Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Svædene (Sveen) – gjestgiveri og sorenskrivarbustad



Den Trondhjemske Postvei gjennom Sogn og Fjordane blei bygd i åra 1780-1806. På strekninga Bygstad-Dale måtte post og reisande skyssast med båt. På garden Svædene, eller Sveen, i Bygstad var det skyss-skifte og gjestgjevarstad frå slutten av 1780-åra.

Hovudbygningen på Svædene.

Hovudbygningen på Svædene.

Eigar: Jan Anders Timberlid

Datering: 1992

Fotograf: Jan Anders Timberlid

Skyss-skifte og gjestgiveri

Svædene (Sveen) var ein sentral stad i distriktet. Samtidig som det var skysskifte og gjestgiveri, heldt også sorenskrivaren til her i åra 1778-1805.

Johan Nordahl Brun på besøk

Diktarpresten Johan Nordahl Brun, som var ein representant for dei patriotiske stemningane som rådde i delar av embetsmannsmiljøet frå 1770-åra, vitja sorenskrivar Rennord. At Brun var ein personleg ven av Rennord, kjem også til uttrykk i diktet, "Min Ven Rennord". Samkvæmet med Brun fortel ein god del om sorenskrivaren som budde i Svædene.

Nedteikningar av Marie Schreiner

Elles finst det nedteikningar etter Marie Schreiner som budde i Osen. Ho var barnebarn til Marie og Ludvig Rennord, og i skrivet fortel ho om det nære bandet mellom Osen og Svædene. Bestemora Marie Margaretha var nemleg syster til den førre eigaren av Osen, Ulrich Frederich von Storm. Marie hugsar at bestemora ofte sat i ein lenestol av eiketre:

"--- præsiderende ved Caffebordet, hvor sukkeret alltid var i en gul Krystal Vase, og hvor det altid laa en Sølvknibetang ovenpaa. Jeg beundrede hendes 2 Perlerader af hvide Tænder og hendes smukke Ansigtsfarve. Jeg la mærke til hendes hvide Hænder naar hun skjænkede Caffeen."

Sorenskrivarfrue til hest

Marie Rennord var glad i å ri, og når ho fór rundt i bygda i rideutstyret sitt, må ho ha vekt oppsikt:

"Hun var da antrukken i carmosinrød Silke-fløielskaabe med Hermelinskanter og Sølvkapper, Silkestrømper og sølvspente Sko. Om Hatten har jeg desværre intet hørt. Det fortelles videre, at Bønderne stod stille med sine Hatte af naar hun saaledes passerede dem."
 

Etter Rennord

Etter at sorenskrivar Rennord døydde i 1805, heldt enka Marie fram med å drive gjestgiveri i ein periode før ho pakta det bort. Etter dette gjekk gjestgiveriet attende til Osen der det hadde vore før 1780-åra. I 1845 kom det militære på Svædene då den pensjonerte kapteinen Reinhardt tok over.

Dampskipskai gav blomstringstid

Men det var i samband med dei nye kommunikasjonane på sjøvegen, at Svædene skulle få si glanstid. Fylkesbaatane tok til med trafikk på Dalsfjorden i januar 1859, og endestoggen for denne ruta vart Svædene. Det tidlegare endestoggen for ferdsla på sjøen, Osen, låg no for langt inne på grunt vatn, noko som gjorde at dei nye båtane ikkje kunne gå inn.

Med dampskipet "Framnæs" vart det regulære båtruter mellom Svædene og Bergen, noko som førte til ein trygg og effektiv måte å få fram både varer og folk. I dei første tiåra kom det båt berre ein gong i veka til Svædene, rundt hundreårsskiftet var dette auka til tre gonger. Frå dei første rutene kom, var det jamn auke i talet på passasjerar.

Den eldste taloppgåva, frå 1868, fortel om 455 reisande over denne stoppestaden. I dei siste tiåra steig talet på passasjerar kraftig slik at i 1904 var dette nær tidobla. 2010 personar reiste, medan talet på tilreisande var 1926. Også varetransporten tok seg kraftig opp, her har vi ikkje liknande statistikk å vise til, berre ein frå året 1887 som viser kva slags varer som vart sende frå staden.
 

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular.

PERMANENT IDENTIFIKATOR