Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storgarden Kvåle



Garden Kvåle i Sogndal har vore ein stor og rik gard i mellomalderen (1030-1536/37) og seinare. Korleis kan me vita dette i dag? Ved å nytta historiske og arkeologiske kjelder kan me seia noko om tilhøva heilt tilbake til jarnalderen (500 f. Kr. - 1030 e. Kr.)?

Flyfoto over tunet på Kvåle, 1959.

Flyfoto over tunet på Kvåle, 1959.

Eigar: Ukjend

Datering: 1959

Fotograf: Telemark Flyselskap AS

Statusen til ein gard

Når ein vil studera kva status ein gard har hatt, er det fleire kjelder ein kan gjera seg nytte av. Skattematrikkelen frå 1647 er den mest fullstendige av dei eldste kjeldene, og såleis den beste til å seia noko om den faktiske og relative storleiken til ein gard på 1600-talet. I prinsippet skulle landskulda alle gardane betalte bli rekna med i denne. Landskuld er den årlege leiga leiglendingen betalte til jordeigaren. Denne kjelda viser såleis kor store dei ulike gardane er.

Store gardar vert dessutan tradisjonelt rekna som gamle. Ein kan dessutan lesa mykje ut frå kva samfunnslag som rådde over dei. Dersom det er bonden sjølv som eig garden, har dette truleg vore slik langt tilbake i tid. Dersom det er kyrkje, konge, borgar eller adel som eig garden, er det nyare eigedomsforhold. Mengda og utbreiinga av graver frå yngre jarnalder, samt kor rike dei er, kan gje ein peikepinn på kva status garden hadde i jarnalderen.

Suverent størst i 1647

I 1647 låg Kvåle i Sogndal skipreide. Skipreida var ei administrativ inndeling av kysten. Dette skipreide omfatta 27 gardar. Desse gardane betalte til saman 143,1 laupar smør (ls) i landskuld, eit gjennomsnitt på 5,3 ls. Kvåle betalte 22,8 ls, og var dermed meir enn fire gonger så stor som gjennomsnittet. Desse tala løyner likevel den faktiske storleiken til gardane, då det er fire gardar som skil seg ut som mykje større enn dei andre.

Dersom ein tek ut desse, vert gjennomsnittet 3,5 ls. Kvåle er dermed 6,5 gonger så stor som gjennomsnittsgarden i Sogndal skipreide. Norum skipreide utgjorde resten av dagens Sogndal kommune (unnateke Fjærland). Gardane her er gjennomgåande mindre enn dei i Sogndal skipreide. Dersom ein tek desse med i reknestykket, var Kvåle 9,9 gonger så stor som gjennomsnittsgarden i Sogndal.

Sosial og økonomisk status

I 1647 eigde enka Mette Pedersen heile Kvåle-garden. Dette var tidlegare adelsgods, og kan sporast tilbake til Hans Sigurdsson. Han var den største godseigaren i landet på 1400-talet. På byrjinga av 1300-talet var Kvåle ein av dei gardane i landet som betalte mest i skatt, 120 månadsmatbol. Det tyder at jorda gav mat til ein mann i 120 månadar. Truleg låg eit stort leiglendinggods til Kvåle.

Ein leiglending var ein jordbrukar som leigde eigedom av ein jordeigar. Dette var såleis eigedom som storbonden på Kvåle fekk inntekter av. Omtrent på same tida, frå seinast 1218 til 1295, var garden dessutan lendmannssete. Lendmennene administrerte eit område for kongen, og det viser at garden allereie då har hatt høg sosial og økonomisk status.

Gravminne på Kvåle

Det er 11 kjende gravminne frå jarnalderen på Kvåle. Sju av desse er gravhaugar, to er gravrøyser, medan dei to siste kan vera flatmarksgraver. Gravhaugane er gjennomgåande store, over 10 m i diameter. Berre tre av gravene er daterte. To er frå yngre jarnalder (550-1030 e.Kr.), medan ei er frå eldre jarnalder (truleg mellom 0 og 550 e.Kr). Desse dateringane er gjort på grunnlag av funna i gravene.

Det er mange flotte funn i dei tre gravene. Grava frå eldre jarnalder er ei kvinnegrav som mellom anna inneheldt fleire sølvspenner og bronsespenner og andre gjenstandar av sølv og bronse. Det er ei manns- og ei kvinnegrav frå yngre jarnalder. Mannsgrava inneheldt eit sverd, medan kvinnegrava mellom anna inneheldt fleire flotte spenne og ulike kvinnereiskap. Dei flotte funna vitnar om at dei gravlagde hadde høg sosial og økonomisk status.

Kyrkja på Kvåle

Det var kyrkje på Kvåle i mellomalderen. Ein veit at den stod der i 1308, truleg er den bygd ein gong mellom 1100 og 1300. Kyrkja var bygd av stein. Truleg var kyrkja privat eigd av storbonden på Kvåle. Det vart bestemt at kyrkja skulle leggast ned i 1544. Dette vedtaket vart teke opp att i 1574, noko som kanskje tyder at kyrkja ikkje var lagt ned før dette tidspunktet.

Storgard i meir enn 1000 år

Både arkeologiske og historiske kjelder viser at Kvåle har vore ein stor og viktig gard gjennom historia. Dei rike gravene fortel at garden allereie i førhistorisk tid hadde overskot til å gravlegga dei døde med flotte gravgåver. At det var kyrkje på garden er også eit sterkt vitne om at den høge statusen vart halde ved like i høgmellomalderen. Det same kan ein lesa ut av det skriftlege materialet som fins frå tidleg på 1300- talet og utover.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Buckholm, Mona Beate: Nedlagte kirker og kirkesteder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Hvilke kirkesteder ble nedlagt, når og hvorfor? Arkeologiske avhandlinger og rapporter fra Universitet i Bergen 1. Bergen 1998.
Iversen, Frode: Var middelalderens lendmannsgårder kjerner i eldre godssamlingar? En analyse av romlig organisering av graver og eiendomsstruktur i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Arkeologiske avhandlinger og rapporter fra Universitetet i Bergen 4. Bergen 1999.
Rolf Fladby og Liv Martinsen (red.) Skattematrikkelen 1647 XII Sogn og Fjordane fylke. 1995. Oslo.
Diplomatarium Norvegicum, bind 1 brev 207.
Per-Øivind Sandberg:
Sandberg, P-Ø: Jordeboka over Hans Sigurdssons norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimættens jordegods i Norge ca. 1500. Upublisert hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo. Oslo.

PERMANENT IDENTIFIKATOR