Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Eggestøylen



Eggestøylen ligg i nedre område av Høgredalen ca. 565 m o.h. Den høyrer til brukarane på Egge, gard nr.108. Det er ein romsleg og tørr stølsbø som ligg lunt til med 8 sel, delvis nye. Dei fleste fjøsane er borte, men ein fin steinfjøs og ein trefjøs står att.

Eggestølen med grøn stølsbø.

Eggestølen med grøn stølsbø.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag går det 5 km dyrkingsveg opp i Høgredalen. Fram til stølen er i tillegg 0,5 km traktorkøyrd rås. Tidlegare måtte dei gå råsa heilt frå Egge, kring 1 times gange. Det går rås vidare inn til Gåsemyrstøylen og Trollebotsvatnet. Ruta opp til Eggenipa går ut frå stølsområdet.

Bruk av stølen

Det har vore ein god del geit på Egge i lang tid bakover. I dag er det to geitebuskapar der begge beitar i Våtedalen. Frå Bygdeboka:
" I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. --- Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida (m.a. i 1563). Men i fleire høve vart her teke rettsavgjerder som einast galdt Bergheim og Egge. I semje og bruksavtale i 1651 og 1693 fekk Egge såleis bruksrett til beite fram til 8 dagar før botolvsdag (17. juni) og etter barsok (24. august) - seinare endra slik at beitetida for Egge vart fram til 17. juni og etter 10. august. Egge sine beiteretter vart avgrensa til anmark (storfe)."

På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett) ligg ei stølsliste frå 1930-åra der det er oppført "Eggevårstølen". Den ligg attmed Bergheimsstøylen og har fjøs, men ikkje sel. Den var då i bruk fram til 3 dagar før syftesok (2. juli) og frå 3 dagar før barsok. Dei oppførte tidene samsvarar ikkje heilt. Men det understrekar at av di Eggestølen ligg høgt, fekk dei ha dyra i Våtedalen vår og haust. Den nemnde vårstølen kan vere gardsfjøsar.
"Eggedalens meieri" vart skipa 1894. Frå 1900 og fram til mellomkrigstida flytta dei separator og anna utstyr til stølen. Stølsdrifta tok slutt i 1940-50 åra.

Nokre fakta

Egge, gard nr. 108, Breim sokn, hadde 12 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR