Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Parken i Høyanger



Bustadområdet Parken i Høyanger vart oppført i industristaden sin barndom. Området har den engelske hagebyen som førebilete, og er i dag freda på grunn av sin store kulturhistoriske verdi.

Kloumanns Allé som markerer skiljet mellom trehusa der arbeidarane budde og dei mykje større sjøvende bustadane. Biletet er teke mot "Gamle-porten" til aluminiumsfabrikken.

Kloumanns Allé som markerer skiljet mellom trehusa der arbeidarane budde og dei mykje større sjøvende bustadane. Biletet er teke mot "Gamle-porten" til aluminiumsfabrikken.

Eigar: Avisa Ytre Sogn.

Datering: 1998.

Fotograf: Frode Søreide.

".. sundt og forsvarlig husrom .."

Arkitekt Nicolai Beer har nytta det bergenske borgarhuset som ideal då han fekk oppdraget med å byggje opp eit nytt bumiljø i den nye industribyen. Det var dåverande Norsk Aluminium Company (NACO) som stod som oppdragsgjevar. Dei var pålagde gjennom konsesjonsvilkåra til A/S Høyangerfaldene ".. at skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrom ..". Beer utforma i tråd med dette i alt 19 hus som, i tillegg til eit eldre murhus, vart bustad- og friområdet Parken.

Bilete av grøntområde mellom husa, med skulputuren "Maskeberere" av Hidle Mæhlum.

Sosial klassedeling

Dei første murhusa er bygde omkring 1917, medan trehusa ikkje kom før tidleg på 1920-talet. Kvar ein stod på den sosiale rangstigen, avgjorde bustaden. I murhusa mot sjøen budde øvste leiinga og ingeniørar ved fabrikken. Her låg også direktørbustaden og representasjonshuset der fabrikken tok i mot viktige gjester. I dei mindre murhusa som ikkje har sjøside, var det mest funksjonærar på mellomnivå, som kontoristar og formenn, som budde. Her var det to husvære i kvart av husa. I trehusa budde arbeidarfamiliane. Kvart hus var firedelt, det vil seie fire familiar i kvart hus. 20 menneske i ein bustad var ikkje uvanleg, noko som seier sitt om tronge kår.

Bilete av eit typisk trehus i Parken.

Bilete av fleire typiske trehus.

Høg kulturhistorisk verdi

Parken-området står i stor grad uendra i høve til slik det opphaveleg var. Dette gjev oss i dag eit unikt tidsbilete frå den norske industrireisinga sin barndom. Området vart freda i 1993. I dag har Sogn og Fjordane Bustadbyggelag overteke alle bustadane i Parken. Unnateke husa med fasade mot sjøen, som framleis er i fabrikken si eige. Parken er no eige burettslag der tilsette ved Hydro Aluminium har førsterett ved tildeling av bustader.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førde, Einar: Smeltedigelen Høyanger. Oslo 1990.
Høyanger kommune, kommunearkivet:
Hovudutval for kultur, møtebok 1993.
Byrkjeland, Martin: Bluss. Arbeidarar og fagforeining ved Høyanger Verk 1916-1986. 1990.
Nielsen, Mona: Med hjem skal landet bygges.Hovudfagsoppgåve i kunsthistorie. Universitetet i Bergen. 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR