Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. oktober 2006

Sist oppdatert 18. februar 2019

Kategori

Kommune

Fjellstølen i Supphelledalen



Den fremste garden i Supphelledalen heiter Supphella. Garden er delt i to bruk, Øvste Supphella og Nedste Supphella. Bruka hadde stølsdrift på same stølane, Heimastølen og Fjellstølen framme i Supphelledalen.

Landskapet på Fjellstølen 2006. Det går ikkje dyr på beite og heile stølsområdet er prega av attgroing.

Landskapet på Fjellstølen 2006. Det går ikkje dyr på beite og heile stølsområdet er prega av attgroing.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Fjellstølen 2006
Bilvegen i Supphelledalen går fram til fonna under Supphellebreen. Vel 500 m før vegen sluttar går det ein sideveg med bru over Supphelleelva til Heimestølen. Her byrjar ein merka turistveg inn dalen og over til Veitastrondi. Fjellstølen ligg rundt 2 km lenger framme.

Natur- og kulturlandskapet har endra seg sidan det var stølsdrift på Fjellstølen. I 2006 ber stølsområdet preg av attgroing med gras og annan vegetasjon i frodig vokster. Her er ein steingard, murane etter sel, eitt sel som er sett i stand i seinare tid og ei hytte av nyare dato.

Skjerma for snøras
Fjellstølen ligg i eit rasfarleg område med ikkje mindre enn tre skreder rett over på andre sida av elva, Stølsskreda, Svartøyskreda og Langeskredene. Dei måtte ta omsyn til skredfaren når dei valde plass for stølshusa. Fjellstølen er eit særs godt døme på korleis dei gamle stølsbrukarane både tok omsyn til naturtilhøva og tilpassa seg. Alle tre sela stod i si tid trygt skjerma bak veldige steinar i fremste enden av stølsområdet.

Stølsregistrering i 1936
I 1930-åra vart alle stølane i landet registrerte i prosjektet Sætrar og Sæterbruk i Noreg. Det var Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforskning i Oslo som gjennomførte registreringa. Registratorane henta inn opplysningar frå lokalkjende personar. Anders Skåsheim frå Balestrand noterte desse opplysningane om Fjellstølen i Supphelledalen:

Stølen var fjellstøl for bruk 1 og 2, låg i Suphelledalen, hadde namnet Suphellefjellstølen, men vart óg kalla Storegranden.

Ingebrigt Supphellen si forteljing
Ingebrigt Supphellen skreiv i 2004 om stølsdrifta i Supphelledalen i Fjærland Sogelag sitt årshefte Dar breadn kalva. Han brukte Kari Supphellen (f. 1911) og Anders Supphellen (f. 1908) som kjelder. Forteljinga hans er her attgjeven slik ho står i årsheftet i med nokre små endringar.

Fire veker
«Buforingi frå Heimastølen føregjekk som oftast rundt olsok. Her vart dei verande i om lag fire veker, alt etter som vêret var. Av ting ein måtte ha med var sengklede, koparkjelar, kinna, vassele, mjølkebytter, øks, sag, m.m. Dette måtte ein klyvja fram. Etter at ein fyrst på 1930-talet byrja å levera mjølki på Heimastølen til meieriet, vart koparkjelar og kinna fast stasjonert på Fjellstølen."

Sela bygde av gråstein
"På Fjellstølen var det berre sel og ikkje fjøsar. Sela var murte av gråstein, med tak av never og torv. Ein gong (når?) Kari Ølmheim (kven?) var budeia, brann selet til Nedste Supphella ned, men det vart bygd opp att same sumaren."

Smør og ost
"Kyrne vart mjølka ute på Storegranden, Holene eller Stølsskreda, alt etter kvar dei hadde beita. Mjølki vart foredla til smør og gamalost. Det var som regel ysting tredje kvar dag. Desse dagane var ikkje budeia heimatt. Andre dagar var ho heimatt og deltok i arbeidet på garden. Kor ofte ein klyvja var alt etter behovet, og etter som det høvde med anna arbeid heime på garden. Mysa vart også klyvja heim, og lagra til seinare bruk for folk og beist."

Mat og stølshelg
"På Heimastølen hadde dei ikkje med mat. På Fjellstølen bestod maten for det meste av flatbrød, spekekjøt, smør og røykesild. Rjomekopp var søndagsmat. Stølshelg var vanleg før, var ikkje i faste former den siste generasjonen stølen var i bruk."

Slutt i 50-åra
"Fjellstølen var i bruk fram til siste halvdelen av 1950-talet. Dei siste åri klyvja dei mjølki heim og leverte ho på meieriet på Bøyum.» (Så langt Ingebrigt Supphellen)

Spor etter eldre stølar
Det er spor etter sel to stader lenger framme (inne) i Supphelledalen, Mikkjelstølen og Gamlestølen, høvesvis 1,5 km og 2 km frå Fjellstølen. Begge stølane er nemnde som nedlagde fjellstølar i stølsregistreringa i 1936.

kjelder:

Supphellen, Ingebrigt: Stølsdrift i Supphelledalen. I Dar breadn kalva, Årshefte, Fjærland Sogelag, 2004
Opplysningar frå:
Ivar Supphellen, Fjærland, Sogndal.