Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Unionen gjennom nitti år



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen byrjar i 1814 og går inn i hendingane dette året då Noreg hadde tre kongar og gjekk frå unionen med Danmark til union med Sverige. Artikkelen handlar om kva styringsverk som gjaldt for den nye unionen. Den tek og føre seg store stridsspørsmålet; Noreg sin innverknad på utanriksstyret.

Karl Johan (1763-1844) vart norsk konge frå 1814 då vi gjekk inn i union med Sverige. Dette biletet er ei teikning laga frå eit av kongen sine besøk i Noreg. Ved dette besøket møtte han bønder i Telemark.

Karl Johan (1763-1844) vart norsk konge frå 1814 då vi gjekk inn i union med Sverige. Dette biletet er ei teikning laga frå eit av kongen sine besøk i Noreg. Ved dette besøket møtte han bønder i Telemark.

Eigar: I Aschehougs Norgeshistorie. Band 7. Oslo 1999.

Datering: 1830-åra.

Unionen mellom Noreg og Sverige blir til

Noreg gjekk inn i union med Sverige i 1814. Sidan 1450 hadde Noreg vore i union med Danmark. Under Napoleonskrigane valde Danmark og Sverige ulike sider - Danmark gjekk med Frankrike, og Sverige med England. Det var dei siste som vann krigen. Fredsforhandlingane gjekk føre seg i Kiel 10. - 14. januar 1814. Som ein del av oppgjøret etter krigen måtte Danmark avstå Noreg. I Kieltraktaten står det at Noreg "..skal for Fremtiden tilhøre Kongen af Sverige med fuld Eiendomsret og Souverænitet, og danne et Kongerige forenet med det Svenske".

Tida frå Kielfreden og til Noreg gjekk inn i unionen med Sverige var ikkje utan dramatikk. Danmark hadde ikkje gitt opp tanken om å behalde Noreg. Den danske kronprinsen Christian Fredrik var sentral i hendingane i Noreg i 1814. Det vart kalla inn til riksforsamling på Eidsvoll. Denne enda med at Grunnlova vart underskriven 17. mai og Christian Fredrik vart vald til Norsk konge. Christian Fredrik hadde enno arverett til den danske krona, og ein ny union med Danmark ville difor vere naturleg.

Hendingane i mai 1814 førte til auka press mot Noreg. I juni vart det forhandlingar mellom den svenske kongen Karl Johan og den nye norske kongen Christian Fredrik om Noreg si stilling. Forhandlingane førte ikkje fram, og det vart krig mellom Sverige og Noreg som varte i ti dagar. Lærdalske jegerkompani deltok i fremste rekkje under trefningane. Saman med Bergenhusiske skarpskyttarbataljon deltok dei i fleire slag. Sjølv om nordmennene hadde nokre mindre sigrar, måtte dei gje tapt for svenskane.

Sverige var klart sterkast militært og 7. august fekk Noreg tilbod om våpenkvileforhandlingar. Det svenske kravet var at Christian Fredrik skulle kalle saman Stortinget og overlate makta til det. Deretter skulle han reise frå Noreg. Sverige lova på si side å godkjenne Grunnlova med dei endringane som ein union med Sverige kravde. Ei avtale vart underskriven 14. august, og hausten 1814 kom Stortinget saman for å revidere Grunnlova.

Styringsverket

Ei av dei viktigaste endringane som vart gjort i Grunnlova var at Statsrådet skulle delast i to avdelingar, ei i Stockholm og ei i Kristiania. Avdelinga i Stockholm var sett saman av ein statsminister og to statsrådar, medan avdelinga i Kristiania besto av ein statthaldar og seks statsrådar. I 1836 var statthaldaren for fyrste gong norsk, og frå 1856 sto stillinga ledig. I tillegg til at Noreg og Sverige hadde eigne regjeringar, var det to andre statsråd som kom saman i Stockholm. Det samansette statsråd hadde ansvar for å handsame felles norsk-svenske saker og besto av det svenske statsrådet og den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Utanrikssaker vart handsama av det ministerielle statsråd som besto av utanriksministaren og ein statsråd, begge desse var svenske.

I dei 90 åra unionen varte såg ein ei utvikling frå ei sterk kongemakt til at regjeringa fekk større påverknadskraft og til slutt at Stortinget fekk styrka makt. I 1873 fekk leiaren av statsrådskollegiet i Kristiania tittelen statsministar (Frederik Stang). Kristianiaavdelinga vart etter kvart viktigare enn Stockholmsavdelinga.

Strid om utanriksstyringa

I 1905 var det striden om utanriksstyringa som førte til oppløysinga av unionen. Dette var ikkje nokon ny konflikt mellom Noreg og Sverige. Utanrikssaker vart avgjorde av det ministerielle statsråd der det frå starten av unionen berre sat svenske representantar. I dei fyrste åra av unionen var det difor slik at utanrikssaker, også dei som galdt Noreg, vart avgjorde utan norsk representasjon. Frå 1835 vart dette endra. Frå då av skulle ein norsk statsråd møte i det ministerielle statsråd ved handsaming av saker der Noreg var involvert.

Den store striden om utanriksstyringa byrja i 1885. Gjennom eit vedtak i den svenske Riksdagen fekk utanriksministaren og den svenske regjeringa større innverknad på utanriksstyringa. Dette førte til protestar i Noreg. Den norske regjeringa forhandla fram ein avtale der det heitte at det ministerielle statsrådet skulle vere samansett av tre svenske og tre norske statsrådar. I avtalen sto det også at utanriksministaren skulle vere svensk. Dette siste punktet gjorde at Stortinget ikkje godtok avtalen. Saka kom opp på nytt i 1891. Stortinget nekta å godta avtalen av same grunn som i 1885. I 1891 vedtok Stortinget, i det som har vorte kalla den "Bernerske dagsorden", at Noreg som sjølvstendig stat hadde full rett til å ivareta utanrikssakene sine.

Frå byrjinga av 1890 kom striden om utanriksstyret til å handle om Noreg sitt krav til å organisere eige konsulatvesen. Det var fleire forhandlingar mellom Noreg og Sverige i dette spørsmålet, men dei klarte ikkje å oppnå semje. 18. og 23. mai 1905 vedtok Stortinget samrøystes lov om norsk konsulatvesen. For at lova skulle vere gyldig kravde ho kongen si godkjenning. Kong Oscar II kunne ikkje akseptere lova og nekta å sanksjonere. Den norske regjeringa svara då med å levere avskilssøknader. Stortinget vedtok 7. juni at unionen med Sverige var oppløyst av di kongen ikkje klarte å skaffe landet ei ny regjering. Oppløysinga av unionen vart stadfesta av det norske folk ved ei folkerøysting 13. august. Hausten 1905 kom Noreg også til semje med Sverige, og unionen vart formelt oppløyst.

 

kjelder:

Bragstad, Jacob: Fjordane infanteriregiment nr. 10. Oslo 1996.
Dyrvik, Atle og Ole Feldbeck: Aschehougs Norgeshistorie. Band 7. Oslo 1996.
Nerbøvik, Jostein: Norsk historie 1870 til 1905. Oslo 1993.
Pryser, Tore: Norsk historie 1800 til 1870. Oslo 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR