Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bork, lauv, lyng og tang til dyrefòr.



I sjølvbergingstida kom ofte"vårknipa" i fjøset når vinteren var på hell; det vart mangel på fór. Folk nytta seg då av det dei hadde tilgjengeleg for å berge dyra over kneika.

Ein skave er ikkje av dei gjenstandane frå fortida som glitrar sterkast. Det er likevel ein gjenstand som fortel mykje om livet til folk og fe i sjølvberjinga si tid. Skaven har handtak av tre med ein <i>kniv</i> av jarn festa i. Jarnet er kvesst på eine sida. Skaven er om lag 14 cm lang på det lengste og 5 cm brei på det breiaste.

Ein skave er ikkje av dei gjenstandane frå fortida som glitrar sterkast. Det er likevel ein gjenstand som fortel mykje om livet til folk og fe i sjølvberjinga si tid. Skaven har handtak av tre med ein kniv av jarn festa i. Jarnet er kvesst på eine sida. Skaven er om lag 14 cm lang på det lengste og 5 cm brei på det breiaste.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2004

Fotograf: Ingrid Berger

Ein skave frå Byrkjelo

Ei av fleire løysingar på fórmangelen var å ta bork frå trestammar og greiner og gje dyra. Reiskapen vist på bileta var til slikt bruk, og vart kalla ein "skave". Denne skaven er ifrå Byrkjelo i Gloppen kommune. Bandkniv og tollekniv vart òg nytta til skaving. Bandkniv brukte folk når dei skava tjukkare stokkar. I registreringsskjemaet vert det opplyst at skaven på biletet truleg i tillegg vart nytta til å skrape rein huder. Skaver kunne også verte brukt til å hole ut trekjerald og liknande.

Skav frå ulike treslag

Skaving var vanleg over heile landet der dei hadde høveleg skog og for lite vinterfòr. Bork av osp var god krøtermat og smøret vart særskilt gult om kyrne vart fòra med ospebork, vart det sagt i Stryn. Rogn og selje kunne også verte skava somme tider. I Ytre Nordfjord nytta ein særleg rogn, men også osp, til skav .

Andre fòralternativ

Skaving var ikkje einaste løysinga for å komme over vårknipa. Folk gav også dyra ris av toppane på friske bjørkegreiner, eller frå rogn, selje og ask. Lyng og tang er andre fóralternativ. Lyng er ei plante som gjev næring også om vinteren, og lyngskjering kunne vere løysinga på fórproblema senvinters. På same måte var tang eit "ferskvare"-dyrefór for dei som hadde tilgjenge på det.

Utegangarar som greidde seg sjølve

Nokre stadar trong ikkje folk sanke vinterfór til husdyra i det heile. Det var av di dyra kunne gå ute året rundt og finne seg fór sjølve. Dette gjaldt langs kysten der det var milde vintrar og områder med tang og lyngheier som gav vinterfór. I Noreg var slike "utegangarar" helst sau og geit.

kjelder:

Almenning, Styrkår: Minneoppgåve for eldre, 1996.
Drabløs, Dagfinn: Soga om smalen, Oslo 1997.
Haaland, Svein: Fem tusen år med flammer. Det europeiske lyngheilandskapet, Slovenia 2002.
Bergset, Ola: Forhenting frå utmarka i ei Fjellbygd, i Årbok for Nordfjord s.63, Sandane 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR