Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Naustdal kommune



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Naustdal kommune

Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel, dampskipsekspedisjon og post. Til høgre for dette kan vi sjå hotellet som vart bygd på slutten av 1800-talet. Det var helst engelske laksefiskarar som budde på hotellet.

Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel, dampskipsekspedisjon og post. Til høgre for dette kan vi sjå hotellet som vart bygd på slutten av 1800-talet. Det var helst engelske laksefiskarar som budde på hotellet.

Eigar: Naustdal fotosamling. I Sogeskrift for Naustdal 2003
.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: O. Fauske.

Naustdal kommune i 1905
Naustdal kommune var i 1905 eit av kyrkjesokna i Førde prestegjeld. Til Naustdal kommune høyrde og område på sørsida av Førdefjorden (overført til Førde kommune i 1964). Vevring var i 1905 eigen kommune med område på båe sider av Førdefjorden. (I 1964 var området nord for Førdefjorden lagt til Naustdal kommune.) Vevring kommune var også eit av kyrkjesokna i Førde prestegjeld.

I 1900 var folketalet i Naustdal kommune 2598 og i Vevring kommune 1189. Jordbruket var den viktigaste næringa. Korn og potet var dei viktigaste åkerprodukta. Husdyrhald var også ei viktig næring. I Naustdal kommune er det fleire elver, og det har vore næringsverksemd knytt til elvane. I Ervik (som i dag ligg i Førde kommune) var det sagbruk og høvleri og i Naustdalsfossen mølle og trevarefabrikk. Kommunen hadde sin eigen bank; Naustdal sparebank skipa i 1903.
Naustdal var sentrum for eit vidt omland og hadde eit godt utval av butikkar. I tillegg til Naustdal sentrum var det også handelsplass på Tingneset i Vevring kommune.

Naustdal kommune hadde i 1905 tre postopneri (Helle, Ervik og Naustdal). Fylkesbåtane hadde stoppestad i Helle, Ervik og Naustdal. I den delen av Vevring som i dag høyrer til Naustdal, var det postopneri og stoppestad for fylkesbåtane i Vevring. I tillegg til fylkesbåtane var det fleire private båtruter på Førdefjorden. Lokalbåtane frakta folk og varer til og frå dei mindre stadene der fylkesbåtane ikkje la til kai. I 1905 var fjorden den viktigaste ferdsleåra. Heile Vevring kommune var i 1900 utan køyrbare vegar. I Naustdal kommune var det køyrevegar innover einskilde dalføre frå Førdefjorden.

"i spændt Forventning"
I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Noreg og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Folk stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk, engasjerte mange, det same gjorde utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging, og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.
Det er ikkje mykje stoff om Naustdal i avisene kring 1905, men nokre nyhende er omtala i avisa Sogningen. 23. desember 1904 kunne dei fortelje at "i Naustdal har herredsstyret besluttet Oprettelse af en Kommunelægepost." Under overskrifta "Ein kommune, som stræber fremover" kunne Sogningen vidare fortelje at "i Naustdal har man, siden herredet i 1896 blev skilt fra Førde, bygget 3 store, pene Skolehuse, et stort Skole- og Kommunehus, bevilget Bidrag til Omlægging av Bygdeveie beregnet til kroner 125,000.00, oprettet egen Brandassuranceforening, faaet sin egen Sparebank og fra Nytaar 1905 sin egen Kommunelæge."

I 1904 var det avstemning om innføring av Blix-salmane i Naustdal. Fleire kommunar i fylket tok i bruk Blix-salmane i åra rundt 1905, men i Naustdal vart salmane nedrøysta med stort fleirtal.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og i Naustdal vart Gunder B. Thune vald til ordførar. Jonas Rein Landmark var sokneprest i Førde prestegjeld og Ludvig Solheim residerande kapellan i Naustdal. A. Steen var lensmann. I Vevring vart Andreas Hegrenes vald til ordførar. L. Røiseth var konstituert lensmann for Vevring.
Gunder B. Thune, ordførar i Naustdal frå 1896-1907 var ein ivrig debattant, foredragshaldar og skribent. Det var først og fremst avisa Nordre Bergenhus Amtstidende Thune skreiv for.

Lag og organisasjonar
I det som i dag er Naustdal kommune var det i 1905 eit aktivt lagsliv. Kommunen hadde 5 ungdomslag; Vårbod (skipa 1897), Framsteg (1885), Kvellestad (1893), Midtreldalen ( 1893) og Åse (1900), 3 skyttarlag; Instedalen (1894), Midtredalen (1903) og Naustdal (1889), fråhaldslag, kvinneforeiningar, misjonsforeiningar, mannsforeining og sundagsskule. Det var også eit eige venstrelag i kommunen, skipa i 1900. Naustdal mållag vart skipa i 1904. Fleire av ungdomslaga i Naustdal var med i Sunnfjord ungdomslag som mellom anna arrangerte årlege ungdomsstemner. Om stemnet i 1905 (i Eikefjord) står det i Sunnfjord Ungdomslag 25 år at "dette var ei overlag gild stemna. Det var daa det store frigjeringsaaret og eldhugen laag i lufta. Det gjorde sitt baade paa talarar og lyden".

Det første ungdomslaget i Naustdal, Framsteg, vart skipa i 1885. Jacob Slettemark skreiv i 1923 i Sunnfjord Ungdomslag 25 år (s. 65-66) om skipinga av ungdomslaget: "Men den tid det bar so til at kongen kravde absolut veto [1880-talet], daa var det ogso i Naustdal nokre unge menn som hadde slaatt seg til det folkepartiet Johan Sverdrup var førar for, og desse var inderleg samde med sin merkesmann i at no laut'n Oscar alt stogge paa. Det var nemleg grunnlova si meining, at det i grunnen var folket sjølv som skulde styre her i landet ved sine valde umbodsmenn, og ikkje ein dispotisk svensk-norsk konge."

Vidare skriv Slettemark at "men skulde dette demokratiske syn faa framgong og verta til røyndom, so laut folket faa meir opplysning". Dette vart ungdomslaga si rolle. Ungdomslaga arrangerte diskusjonsmøte og engasjerte ungdommen "..i eit systematisk arbeid for alt som kunde adle og lyfte folket og gagne fedrelandet".

17. mai 1905
Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Rundt om i heile landet tok talarane føre seg Eidsvoll og Grunnlova og nasjonalt sjølvstende i større alvor og med større begeistring enn nokon gong.
I Søndfjords Avis vart det 20. mai, referert til 17. mai feiringa i Naustdal: " Fyre middag talad skulelærar Øvrelid i kyrkja. Eit orgel var sett inn i kyrkja for dette høve. Den framifraa gjilde tala, salmesongen, orgelspelet og nasjonalklædi - alt gjorde sitt til at denne kyrkjeferdi vart sers høgtideleg. Etter møtet i kyrkja gjekk skuleborn og ungdomslag og andre i fylgje upp til Horstad skulehus. Der held lærar Emhjellen tala for dagen. Ei greid og eldfull tala. Sidan talad kykjesongar Erdal sandt og godt um fedrelandselsk, ikkje paa festar i tale og song berre, men ogso og framum alt i vaare tiltak i kvardagslivet."

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Dei norske avisene heldt lesarane sine oppdaterte på den spente situasjonen mellom Noreg og Sverige gjennom heile året 1905. I Naustdal kunne lesarane av Søndfjords Avis 20. juni 1905 lese dette:
"Den Mærkepæl i Noregs Historie som det norske Storthing satte ved 7de Juni-Beslutningen, har sat et imponerende Præg paa Nationen. (..) Nationen er gjenfødt. Dæmningen for de gjærende, ulmende Kræfter hos det norske Folk blev sprængt. Og den sprængtes ikke ved Revolution, ved Ødeleggelse; men ved Folkets Opvaagnen til kraftigere og mer udviklende Virke i Enighed og Frihet. Det er kun en Retfærdighedssag som er skeet fyldest."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seie ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svare ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Førde valsokn tilsvara dåverande Førde, Naustdal og Vevring kommunar. Valstyret var samansett av: lensmann A. Steen (formann), L. Røiseth, O. M. Erdal, O. Schei. O. Eikeland, R. Gjerland, Olai Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad, R. Grimeland, A. G. Hegrenes, G. M. Holsen, Andr. Vefring, L. Botnen, Anders Sæle og L. T. Farsund.<br/ > O. Schei, O. Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad og Anders Sæle var alle med i Naustdal kommunestyre mellom 1905 og 1907.

I begge røystingane var det 4 røystestader:
a) i Holsen kyrkje, b) i Førde kyrkje, c) i Naustal Kyrkje (ved folkerøystinga i november vart det halde avstemning i Naustdal kyrkje 12. november og i Naustdal kommunelokale 13. november) og d) i Vevring. Røystinga i august gjekk føre seg i Vevring skulehus, medan det i november var røysting i Vevring kyrkje. Oppteljinga føregjekk felles i Førde.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Resultatet i Førde valsokn: Av 1 308 som hadde røysterett, røysta 1 169 (89,3%). 3 røyster vart forkasta. Alle røysta ja.
I Naustdal særskilte stemmemøte, leia av ordførar G. B. Thune, vart det motteke 387 stemmer og 47 forfaldsmeldingar. I Vevring særskilte stemmemøte, leia av konstituert lensmann L. Røiseth vart det motteke 208 stemmer og 32 forfaldsmeldingar.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei).

I Naustdal var det folkerøysting i Naustdal kyrkje. Avstemninga tok til kl. 1 - etter den vanlege sundagsgudstenesta. I presten sitt dagsregister (dagbok) står dette om dagen 13. august i Naustdal: " Prædiken om ordet Ikke enhver som siger til mig: Herre, Herre etc. Mundkristendom - gjerningskristendom - hjertekristendom. Fra prædikestolen mindedes om den samme dag afholdendes folkeafstemning og indskjærpedes enhver stemmeberettiget borgers pligt mod fædrelandet. Kirken var festlig smykket. Gud velsigne alle dage Norges land og folk.".

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

I Søndfjords Avis vart det 10. august trykt ei oppmoding frå Landskvinnestemmerettsforeningen til kvinner om å skrive seg på lister:
"Norske Kvinder!
Landskvindestemmeretsforeningen har allerede gjennem Adresse til Storthing og Regjering udtalt sin Tak til Statsmagterne for hvad der af disse er gjort for at opretholde vort Lands Selvstændighed og Selvbestemmelsesret. Medlemmerne ønsker yderligere at føie sit Ja til de Mænds, der har Ret til at deltage i Folkeafstemningen den 13de August, idet de med dyb Overbevisning er med at slaa Ring om 7de Juni-Beslutningen.
Samtidig retter Foreningen en Opfordring til alle Landets Kvinder om at slutte sig hertil ved at indsende sine Navne."
Avisene var sentrale for å få ut informasjon om aksjonen, og sjølv om vi ikkje har opplysningar om kvinneaksjonen i Naustdal er det ikkje usannsynleg at også kvinner frå Naustdal og Vevring skreiv under på lister.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
Resultatet av folkerøystinga i november for Førde valsokn: Av 1301 med røysterett, røysta 1078 (82,8%). 7 røyster vart forkasta. 981 (91,6%) røysta ja (for kongedømme), 90 (8,4%) røysta nei (for republikk).
I Naustdal særskilte stemmemøte, leia av ordførar G. B. Thune, vart det motteke 368 stemmer og 34 forfaldsmeldingar. I Vevring særskilte stemmemøte, leia av konstituert lensmann L. Røiseth vart det motteke 191 stemmer og 21 forfaldsmeldingar.

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England, og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og sonen Alexander fekk namnet Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

På vegne av folket i Sogn og Fjordane sendte Amtmann Utheim telegram til Kongen og Dronninga. Slik vart det attgjeve i Søndfjords Avis 8. desember 1905:
"Amtmanden har paa Indtogsdagen 25. Nov. sendt Kongen og Dronninga saadant Telegram:
"Paa egne og Folkets Vegne i Sogn og Fjordene sender jeg Deres Majestæt min ærbødigste Hilsen med Ønske om, at Gud vil signe denne Dag til Lykke for Kongehus, for Folk og Fædreland".
Derpaa har han modtaget saadant Svar:
"Amtmand Utheim, Leikanger.
Dronningen og jeg sender Folket i Sogn og Fjordenes Bygder vor dybfølte Tak og vore varmeste Hilsener.
Haakon."

Nasjonal takkegudsteneste
På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Vi veit det vart halde slik gudsteneste i Naustdal kyrkje. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland".

Salmane 118, 23-24:
Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!

kjelder:

Avisa Søndfjords Avis. 20.05.1905, 20.06.1905, 10.08.1905 og 08.12.1905.
Avisa Sogningen. 23.12.1904.
Naustdal kyrkje 1891-1991. Naustdal sokneråd.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950.
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr. 3 2002.
Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.
Sunnfjord Ungdomslag 25 år Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Naustdal kommune. 1992.
Sunnfjord Ungdomslag: Sunnfjord Ungdomslag 25 år. Florø 1923.
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.
Statsarkivet i Bergen: Naustdal prestearkiv, dagsregister 1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR