuftvatnet



Ved austenden av Seltuftvatnet, vel 800 mo.h., har folk gjennom lang tid funne jernslagg og brende leirstykke på stranda. Men det var fyrst etter arkeologiske granskingar i 1980-åra ein fekk forklåring på kva dette var. Slaggklumpane og den brende leira kjem frå nokre låge haugar på grusterrassen ved stranda og høyrer til eit førhistorisk jernvinneanlegg. Det var i drift for bortimot 2000 år sidan og er eitt av dei eldste i landet.

Ved enden av Seltuftvatnet, vel 800 moh., finst spor etter 2000 år gamal jernproduksjon. Jernvinneanlegget, som vart granska arkeologar i 1985, ligg ved strandkanten i inste vika til høgre. Biletet er teke frå "Rallarvegen".

Ved enden av Seltuftvatnet, vel 800 moh., finst spor etter 2000 år gamal jernproduksjon. Jernvinneanlegget, som vart granska arkeologar i 1985, ligg ved strandkanten i inste vika til høgre. Biletet er teke frå "Rallarvegen".

Eigar: Svein Indrelid

Datering: 1980-åra.

Fotograf: Svein Indrelid

Jernvinna

Kunnskapen om jernutvinning og smiing av jernreiskap kom hit til landet frå Sør-Skandinavia og Mellom-Europa nokre få hundre år før Kr.f. Råstoffa var myrmalm og ved, og malmen vart smelta isjaktomnar- jordgravne groper med ei skorsteinsliknande leir-røyr (sjakt) over.

Det var om å gjera å halda temperaturen under smeltepunktet for jern, men likevel så høg at avfallsstoffa i myrmalmen smelta. Til det trongst ein temperatur på mellom 1100 og 1300 grader Celsius. Det greidde dei ved å blåsa luft inn i underkant av sjakta ved hjelp av store blåsebelgar. Ein kan såleis seia at deiblesjernet ut or malmen, og prosessen vart på folkemunne kallajernblåster. Avfallsstoffa (slaggen) rann ned i gropa, og jernet samla seg i ein klump på botnen.

Malmrike myrar

I traktene kring Seltuftvatnet finst malmrike myrar. Det ser ein mellom anna av rustfarga vatn, ofte med ei tynn, oljeliknande hinne, i myrpyttar og bekkesig. Sjølve myrmalmen, som er felt ut på botnen, ser ut som mørk, raudbrun grus.

Etter at malmen var greven opp og teken ut or myra, vart han turka og brend - rausta. Ved raustinga vart malmen rensa, og det gjekk føre seg ein kjemisk prosess som gjorde at slaggen kunne skiljast frå jernet når malmen vart smelta i omnen.

Jernet var verdfullt

Når smeltinga var ferdig, kunne jernklumpen lyftast opp or den flytande slaggen med ei stor tang og hamrast ut og formast til jernbarrar. Slaggen vart tappa eller spadd ut, og gropa kunne brukast om att, til ein ny omn.

Jernbarrane var halvfabrikata og råstoff for reiskaps- og våpenproduksjon og var ei viktig handelsvare av høgt verde. I mellomalderen vart jernbarrar ikkje sjeldan brukte som betalingsmiddel i staden for pengar.

Utgraving på jernvinneanlegget

På jernvinneanlegget på Seltuftøyri fann arkeologane groper med rausta malm attmed restar av sjaktomnane. Av omnane låg berre botngropene og støttehellene for leirsjaktene på plass. Sjølve sjaktene vart tekne bort eller knuste når jernsmeden skulle ta opp jernet og hiva ut slaggen. Slaggklumpar og bitar av raudbrende leirvegger frå sjaktene låg strødd utover heile utgravingsflata og vitna om den verksemda som ein gong hadde vore her. Nokre stader låg det store dyngjer, fulle av slagg og kol.

Fleire omnsgroper, kolflak og andre strukturar vart daterte radiologisk. Dei syner at anlegget i alle høve var i drift på 100- og 200-talet e.Kr., truleg også på 300-talet.

Skogen vart borte

Botaniske granskingar av pollenkorn i myrane har synt at det stod grov furuskog ved Seltuftvatnet for 2000 år sidan. I seinare år har det berre vakse bjørk her. Men nede i myrane ligg røter og stammer og jamvel kongler av furu. Ei fururot frå myra på Seltuftøyri er radiologisk datert. Ho er nærare 6000 år gamal.

Kring Kr.f. vart det ei brå endring i vegetasjonsbiletet. Furuskogen gjekk brått attende og var på det næraste borte i fleire hundre år, før han kom att. Samstundes auka det på med planter som trivst der husdyr beitar. Det er all grunn til å tru at desse endringane har med jernvinna å gjera, truleg også med ei eller anna form for stølsdrift. Seltuft-traktene var tekne i bruk av folk som øydde skogen.

Eit skattefunn av jern

I 1984 vart det funne eit heil lager av jernbarrar, godt og vel 30 stykke, gøymde under ein liten heller i ei urd ved fjorden utanfor Fretheim - eit heilt lite skattefunn. Barrane er av ei form som var vanleg eit stykke ut i jernalderen. At dei kom frå eit jernvinneanlegg i Flåmsfjella er det lite grunn til å tvila på, men om det var jernsmedane på Seltuftøyri som har laga dei, er meir uvisst. Kvifor dei vart gøymde her i urda, og kvifor dei aldri vart henta att, får me neppe nokon gong vita.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indrelid, Svein: Jernalderfunn i Flåmsfjella. Arkeologiske Skrifter 4. s. 106-119. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. 1988.
Indrelid, Svein: Aurland Bygdebok. Soga om Flåm. Bygdi. Band 1. 2003.
Jacobsen, Harald - Follum, Jørn-R.: Kulturminner og skogbruk. Skogbrukets kursinstitutt, Biri. 1997.
Moe, Dagfinn: Pollendiagram frå Seltuft.

PERMANENT IDENTIFIKATOR