Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Øn kyrkje



Øn kyrkje er ei langkyrkje i tegl og betong som står i bygda Sørbøvåg ved Åfjorden. Kyrkja, som har 370 sitjeplassar, vart vigsla 15. juni 1958 av biskop Ragnvald Indrebø. Arkitekt Ole Halvorsen teikna kyrkja, som er den fjerde i rekkja. Øn kyrkje var soknekyrkje for Øn sokn i Hyllestad prestegjeld fram til 1. januar 2001, då vart dei tre sokna i Hyllestad slått saman til eitt.

Frå bygginga av Øen kyrkje i Sørbøvåg. Bygginga starta i 1957 og 15. juni 1958 vart kyrkja vigsla. Her er skipet og tårnet komne på plass, og takstolane er i ferd med å bli monterte.

Frå bygginga av Øen kyrkje i Sørbøvåg. Bygginga starta i 1957 og 15. juni 1958 vart kyrkja vigsla. Her er skipet og tårnet komne på plass, og takstolane er i ferd med å bli monterte.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-96042.0086.

Datering: 1957-1958.

Fotograf: Ukjend.

Lokaliseringsstrid

Spør du bygdefolket om kva dei synest om kyrkja si, vil alle ha eit kvart pent å seie. Men dei fleste får djupe furer mellom auga når nokon kjem inn på plasseringa. For fram til 4. november i 1940 låg Øn kyrkje oppe på ein stor morenehaug, med utsyn både innover og utover fjorden. Men så brann kyrkja ned til grunnen. Då den nye omsider vart bygd, var det på ei tomt fleire kilometer unna, i sentrum av Sørbøvåg.

Striden om kvar dagens Øn-kyrkje skulle reisast er nok kanskje den hardaste kyrkjetomtstriden som har førekomme i Sogn og Fjordane fylke. Ein tragisk strid, meiner bygdefolket sjølve. I dag meiner dei fleste at kyrkja står på feil stad. Føresetnadene og argumenta for flytting viste seg i ettertid å vere heller uvesentlege.
Fyrste gongen det vart røysta over kvar den nye kyrkja skulle reisast, meinte fleirtalet at kyrkjestaden skulle vere der han hadde vore. Men saka drog ut før arbeidet kom i gang, for det var vanskeleg å skaffe pengar. I mellomtida gjekk det føre seg ein dragkamp mellom folk i ulike delar av bygda, og det vart valt eit nytt sokneråd som vedtok at det skulle haldast ny røysting. Folkemeininga vest i kommunen var at kyrkja måtte byggjast opp att på Sørbøvåg. Grovt sett gjekk skiljet mellom kva folk meinte langs Salbuelva. Den avgjerande røystinga vart halden 15. mai 1947. Røystetalet for Øn som kyrkjestad var 157, medan heile 272 stemte for Sørbøvåg. Dermed var saka avgjort.

Gratis kyrkjetomt

Eit viktig argument var at Sørbøvåg hadde betre hamnetilhøve enn Øn. Presten måtte ofte til Sørbøvåg og få skyss derifrå og ut til kyrkja. Argumentet fekk gjennomslag trass i at bilbruken var aukande. Det andre argumentet, særleg for dei som budde i Skifjorden, var at Sørbøvåg var ein meir sentral stad i soknet enn Øn. Og det vart ikkje noko dyrare å byggje kyrkja opp att på Sørbøvåg, ettersom dei hadde gratis tomt til rådvelde der. Tomta fekk kyrkjelyden i gåve frå Johanne Sørebø. Vilkåret for kyrkjetomta var at ho ikkje vart nytta til noko anna enn ny kyrkje. Endeleg vedtak vart altså gjort, og det skapte ei djup splitting.
I dag er dei fleste samde om at den nye kyrkja burde ha vore reist på branntomta. Ingen stad er utsikten flottare enn på høgdedraget der gravstaden og eit lite gravkapell i dag står og minner om det som var. På inngangsporten står årstalet 1228, året då den fyrste Øn kyrkje etter det ein veit vart reist på denne tomta.

Kyrkja står "feil veg"

Dagens kyrkje i Sørbøvåg vart vigsla 18 år etter at den førre kyrkja brann ned. Når sjølve kyrkjenamnet vart verande Øn, er forklaringa at soknet har hatt same namnet i 700 år. Difor var det ingen som ønskte å endre namnet verken på soknet eller kyrkja. Og dessutan er gravplassen der han har vore, på Øn. Der det på midten av 1960-talet vart reist eit gravkapell på den gamle kyrkjetufta.
Øn kyrkje er ei av svært få som er plassert med inngang frå aust og koret mot vest. Slik vart ho bygd av reint praktiske omsyn. Også når ein kjem inn i gudshuset, er det noko som ikkje stemmer, nemleg at preikestolen er på "feil" side. Nesten utan unnatak står preikestolane på høgre sida i kyrkjerommet. Men sidan sjølve kyrkja også er snudd, står på eit vis preikestolen likevel rett plassert, på det som ville vore sørsida dersom kyrkja stod i den vanlege aust-vest-retninga.
Øn kyrkje vart bygd like før dei nye, moderne arbeidskyrkjene tok form. Betongkonstruksjonen vitnar om nye tankar omkring materialvalet, og alterbiletet i korveggen er laga i enkel glasmosaikk og viser også ei ny og moderne haldning til uttrykksforma. Elles er kyrkja nokså tradisjonell i utforminga.

Interiør og inventar

Korinngangen er svakt boga, elles har både kor og skip flatt tak som skrånar ut mot sidene. I skipet er taket inndelt i blå felt med kvite kantar, i koret er hovudfargen raudbrun. Veggene er kvitmåla, med brystningspanel over det heile. Kyrkjebenkene er måla raudbrune på sidene og er elles i ein gråtone. Preikestolen har fem av åtte sider i oktogonforma, og har den same hovudfargen som kyrkjebenkene. Døypefonten er i tre og har ein grønfarge som ein finn att i dei innramma felta på gallerifronten. Veggene i skipet har kvar sine tre store vindauge, kvart av dei inndelte i tre felt med grønfarga glas som innramming. Kyrkja har ikkje vore oppussa sidan ho var ny, og murpussen viser (i 1999) teikn på slitasje både ute og inne. Utvendig er taket dekt med skiferheller, med unnatak av tårnspiret som er kopartekt.

Altertavla er eit krusifiks av ukjent opphav. Vindauge med farga glas med ulike stjerneformer er bakgrunnen, og framfor krusifikset står ein sjuarma lysestake. Alterlysestakane er i sølv.
Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne i sølv. Dåpsfatet og dåpsmugga er òg i sølv. Kyrkja har ei kyrkjeklokke. Alt inventar er frå 1958, året kyrkja stod ferdig.
Orgelet er frå 1914 og har seks stemmer.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR