Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Leikanger kyrkje i Selje



Leikanger kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Leikanger på austsida av Stadtlandet i Selje kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart innvigd 28. oktober 1866. Ho vart sett opp av materialane etter den gamle Selje-kyrkja som vart riven same året. Arkitekt for ombygginga i 1895 var Lars Sølvberg. Leikanger kyrkje er frå 1. januar 1997 soknekyrkje for Leikanger sokn i Selje prestegjeld.

Leikanger kyrkje har stått på heile tre stader: Bø på Selja, i Selje og her på Leikanger.

Leikanger kyrkje har stått på heile tre stader: Bø på Selja, i Selje og her på Leikanger.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Reuber.

Tredje staden for same kyrkja

Kyrkjebygningen på Leikanger står på den tredje staden sin, men er lite attkjennande etter kyrkja som truleg alt på slutten av 1500-talet vart sett opp på Bø på Selja. Frå 1654 til 1866 stod kyrkja i Selje, før ho vart flytta hit. Ho er seinare mykje ombygd og har heile tre altertavler, ei frå kvar av stadene kyrkja har stått.

Gamlekyrkja frå Selje vart riven straks etter den siste gudstenesta vart halden 22. april 1866, og alt trevyrket vart lasta på ei råsegljekt og ført rundt Stadt. Eit halvt år seinare stod kyrkja på ny ferdig til bruk. Inga anna kyrkje i fylket har vore flytta så mange gonger som Leikanger kyrkje. Sidan kyrkja ikkje var ny, avgjorde Kyrkjedepartementet at det ikkje var naudsynt med ny vigsle, men at det i staden burde haldast ei passande høgtid i samband med at det også skulle vigslast ny kyrkjegard.

For liten plass

Kyrkja vart sett opp midt i Leikangerbygda, eit par hundre meter frå sjøen. På Leikanger hadde det ikkje stått kyrkje tidlegare, men dei kyrkjelege røtene var djupe. Det var på Dragseidet, vel ein kilometer lenger oppi bakkane, Olav Tryggvason heldt ting og kristna fire vestlandsfylke i år 997. Den gamle ferdslevegen over Dragseidet, der dei drog båtar over for å sleppe å sigle det vêrharde Stadhavet, går like forbi kyrkjestaden og vidare opp forbi steinkrossen på Dragseidet.

Det nye "Legangers Capel" vart sett opp med berre små endringar frå kyrkja som stod i Selje. Dei tre glasa på sørveggen vart utvida og i tillegg kom det tre glas på nordveggen, der det tidlegare ikkje var glas. Den største endringa var at kyrkja vart gjort noko stuttare enn gamlekyrkja i Selje, for å høve betre til folketalet på Stad. Det skulle vise seg å vere korttenkt, og kyrkja vart snart for lita. På godvêrsdagar løyste dei plassproblema ved å ta ut glasa slik at folk kunne sitje i bakken utanfor og følgje preika. Presten Johannes Ristesund frå Kvamsøy på Sunnmøre skreiv seinare om kyrkjesongen på Leikanger. "Det var som å høyre storebåra på Stadthavet. Dei som sat ute, song med, og det hende dei måtte vente på kvarandre dei som sat inne og dei som sat ute, slik at dei skulle kome i takt."

Ombygd og utvida

I 1895 vart kyrkja bygd så mykje om og utvida at gamlekyrkja ikkje lenger var til å kjenne att. Kyrkja vart kløyvd på langs, og vestveggen flytta ut og lagt på ny mur. Mykje av det gamle tømmeret vart skifta ut. Tårnet vart bygt nytt i reisverk, og kyrkja fekk ny bordkledning utvendig. Etter ombygginga vart kyrkja mest dobbel så stor som før med eit nær kvadratisk skip, kring 12,5 m kvar veg, og eit nesten like breitt kor, kring 10 m breitt og 6 m langt. Mot vest er våpenhuset kring 3 x 10 m, medan eit seinare tilbygg mot aust på vel 7 x 7 m inneheld prestesakristi (også brukt til møterom) og dåpssakristi. Verken utvendig eller innvendig ser ein noko att av materialane frå gamlekyrkja. Men det skal vere svært gammal material i veggene, kan hende også frå ei endå eldre kyrkje enn den som stod på Bø. Det skal også vere ein bjelke i kyrkja som opphavleg var kjølen på ein båt.

Veggene er kledde med umåla panel, både i skip og kor, medan taket innvendig er ope opp i mønet og har kvitmåla panel. Fargane i kyrkjerommet går elles i grått og grønt på listverk, benker, stolpar, m.m., men gallerifronten og rekkverket mellom kor og skip har to smale oransjefarga bordar, som skil seg ikkje så lite ut.

To av altertavlene

Altertavla frå 1694 stod tidlegare i kyrkja i Selje, og var altertavle i Leikanger kyrkje 1866-1895. Krossfestingsscena er måla av Alexander Didrichsøn Fester, kjøpmann i Vågsøy og amatørmålar. Den gulbrune krossen har tradisjonell innskrift øvst. Uttrykk og den gråkvite fargen framstiller Kristus som døyande. Ved krossfoten ligg ein dødningskalle og to bein i kross. Til venstre Maria i raud drakt og lyseblått tørkle på hovudet. Til høgre Johannes i lys gul kjortel og raud kappe med belte om livet, i bakgrunnen Jerusalem og menneske. Himmelen er dyster, med grågrøne og brunraude skyer. Marka er også brunraud, men ei kvit lilje nede til høgre er eit livs- og håpsteikn. Under står innskrifta "See det Guds Lam" (Joh. 1,29).

Altertavla frå 1895 framstiller Golgatagruppa med Maria, Jesu mor og Johannes på kvar si side av Jesus på krossen, og ei kvinne som klamrar seg til krossfoten (truleg Maria Magadelena). Biletet er måla i Paris av Hanna Terese Lund (1849-1923). Det er ein kopi av Rubens (1577-1640) Krossfestinga (1620). Altertavla i Leikanger er eit av dei siste kjende arbeida frå Hanna Lund si hand.

Kunst og inventar

Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1821, ei brødøskje frå 1821, eit kvitt krus og eit sølvfat med innskrifta "HB 1821", og ei vinmugge frå 1968. Døypefonten er truleg frå 1866, dåpsfatet frå kring 1600 og dåpsmugga i messing truleg frå 1966. Måleriet av sokneprest Wilhelm Frimann Koren (1826-75) kom til kyrkja i 1928.

Fire krossar i tre frå 1996, vart brukt som krossbod i dei fire "gamle fylka" Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal, i samband med innbydinga til 1000-årsfesten på Dragseidet for kyrkja i Norge. Kvar kross har signatur frå kyrkjelydane dei var innom. Krossbod er ein gammal kyrkjeskikk som er føreskriven i Gulatingslova.

Kyrkjebøssa, frå før 1600, er ei stor uthola treblokk med jernbeslag og lås. Orgelet frå 1970 har 17 stemmer, og er laga av Vestre Orgelfabrikk. Det gamle orgelet frå 1878 ligg lagra på kyrkjeloftet. I følgje Riksantikvaren er orgelet verneverdig. Kyrkjeklokka frå 1906, er laga av O. Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Djupedal, Reidar: Selja i tusen år - eit minneskrift om kloster og kyrkjer. Selje 1966.

PERMANENT IDENTIFIKATOR