Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Riksvegen på Bremangerlandet



Samanhengande vegsamband på langs av Bremangerlandet med ferje til Måløy, kom i 1949. I 1977 vart Frøya knytt til riksveg 616, og ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes vart oppretta.

<p>Brua over Oldersundet, opna 22. august 1977.</p>

Brua over Oldersundet, opna 22. august 1977.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Første vegsamband på Frøya

Den første vegen som vart bygd i gamle Bremanger kommune av offentlege midlar, var vegen Steinset-Kalvåg-Frøynes på øya Frøya i perioden 1907-1912. Kalvåg var den gongen kommunesenteret og eit av dei større fiskeværa i fylket. Ofte var det samla ein stor fiskeflåte her. Vegen vart bygd for midlar frå Vårsildavgiftsfondet. Det var sildefiskarane som kravde veg, slik at dei kunne koma fram til kasteplassane i Frøyskjera landevegen, når uvêr hindra dei i å fara sjøvegen.

Stykkevis vegbyggjing

I åra 1920-1949 vart det bygd fleire bygdevegar på Bremangerlandet. Nokre av vegane vart til og med bygde på dugnad. Kommunen forskotterte ein del, men stordelen av midlane kom likevel frå naudsmidlar og midlar til vegar i sjøbygdene. Løyvingane var små, og vegbyggjinga gjekk difor seint. I 1927 var det ferdig veg mellom Dalsbotn og Kanalen. I 1931 var det ferdigbygd veg på strekningen Kanalen-Førde-Fossane.

Ytre hovudsamband: Florø-Måløy

Eit ytre hovudsamband mellom Florø og Måløy var planlagt på strekninga Florø-Årebrotsvåg-Sørbotn-Smørhamn-Rydland-Førde-Dalsbotn-Oldeide-Måløy. I mai 1935 starta arbeidet på vegen Dalsbotn-Oldeide, og i 1939 vart parsellen Smørhamn-Rydland påbyrja. Anlegget vart teke ut av vegplanen av 1921, men seinare teke inn att av di arbeidet høvde godt som naudsarbeid. I tillegg kom det krav om betre samband med Måløy. Opphaveleg var vegen tenkt som bygdeveg, men etter fleire søknader frå Bremanger kommune, vart vegen bygd som hovudveg.

Samband med Måløy

I 1949 var vegen ferdig, og Bremangerlandet fekk sitt første landverts rutesamband med buss på strekninga Bremanger-Oldeide og ferje i trekantsambandet Oldeide-Deknepollen-Måløy. Ferjesambandet var eit av dei første ferjesambanda i Nordfjord. I 1956 var vegen mellom Rydland og Smørhamn ferdig, og det kom bussrute mellom Bremanger og Smørhamn, der det var båtsamband til Florø. Bremangerlandet hadde no fått samanhengande veg frå sør til nord. Vegen vart seinare riksveg 616.

Veg til Frøya

På Bremangerlandet budde det på 1970-talet om lag 1800 menneske, og på Frøya om lag 650. I januar 1972 starta arbeidet med å knyta Frøya til riksvegen med Oldersundet bru og Hamrøy bru. I tillegg vart det bygd ferjekai i Smørhamn. Ferja mellom Smørhamn og Florø byrja vinteren 1974. Samferdselsminister Ragnar Christiansen klipte snora over Oldersundet bru 22. august 1977. Heile anlegget kosta 20 mill. kroner. Vegen gav ny stimulans til distriktet.

Ferjesamband Smørhamn-Kjelkenes

I 1977 kom det ferjekai på Kjelkenes, og ein fekk ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes-Florø (og delvis Botnane). Florø vart sløyfa i 1987, då Norddalsfjordbrua opna. På Kjelkenes mangla det rett nok ei moderne ferjekai. Dei nytta ei gamal steinbryggje og bilane måtte køyra om bord på såkalla sliskar (to breie plankar). Først i 1987 fekk Kjelkenes ei ny og tidhøveleg ferjekai.

Tillegg 2014: Ferjesambandet Smørhamn – Kjelkenes vart nedlagd i 2013 samstundes med at vegstrekninga Bremanger II (ny veg Rugsund – Svelgen) opna. (Bremanger 1, Bremangerlandet – Rugsund med tunnell under Skatestraumen opna i 2002).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Bremanger herad 1866-1966. Bremanger sogenemnd 1966.
Riksveganlegget Bremanger-Kalvåg. I Vegstubben, s. 10-11, nr. 3-1973
Skjånes, Knut: Opning av vegsambandet Smørhamn-Kalvåg. I Vegstubben, s. 31-32, nr. 3-1977.
Handeland, Olav: Ny ferjekai på Kjelkenes. I Vegstubben, s. 29-40, nr. 3-1986.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Selja Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR