Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bødalssætra



Bødalssætra ligg like innunder Jostedalsbreen, opp og aust for garden Bødal i Loen. Bødalssætra vert i dag mykje nytta som utgangspunkt for turar på Jostedalsbreen. Fram til ulukka i 1936 var det omfattande stølsdrift på setra. Ein flaum i 1936 øydela gardane i Bødal.

Bødalssætra først i dette hundreåret. Sela tilhøyrer frå venstre: Sverre Sande (Knutebruket), Magne Beines (Jenstunet), Wilhelm og Eirik Bødal, Sigurd Nesdal, Erling Bødal, Otto Raudi og Samuelselet som Sigrun Greidung og Leif Mork åtte. Huset til høgre, lengst inne, er truleg eit fellesfjøs. Samuelbruket hadde fjøs i enden av selrekkja. I bakgrunnen ser me Bødalsbreen.

Bødalssætra først i dette hundreåret. Sela tilhøyrer frå venstre: Sverre Sande (Knutebruket), Magne Beines (Jenstunet), Wilhelm og Eirik Bødal, Sigurd Nesdal, Erling Bødal, Otto Raudi og Samuelselet som Sigrun Greidung og Leif Mork åtte. Huset til høgre, lengst inne, er truleg eit fellesfjøs. Samuelbruket hadde fjøs i enden av selrekkja. I bakgrunnen ser me Bødalsbreen.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-88005.0011.

Datering: 1900-1927.

Fotograf: Ukjend.

Hellelagd stølsgate

Bødalssætra ligg på ein vid og nesten flat voll i ein liten dal opp og aust for garden Bødal. Alle husa ligg samla i to rekkjer langs ei nesten 60 meter lang gate. Sela står på ei side og fjøsa på den andre. Eit fjøs, som no er borte, braut dette mønsteret. Det stod ved enden av selrekkja. Ved enden av gata mot aust står det ei turisthytte. Bortanfor denne syner murane etter ei eldre turisthytte som vart flytt til Kjenndalen.
Med mykje nedbør, mange dyr og mykje trakk, vart jordvollen og selbøen svært opptrakka, og det vart blautt og vanskeleg og gå. For å bøta på dette vart det lagt ned steinheller i gata mellom husa. Då heldt det seg reinare og turrare. Men det var ikkje gjerde kring husa så av og til måtte dei likevel sopa hellene når det vart for mykje mold og møk på dei.

Slapp unna onnearbeidet heime

I ein del av fjøsa vart det nytta steinheller til båsskilje eller båsflakar. Til vanleg vart slikt laga av tre. Kubanda var helst dei vanlege vidjebanda med klave av tre, men på Bødalssætra vart det òg nytta ein del heimesmidde klavar av jarn. Kyrne var mindre før. Det ser ein av storleiken på båsane. Dei fleste var knapt 70 cm breie.
Bødalssætra ligg så langt borte frå gardane at budeiene ikkje kunne gå heim om dagen for å ta del i onnearbeidet. Det var vanleg mange stader. På Bødalssætra låg såleis budeiene heile sommaren. Vegen opp var bratt og kronglete, og avdrotten vart kløvja heim ein gong kvar veke. Dei hadde fullt utstyr til denne transporten som kløvsal, kaggar, ambrar og lagga trekjerald som var laga nett for dette føremålet.

"Det var ikkje skikken her"

I tida mellom 1900 og 1936 hadde dei mange innleigde budeier. Ofte var det jenter frå dei ytre bygdene i Nordfjord. Dette var jenter som var ledige og som trengde å tena seg litt pengar. Det var sjeldan at døtrene på garden var budeier, og det hende mest ikkje at det var husmora. "Det var ikkje skikken her," sa dei. Kvinner som hadde problem med helsa, astma-allergi og liknande tok gjerne stølsarbeid for å koma i frisk og rein fjelluft. Sidan dei ikkje måtte heim og onna på dagtid, fekk budeiene på Bødalssætra meir tid til arbeidet på setra. Budeiene hadde det soleis ikkje så hektisk her som på mange andre setrar. Det var vanleg at bøndene samarbeidde slik at tre eller fire budeier stelte dei ni buskapane som var der fram til 1936. Etter den grufulle flaumulukka det året, vart det mindre med seterdrifta og etter kvart vart det heilt slutt. Flaumulukka øydela gardane og dermed grunnlaget for stølsdrifta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Notat av Hans Rand, 1999, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR