Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. september 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Borgund kyrkje



Borgund kyrkje er ei langkyrkje i tre som står tett ved Borgund stavkyrkje på Borgund i Lærdal kommune. Kyrkja, som har 175 sitjeplassar, vart vigsla 28. august 1868 av sokneprest Henning Frimann Dahl. Arkitekt Eilert Christian Brodtkorp Christie laga teikningane. Borgund kyrkje er soknekyrkje for Borgund sokn i Lærdal prestegjeld.

Borgund kyrkje står der høgreist og fager, plassert berre eit steinkast unna den mest besøkte stavkyrkja i landet. Dei som kjem hit, søkjer fyrst mot den gamle, tjørebreidde kyrkja med alle sine imponerande særtrekk. Så oppdagar dei den moderne varianten. Og når dei ser seg om i nyekyrkja, skjønar alle at ho i si tid må ha verka mest som ein revolusjon for kyrkjelyden.

Borgund kyrkje står der høgreist og fager, plassert berre eit steinkast unna den mest besøkte stavkyrkja i landet. Dei som kjem hit, søkjer fyrst mot den gamle, tjørebreidde kyrkja med alle sine imponerande særtrekk. Så oppdagar dei den moderne varianten. Og når dei ser seg om i nyekyrkja, skjønar alle at ho i si tid må ha verka mest som ein revolusjon for kyrkjelyden.

Eigar: Lærdal kyrkjekontor.

Datering: 2003.

Fotograf: Håkon Li, Borgund.

Fortidsminnesforeininga

Bygginga av ny kyrkje like ved stavkyrkja på Borgund let seg gjennomføre mykje takka vere den svært drivande soknepresten Henning Frimann Dahl. Stavkyrkja var blitt for lita og talet på sitjeplassar stod ikkje i høve til folketalet i soknet, slik lova av 1851 gav påbod om. At kyrkjelyden skulle eige og drive to kyrkjer var urimeleg. Dahl meinte det var eit offentleg ansvar å skaffe ei ny kyrkje, ettersom det å ta vare på det gamle og sjeldne minnesmerket var ei sak ikkje berre for bygda, men for heile det norske folket.

Etter initiativ frå Dahl vart det i januar 1865 sendt ein førespurnad til Fortidsminneforeininga om kva ansvar dei kunne ta i denne saka. Foreininga svara at det var viktig å ta vare på det sjeldne oldtidsminnet, og at dei i fyrste omgang ville betale utgiftene til teikning og materialoverslag for ei ny kyrkje. Seinare kom det til semje om at Fortidsminneforeininga skulle betale 2/3 av nyekyrkja, og til dette løyvde Stortinget pengar. Kommunen skulle på si side svare for 1/3 av utgiftene. Til gjengjeld skulle foreininga få overta stavkyrkja.

Spontaket lek

Vedtaket om "makeskiftet" vart fatta i 1866, men fyrst i 1877 fekk foreininga skøyte på stavkyrkja. Det skjedde etter ein del usemje om vilkåra og kven som skulle betale for uventa utgifter. Kommunen ville ikkje gi frå seg gamlekyrkja før den nye var overlevert i forsvarleg stand. Og kyrkjelyden kravde at det spontekte taket måtte erstattast med skifer, noko foreininga nekta å betale. Kommunen fekk derimot tilbakeført ein pengesum som dei ved ein feil hadde lagt ut. Skifertak fekk kyrkja fyrst i 1886.

Det var usemje i bygda om kvar nyekyrkja skulle stå. Mange meinte at ho skulle byggjast lengre oppe i bygda, men konklusjonen vart at kyrkja skulle reisast på staden der arkitekten meinte ho ville gjere seg best. Materialane som kom på jekter frå Christiania, var ferdig skoren og høvla, og om bord var det plankar og kledning. Alt vart lossa og ført fram til tomta på dugnad. Grunnmuren var komen opp i god tid før materialane kom til bygda.

Sokneprest Dahl skulle òg få æra av å vigsla kyrkja. Då snikkarane fekk for lite materialar, vart ikkje kyrkja ferdig til planlagt tid. Vigslinga, som skulle vore i april, vart utsett til august. Biskop Birkeland var oppteken på anna hald den 20. august, og kunne ikkje koma. Han bad difor prosten i Midtre Sogn, Johan Henrik Allum, om å foreta vigslinga, men han vart sjuk. Det same vart den vikarierande prosten, Johan D. Haslund.

Kyrkjebygningen

Sjølve kyrkjebygget har mykje felles med Hauge kyrkje i Lærdal, men i staden for tårn har Borgund-kyrkja til liks med stavkyrkja takryttar med eit lite klokketårn over. Kyrkja er dessutan ein del mindre enn systerkyrkja på Lærdalsøyri.

Når ein stig inn i Borgund kyrkje, kjem ein rett inn i sjølve kyrkjeskipet. Det fyrste ein ser er kyrkjeklokka som stod i stopulen då han var ny ein gong på slutten av 1200-talet. Klokka var i bruk heilt fram til ho sprakk i 1960. I dag er ho eit minnesmerke til glede og pryd i kyrkja. På sørsida er trappa som fører opp til galleriet. Galleriet var frå fyrst av smalare, men vart frambygt då det kom nytt orgel i kyrkja på byrjinga av 1960-talet.

I alt 20 søyler omkransar skip og kor. Dei er støtter for dei heva midtromma både i skip og kor. Øvst på veggene er der på kvar side i skipet tre vindauge, og på kvar side i koret to vindauge. Alle er sett saman av fem felt med kløverbladforma øvst. Inst i koret er det bygt til ei etterlikning av ein apsis, bygd i ei avdelt oktogonform (fem sider av åttekanten). Overgangen er markert med ein spissboge over alteret.

Mykje til felles

Arkitekt Christie har vore oppteken av å gjenskape byggjestilen frå mellomalderen i ei moderne og lysare form. Kyrkjene hans har mange fellestrekk, men samstundes har dei nære band til dei høgt akta stavkyrkjene. Det blir særleg interessant å utforske detaljane når ein kan vandre mellom to kyrkjer så nær kvarandre som på Borgund. Begge stader møter ein det same inngangspartiet, små svalgangar framfor hovudinngangen på vestsida.

På kvar side har kyrkja dei vanlege sakristia, prestesakristiet mot sør og "konehuset" på nordsida. I dag vert "konehuset" nytta som dåpsrom, men tidlegare var det også staden der inngangskonene venta før dei vart leidde inn att i kyrkja av presten.

Borgund kyrkje vart måla både utvendig og innvendig 20 år etter at ho var ny. Utvendig var ho brungul, med eit mørkare listverk. Inne var det ein blekkblå farge som dominerte. Kyrkja skal tidlegare ha vore brunbeisa utvendig. Ho har vorte måla med jamne mellomrom, og til 125-årsjubileet i 1993 fekk ho lyse og trivelege fargar innvendig og vart måla raud og gul utvendig. Elektrisk lys vart montert i 1948, og omnar ti år seinare.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar frå 1952, og ein femarma lysestake frå 1954 i smijern, gåver frå Borgund kyrkjelag. Nattverdsutstyret er ein kalk frå 1500/1600-talet og ein disk frå 1654, begge i sølv. Preikestolen har eit måla Kristusmonogram. Døypefont er, til liks med det meste av inventaret, frå 1868. Både dåpsfatet og dåpsmugga er i messing. Mugga, frå 1949, er ei gåve frå Borgund kyrkjelag. Den femarma lysekrona i messing er frå 1400/1500-talet.

Orgelet har seks stemmer, og er eit August Nilsen-orgel frå 1878. Det var flytta frå Haug kyrkje på Ringerike i 1963. Her er to kyrkjeklokker. Klokka frå 1200-talet, med innskrifta "Sanctvs Lavrencivs", er ikkje lenger i bruk. Klokka frå 1865, som heng i klokkestopulen, er laga av Laxevaags Værk og har innskrifta "Gud alene æren".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR