Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. mars 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - Fylkesmann Seip si fylkessoge



I 1958 kom fylkesmann Hans Seip si bok Sogn og Fjordane fylke - eit tilskot til kommunalsoga ut. Utgjevinga var ei storhending (men som merkeleg nok fekk lita merksemd). Sogn og Fjordane hadde fått eit viktig "tilskot" til fylket si historie gjennom hundre år, frå 1837 til 1937.

Tinghus I på Leikanger 2007. Huset vart teke i bruk i 1939 og fylkesmann Hans Seip og kontorfolka hans flytte same året frå eit lite hus i fylkesmannsgarden inn i det nye tinghuset.

Tinghus I på Leikanger 2007. Huset vart teke i bruk i 1939 og fylkesmann Hans Seip og kontorfolka hans flytte same året frå eit lite hus i fylkesmannsgarden inn i det nye tinghuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

"..verdfullt oversyns- og oppslagsverk."

I føreordet skriv fylkesmann Nikolai Schei mellom anna dette: "Forfattaren har makta skape eit verdfullt oversyns- og oppslagsverk som vi er mykje takksame for. - Det vil tvillaust gjere sitt til å styrke ibuarane si tru på fylket, og det vil kunne lette effektivt dei som i tida framover - sentralt og i kommunane - skal legge til rette for den vidare utvikling i fylket."

Alltid ei god kjelde til historisk kunnskap

Me kan ikkje seia noko nærare om i kva grad boka medverka til å styrka sogningane og fjordingane si "tru på fylket". Heller ikkje veit me noko om i kva omfang boka vart eit nyttig hjelpemiddel for dei som hadde arbeid og ansvar med "å legge til rette for den vidare utvikling i fylket". Derimot kan me slå fast at boka til Seip har vore - og er - ei god kjelde til historisk kunnskap om Sogn og Fjordane fylke og kommunane, - på same måten som Johs. B. Thue/Aage Engesæter si bok Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år som kom ut i 1998.

Mykje om samferdsle

Seip si bok er ikkje det me i 2008 tenkjer på som praktbok - ei bok med mange gode illustrasjonar på glansa papir. Snarare det motsette. Det finst ikkje eitt einaste bilete på dei 610 tettskrivne sidene. Derimot tek boka det att i mengd informasjon. Seks av ti hovudkapittel handlar om landbruk, samferdsle, helsestell, skulestell, retts- og fengselstell og elektrisitetsutbygging. Innleiingskapitlet innheld nyttige oversyn, t.d. over fylkesmennene frå fylket vart oppretta i 1763, og ordførarane i kommunane. Eit ymse-kapittel handlar om jakt, fiske, elveførebyggjing og elveregulering, museum og sogelag.

Avsett av nazistyresmaktene - skreiv fylkessoge

"Det ligg eit veldig samlararbeid til grunn for dette verket", skriv også fylkesmann Schei i føreordet, "stor interesse for - og eit godt lokalkjennskap til fylket." Det hadde Schei god dekning for. Hans Seip var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1930 til han døydde våren 1945, men han var ute or embetet tre år under krigen. Han blei avsett av nazistyresmaktene i 1941 og måtte flytta ut or fylkesmannsbustaden. Han fekk ordna seg med husvære på Mundal Hotel i Fjærland - der han arbeidde med å skriva fylkeshistorie.

Avgrensingar

Vilkåra som historieskrivar var langt frå dei beste. Ein ting var at kjeldetilfanget han hadde å hjelpa seg med var avgrensa til i hovudsak dei trykte fylkestingsforhandlingane og fylkesmannen sine femårsmeldingar, ein annan dei vanskane krigen medførde. Forfattaren nemner desse og andre avgrensingar i føreordet sitt. Han seier til slutt:

"Ved sida av å gjeva eit oversyn over utviklingi og framstegi på ymse umkverve, vonar eg at boki kan verta ei nyttig handbok og upplysningskjelda for deim som i framtidi skal arbeida med dei kommunale og fylkeskommunale spursmåli."

Årevis før boka kom ut

Fylkesmann Seip døydde på Lærdal sjukehus 14. mars 1945. Han vart gravlagd i Fjærland. Familien overlet manuskripta hans til fylket hausten 1945, men det skulle gå meir enn 13 år før boka kom ut.

Ei orientering og ei meiningsytring

I 1937 vart Leiv Revheim tilsett som ekstrabetjent ved Sogn og Fjordane fylkeskontor. I 1997 skreiv han ein interessant artikkel om fylkesmann Hans Seip. Her tek me med det han skreiv om Seip sitt arbeid med fylkessoga.

"Han var praktisk talt ferdig med arbeidet då han på nyåret 1945 fekk hjarteinfarkt og vart sendt til Lærdal sjukehus. Der døydde han den 14. mars. Etter hans eige ynskje fekk fylket tilbod om å få overta manuskriptet, resultatet av fire års arbeid, utan vederlag. Fylkestinget 1945 kom saman den 3. september i Alexandra Hotel i Loen. Lensmannen i Jølster, N.O. Øvrebø, var då konstituert som fylkesmann. Tilbodet frå Hans Seip vart sjølvsagt motteke med stor gleda og takksemd. (..)

Fylkesrevisor Oddvin Sindre var konstituert fylkeskontorsjef i den tida lensmann Øvrebø var konstituert fylkesmann, frå 8. mai og ut året. Han stod familien Seip nær, og det var han som kom med manuskriptet. Eg var med då han pakka det inn i tjukt innpakningspapir, surra ein sterk hyssing rundt og sette lakkseglet til Leikanger Sparebank over knuten. Så vart det lagt inn i bankkvelvet. Og der vart det liggjande i 13 år. Jau, du las rett, i trettan år. I 1958 vart manuskriptet prenta og kom ut i bokform, utan eit einaste bilete og med ei innbinding som ikkje nett er mykje å ropa hurra for. Så var det i alle fall effektuert, det vedtaket som fylkestinget gjorde i 1945, men så stor entusiasme og så djup ei gleda og takksemd for ei raus gåva, og nyvunnen fridom og fred. (..)"

Minnesteinar

Det kan seiast at Sogn og Fjordane fylke har to minnesteinar over fylkesmann Hans Seip. Den eine reiste fylket på grava hans i 1949. Den andre sette han sjølv, ved boka si, Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga.

kjelder:

Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke.Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.
Revheim, Leiv: "Me er alle vortne glad i han" Mennesket og fylkesmannen Hans Seip. I Jol i Sogn. 1997.
Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR