Ein gamal gard
Undredal er ein gamal gard, rydda i tida kring Kristi fødsel eller noko tidlegare. Garden ligg sentralt plassert ved fjorden, og her er ressursar i form av jord, skog og fjellvidder. I høgmellomalderen kan det ha butt kring 100 menneske i Undredal. På stølen Melhus har dei ein gong i tida dyrka korn, og på Langhuso, seks km oppover i dalen, ligg ei tuft frå 1200-talet. Her kan det ha vore fast busetnad ei tid. Alt på 1100-talet var det eit kapell i Undredal, seinare vart det ei kyrkje.
Folkeauke og bruksdeling
Etter Svartedauden i 1349/50 har det budd folk på garden i alle år, og i 1522 var det to brukarar. Det skulle peika mot 14-18 personar. Midt på 1600-talet var det fire bruk. Desse vart delte med jamne mellomrom, slik at i 1845 var det 10 bruk og kring 20 husmannsplassar, i alt 187 menneske. Bruka var heller små med ein gjennomsnittleg storleik på innmarka på 30 mål. I 1900 var det 12 bruk, nokre småbruk og 155 menneske på garden.
Produksjonen
I 1723 var avlinga 60 tønner blandkorn, og dei hadde 96 storfe og 67 småfe, sauer og geiter. Kombinasjonen av husdyrhald og åkerbruk var tenleg, for den verdfulle husdyrgjødsla vart nytta på åkrane. I 1845 var avlingane i Undredal, på bruka og husmannsplassane, 42 tønner byggkorn og 420 tønner poteter, og dei hadde 192 storfe, 356 sauer og 159 geiter. Det viktigaste husdyr-produktet var mjølk, og ho vart nytta til produksjon av ost og smør, koking av graut og anna.
Innmark, utmark og stølar
I 1860-åra vart kring ¾ av innmarka nytta til åkrar, for det meste til kornåkrar. I området utanfor innmarka, på begge sidene av fjorden og oppover i Undredalsdalen, beita husdyra om våren og hausten, og bøndene slo grasgangar og sletter og henta ut lauv og ved. Kring 1850 bar folka lauvet ned bratte lier på ryggen. Seinare skaffa bøndene seg løypestrenger. Det var stålstrenger, opp til 4-500 meter lange, og høy, lauv og ved vart frakta over berg og hamrar på desse.
I andre halvdel av mai månad drog folk og dyr to-tre km oppover dalen til stølen Melhus, og fire-fem veker seinare gjekk ferda til Langhuso, tre-fire km sør for Melhus. I august månad gjekk ferda til fjellstølane, Jonadalen, Nisedalen eller Grindafletene. Fjellstølane, unnateke Grindafletene, vart nytta fram til kring 1950. Når beita her var utnytta, drog folk og dyr tilbake til Langhuso, og 29. september; Mikkelsmessedag, for dei heim att til garden.
Etter 1900
Etter 1900 fall korndyrkinga bort, og geita vart det dominerande husdyret. Nokre husmenn kjøpte grunnen dei budde på og skaffa seg noko jord i tillegg. Desse småbrukarane kombinerte jordbruk og andre yrke, til dømes var arbeid ved jarnbana nokså vanleg. Stølane Melhus og Langhuso vart nytta på gamlemåten fram til kring 2000. I 2002 bygde tre brukarar nytt ysteri på Melhus, og her vert den kvite og brune geitosten produsert og lagra. I 1986 fekk Undredal bilveg opp forbi Langhuso og gjennom tunnel til Flåm. I dag er det drift på fem bruk, og folketalet er kring 85 personar.