Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Åstøylen



Åstøylen (sommarstøl) ligg ved Sletteelva som renn ut frå Dalevatnet. Den ligg ca. 400 m o.h. og høyrer til oppsitjarane på Å, gnr. 17. Stølen er plassert tørt og fint på ein bakke med myrlent skogsområde omkring.

Aastølen på bakkekanten.

Aastølen på bakkekanten.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I bygdeboka er eit bilete frå 1928 om "reiing" frå Åstøylen. Dei brukte hestar med kløv frå stølen og ned til Gjengedal. Der la dei salen att og brukte vanleg skysskjerre resten av vegen ned til Å. Heile turen tok tre timar. Dette vart gjort ein gong i veka. No går det lett på landevegen til Gjengedal og så 4 km på god skogsbilveg til stølen. Frå stølen er merka turløype ut i terrenget.

Bruk av stølen

Å ser ut til å ha støla fleire stader. Det er fortalt at Å hadde sommerstøl i Ådalen, ein sidedal til hovuddalen noko ovanfor Åtunet. Murar etter sela finst enno eit stykke opp i dalen. Vegen til stølen vart stengt av eit steinras og då fekk dei seg støl i Mjellemsmarka. Det er og oppdaga husmurar under dyrking på stølen oppe i Ommedalen. Det skal visstnok ha vore vår-/hauststøl til Å.

På Kulturnett for Sogn og Fjordane (Internett) er nemnd ei stølsliste frå 1930-åra. Der er nemnt 'Gamle Åstøylen ved Mjellheims-støylsvatnet'. Men dette kjenner korkje folk frå Å eller Mjellem til. På same lista er nemnt 'Åstøyl i Vasslia'. Der står at stølen er nedlagd og at det budde folk der i 1660-1720-åra. I dag er der støl for to bruk frå garden Gjengedal.

I bygdeboka står mellom anna at Vasslia etter alt å døme var rydja og busett i 1670-åra. Brukarane på Å hadde då støl her, og klaga på at folk busette seg på deira støl. Åstadsak blei halden i 1683 med dom som sa at Å hadde frå gamal tid hatt rett til beite og stølshus. Området vart nærare definert og Å skulle i dette området ha uhindra støl, beite og skogbruk. På eit bygdeting i 1726 vart det sagt om Vasslia at plassen vart rydja for 50-60 år sidan på Mjellheim si utmark. Folk hadde budd her somme tider - men plassen hadde innimellom lege øyde og ubrukt.

Etter som denne plassen var i bruk som gardsbruk i lang tid etter dommen i 1683, har truleg Åstøylen i Vasslia ikkje lege her (som no kallast Dalen eller Stordalen), men der som Åstøylen ligg i dag. Det er kring 3 km i luftlinje mellom dei.

På 1800-talet er det ikkje oppført at Å hadde geiter. Dette må dei ha hatt seinare, for det er nemnt at kvart bruk hadde to fjøsar, ein for kyr og ein for geit. Sauene låg ute på inste stølshaugen.
Det var lang veg heim og derfor kunne ikkje stølsjentene reisa opp og ned kvar dag som vanleg elles i distriktet. Den vanlege stølstypen med å bere mjølk eller rømme heim dagleg, er kalla mjølkestøl. Åstøylen vert då kalla fullstøl (fullseter) der mjølka vert vidareforedla til smør og ost. Ostetypane var gamalost, mysost og brimost (ein hard surmjølksost).
Dei var på støylen i 3 månadar frå Søftesok (slutten av juni) til Mikkelsmesse. I 1960-åra minka det etter kvart av på bruka som støla. For to år sidan var det 2 att. No er det berre eit bruk att som stølar.

Nokre fakta

Å, gard br. 17, Hyen sokn, hadde eit folketal på 43 i 1865. I 1900 var talet 40.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 185. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR