Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ytre Bremanger landfast



I 1985 byrja Bremanger kommune arbeidet for å få vurdert ferjefritt vegsamband frå Bremangerlandet (ytre Bremanger) til fastlandet over Skatestraumen. Anleggsstart var 13. januar 1998, og 12. juli 2002 stod veganlegget ferdig. Det spesielle med anlegget var Skatestraumtunnelen, den første undersjøiske tunnelen i fylket.

Rugsundbrua (302 m) med Hornelen i bakgrunnen. Brua vart bygd etter fritt-fram-prinsippet. Då byggjer ein først brupilarane og støyper deretter brua seksjon for seksjon ut frå desse.

Rugsundbrua (302 m) med Hornelen i bakgrunnen. Brua vart bygd etter fritt-fram-prinsippet. Då byggjer ein først brupilarane og støyper deretter brua seksjon for seksjon ut frå desse.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 2002

Fotograf: Sverre Kjos Wenjum

Vegutløysing
Ytre Bremanger var på 1980-talet det største øysamfunnet i Sogn og Fjordane som ikkje hadde samband til fastlandet. Rundt 1800 menneske var avhengige av båt og ferje, både for å komma seg til kommunesenteret Svelgen og til resten av fylket. Vegsambandet ville vera svært viktig for den framtidige utviklinga av heile Bremangerlandet. Planleggjinga byrja i 1989, og i 1992 var planane godkjende av Vegdirektoratet.

Full "vegpakke"
Heile fastlandssambandet frå Klubben til Langesjø er delt i to byggjesteg. Første byggjesteg var veg frå Kolset på fastlandet til Klubben på Bremangerlandet. Andre byggjesteg omfattar strekninga Kolset-Langesjø som vil korta inn avstanden mellom Bremangerlandet og kommunesenteret Svelgen med over 3 mil. Andre byggjesteg er ført opp i handlingsprogrammet til Norsk Transportplan 2006-2015 med oppstart i 2009.

Første byggjesteg Kolset-Klubben
Kostnaden for første byggjesteg var 325 mill. kroner (2002-kroner). Finansieringa var frå ordinære løyvingar over statsbudsjettet. Arbeidet starta 13. januar 1998. Til saman var heile veglengda i overkant av 8 km, inkludert to tunnelar; Haukedalstunnelen og Krakeviktunnelen på til saman 537 m. I tillegg kom den undersjøiske Skatestraumtunnelen på 1890 m. Brua over Rugsund er 302 m.

Undersjøisk tunnel
Skatestraumtunnelen er den første undersjøiske tunnelen i Sogn og Fjordane, og kryssar under Skatestraumen frå Klubben på Bremangerlandet til Hamnen på Rugsundøy. Då ein planla Skatestraumstunnelen, hadde ein god erfaring med å byggja undersjøiske tunnelar i Noreg. I 1989 var det sju undersjøiske tunnelar i landet, og fleire var under planleggjing. I 2003 var talet på slike tunnelar 23. Tunnel under Skatestraumen ville verta billegare enn ei 850 m lang skråkabelbru, som var alternativet.

Utfordringar
På det djupaste går tunnelen 80 m under havoverflata, og det er 40 meter opp til havbotnen. Den største utfordringa var å få tunnelen tett. Det var og eit visst faremoment under tunneldrivinga å sikra at vatnet som strøymde inn, vart pumpa ut. Ein straumstans kunne få katastrofale følgjer. Under drivinga sprøyta dei sement i fjellet rundt til lekkasjane var på eit akseptabelt nivå. Vatnet som vart pumpa ut, vart reinska før det gjekk i sjøen av di dei nytta eit kjemisk middel i tetteprosessen. 99% av tunnellengda er isolert med vatn- og frostsikring.

Kulturminne
Skatestraumen er rik på førhistoriske kulturminne. Universitetet i Bergen kom tidleg inn i prosessen. Arkeologane konsentrerte seg om området ved Hamnen, men det vart og gjort utgravingar andre stader. I alt fann dei rundt 150 buplassar. 16 vart berørte av vegbyggjinga. Dei undersøkte 11 av desse og fann at dei eldste var frå eldre steinalder (ca 7500 år gamle), og dei yngste var frå folkevandringstida (ca 1600 år gamle). Kostnadene med utgravingane på 13 mill. kroner gjekk inn i prosjektet.

Opninga
12. juli 2002 stod anlegget ferdig og det var mogeleg å reisa til og frå Bremangerlandet utan å bruka ferje. Vegdirektør Olav Søfteland opna sambandet. Fylkesordførar Nils R. Sandal, ordføraren i Bremanger, Einar Kjerpeseth og vegsjef Lars Lefdal var til stades.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR