Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juli 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ferjefarten over Nordfjorden



Sommaren 1934 starta Fylkesbaatane ei bilferjerute på Sognefjorden mellom Lærdal og Vadheim med det ombygde dampskipet "Stavenes". Dette har i ettertid vore rekna som starten på ferjefarten i Sogn og Fjordane. Men alt to år tidlegare kom det i stand ei bilførande båtrute mellom Faleide og Innvik i Nordfjord. (Artikkelen står i Fjord 1 magsinet, sommaren 2009, og er attgjeven med løyve frå magasinet og forfattaren.

Den tidlegara ferjekaia i Årholen utanfor Olden. I bakgrunnen ligg Faleide på nordsida av fjorden.

Den tidlegara ferjekaia i Årholen utanfor Olden. I bakgrunnen ligg Faleide på nordsida av fjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Dei første bilferjerutene på Vestlandet

Dei andre tre vestlandsfylka var alle tidlegare ute med ferjeruter enn Sogn og Fjordane. Det første ferjesambandet i Noreg kom i gang alt i 1918 over Karmsundet i Rogaland. I 1921 sette A/S Aalesunds Færgeselskap den nybygde "Bilfærgen" i rute mellom Vestnes og Åndalsnes. Ferja vart i 1923 overtatt av Møre Fylkes Ruteselskap - det seinare MRF. Fjord1 MRF eig i dag "Bilfærgen" som veteranfartøy. Den første ferjeruta i Hordaland kom i gang i 1928 og gjekk mellom Utåker, Skånevik og Fjæra i Sunnhordland.

Nordfjorden

Nordfjorden er ein av dei lengste fjordane som må kryssast om ein reiser langs Vestlandet i bil. Tidleg på 1930-talet var det lite samanheng mellom dei få vegstrekningane i Sogn og Fjordane. Den lengste samanhengande vegstrekninga i fylket gjekk frå Vadheim via Førde og Byrkjelo til Innvik i Nordfjord. Stryn hadde vegsamband med Austlandet over Strynefjellet - som var stengt om vinteren. Frå Stryn var det råd å køyre bil til Nordfjordeid og til Folkestad, Hellesylt og Øye på Sunnmøre, og til Loen og Olden.

Innvik-Faleide 1932

Mellom Olden og Innvik var det derimot ikkje veg. Sommaren 1932 starta privatpersonar ei bilførande båtrute mellom Innvik og Faleide utanfor Stryn. Dermed vart det råd å krysse Nordfjorden med bil. Første turen gjekk 20. juni 1932. I løpet av sommaren var det 141 bilar og 20 motorsyklar som nytta seg av ruta.

Den første "ferja" over Nordfjorden var ein båt med plankar på tvers på dekket som bilane stod på. Kongelig Norsk Automobilklubb (KNA) ytte støtte til å bygge ferjekaier med billemmar. Ein gang brotna ferjelemmen på Faleide, og ein fransk turistbil heldt på å ramle på sjøen. Men sterke karar fekk slått tau rundt bilen og berga han.

Fylkesbaatane overtok

Sommaren 1933 overtok Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ferjeruta i Nordfjord. Selskapet dreiv ruta i tre somrar med innleigd båt. I 1933 kom det også ferjekai i Årholen utanfor Olden. Dermed vart ferjeruta eit trekantsamband Innvik-Faleide-Olden.

Kutteren "Konstant"

Båten som utførte ferjeruta desse tre somrane var ein kutter med namnet "Konstant". Hermetikkfabrikken Måløy Preserving eigde båten, som elles gjekk med brisling og mussa til fabrikken og med ferdig hermetikk til Bergen. Skipsførar på "Konstant" var Kristoffer Svoren. Båten var fram mot 60 fot lang og kunne ta to, kanskje tre bilar. Dei stod på tvers på dekk på lemmar som var lagt over rekka.

Kristoffer Svoren omkom under krigen. Det skjedde sommaren 1942, då han var med ein fraktebåt med namnet "Store Bill" som gjekk i fart på Nord-Noreg etter fisk. Båten låg i Honningsvåg då sovjetiske fly gjorde eit åtak på hamna og båtane som låg der. Ei bombe trefte "Store Bill", og alle dei fem om bord mista livet.

"Konstant" klarte seg gjennom krigsåra. Men i januar 1948 forliste kutteren på veg nordover frå Bergen til Florø med ei last med salt. "Konstant" og eit fraktefartøy kolliderte på Sognesjøen, og "Konstant" gjekk ned. Den eine av dei to om bord omkom, medan den andre berga seg.

Vegpengar frå amerikansk millionær

Vegstrekninga mellom Olden og Innvik stod ferdig i 1936 og vart høgtideleg opna av Kong Haakon i juni dette året. Den velståande amerikanske målaren William H. Singer forskotterte over halvparten av kostnaden med vegen. Han og kona budde i Noreg kvar sommar i mange år og bygde seg hus i Olden. Ekteparet Singer hadde arva fleire hundre millionar dollar. Dei betalte også mesteparten av kostnaden då sjukehuset på Nordfjordeid vart bygd.

Nedlagt 1936 - men framleis behov for ferje

Med samanhengande veg rundt indre Nordfjord, vart ferjeruta lagt ned. Men framleis var det store bygder langs Nordfjorden som var utan vegsamband. Det gjaldt ikkje minst Blakset på nordsida av fjorden utanfor Stryn. Like etter krigen tinga Paul Svarstad ei bilferje hos båtbyggeriet Skaaluren i Rosendal. Han ville gå i gang med ei ferjerute mellom Innvik, Faleide og Blakset, men han fekk ikkje konsesjon. I 1947 selde han ferja til Volda-Folkestad Bilferje L/L. Dei gav ferja namnet "Folkestadferja". Ho gjekk i rute mellom Volda og Folkestad fram til 1954 og deretter mellom Årvik og Koparnes på Sunnmøre. Blakset fekk vegsamband til omverda først i 1959.

Paul Svarstad vart seinare ein kjend høgrepolitikar og stortingsmann. Eit litt artig poeng er at bilferja som han i si tid fekk bygd, i 1959 vart kjøpt av Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). Dei sette ferja i fart på kursstaden sin på Utøya i Tyrifjorden.

Over tretti år til neste ferje - Anda-Lote

Det gjekk over tretti år frå ferjeruta Innvik-Faleide-Olden vart lagt ned til det kom eit nytt ferjesamband over Nordfjorden. Det skjedde i juni 1968 då sambandet Anda-Lote opna. Anda-Lote er i dag det tredje største ferjesambandet i Sogn og Fjordane og eit viktig samband på E39 på Vestlandet. I 2008 frakta ferja mellom Anda og Lote 425.000 bilar.

Stårheim-Isane og Måløy-Oldeide

Litt lengre ute i fjorden kom det i 1972 ferje mellom Stårheim og Isane. Men det eldste av dei tre noverande ferjesambanda i Nordfjord er kystsambandet mellom Måløy og Oldeide i Bremanger. Dette starta opp alt i 1946 med ein bilførande leigebåt. Frå sommaren 1957 sette Fylkesbaatane inn skikkeleg bilferje i sambandet. Fram til Måløybrua opna i 1973 gjekk ferja mellom Oldeide, Måløy og Deknepollen på fastlandet tvers overfor Måløy. I Måløy var det også eit privat ferjeselskap med namnet AS Måløyferja som dreiv ferjetrafikk mellom Måløy og Deknepollen frå 1953 til 1973.

Nye ferjer 2009

Fjord1 Fylkesbaatane vann i 2007 anbodskonkurransen om å drive dei tre ferjesambanda i Nordfjord i åra 2009 til 2016. Hausten 2008 sette selskapet inn storferja "Lote" med 120 bilplassar på Anda-Lote. I sommar [2009] får både Stårheim-Isane og Måløy-Oldeide flunkande nye bilferjer bygde hos Fiskerstrand Verft på Sunnmøre. Begge desse ferjene tek 42 bilar.


 

kjelder:

Fænn, Inge: Ferjejubileum Faleide-Innvik. I Fjordingen. 13.08.2007.
Bent, Mike: Steamers of the fjords. London 1989.
Ese, Kristin: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag 2007.
Ulstein, Ragnar m.fl.: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal Fylkesbåtar. 1995.
Informasjon frå:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Olav Svoren, Måløy.
Odd Oldeide, Måløy.
Diverse internettsider.
Fjord1 Fylkesbaatane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR