Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. oktober 2006

Sist oppdatert 18. februar 2019

Kategori

Kommune

Heimastølen i Supphelledalen



Den fremste garden i Supphelledalen heiter Supphella. Garden er delt i to bruk, Øvste Supphella og Nedste Supphella. Bruka hadde stølsdrift på same stølane, Heimastølen og Fjellstølen framme i Supphelledalen.

Heimastølen i Supphelledalen 2006. Det gamle stølsområdet er beitemark for ein flokk kviger. I bakgrunnen til høgre syner eit innhegna stykke dyrka mark. Staden er rasfarleg om vinteren.

Heimastølen i Supphelledalen 2006. Det gamle stølsområdet er beitemark for ein flokk kviger. I bakgrunnen til høgre syner eit innhegna stykke dyrka mark. Staden er rasfarleg om vinteren.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Heimastølen 2006
Bilvegen i Supphelledalen går fram til fonna under Supphellebreen. Vel 500 m før vegen sluttar, går det ein sideveg med bru over Supphelleelva til Heimastølen. I 2006 ligg det gamle stølsområdet som kulturbeite og dyrka mark. Det står eit gamalt sel ved grinda til det oppdyrka og innhegna jordstykket. Ei merka turistløype inn dalen og over til Fjærland byrjar her på heimastølen. Langs stien over stølsområdet kan me sjå leivningar av to andre hus: a) eit lågt steinfar, truleg etter ein grindkonstruert bygning, og b) restar etter eit større hus der det har vore nytta betong i fundamentet.

Stølsregistrering i 1936
I 1930-åra vart alle stølane i landet registrerte i prosjektet Sætrar og Sæterbruk i Noreg. Det var Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforskning i Oslo som gjennomførte registreringa. Registratorane henta inn opplysningar frå lokalkjende personar. Anders Skåsheim frå Balestrand noterte desse opplysningane om Heimastølen i Supphelledalen:

Stølen eller setra hadde namnet Grandadn, det vare heimestøl for bruk nr. 1, og stølen var i bruk. Dei same opplysningane står på skjemaet for bruk nr. 2

Ingebrigt Supphellen si forteljing
Ingebrigt Supphellen skreiv i 2004 om stølsdrifta i Supphelledalen i Fjærland Sogelag sitt årshefte Dar breadn kalva. Han brukte Kari Supphellen (f. 1911) og Anders Supphellen (f. 1908) som kjelder. Forteljinga hans er attgjeven slik ho står i årsheftet med unntak av innskotne mellomtitlar og nokre mindre endringar.

Buforing
"Buforingi til heimastølen føregjekk i slutten av mai. Alle halsband måtte flyttast frå fjøsen heime, til fjøsen på Heimastølen. Høyet som trengdest dei fyrste dagane etter buforingi, låg att på stølen frå året før. Selet måtte fjelgast og sengklede tok ein med heimanfrå."

Sela
"På heimastølen er selet til Nedste Supphella murt av gråstein. Sperrestokken ligg oppå muren. Taket var var tidlegare tekt med never og torv, men vart seinare skifta med bølgjeblikk. Selet har to rom, eit sove- og opphaldsrom, og skotet, som var arbeidsrom."

"Selet til Øvste Supphella var lafta av øksa stokkar. Dette vart seinare selt til professor Haffen i Tyskland. Det vart bygt nytt sel av lafta plank med skifertak. På same tida vart det bygd nytt fjøs."

Fjøsane
"Dei gamle stølsfjøsane var i to høgder, der fyrste høgdi var murt av gråstein. Kyrne vart bundne ut til murane på bå sider, med felles gjødselrenne i midten. Andre høgdi var bygd av rundtømmer og lafta. Dette rommet nytta ein til lagring av høyavlingi som ein hausta på stølskvina."

"Nedste Supphella bygde ny fjøs på heimastølen i 1951. denne var tilnærma lik fjøsen til Øvste Supphella. Båe var bygde i reisverk med bølgjeblikktak. Begge fjøsane vart øydelagde av fonnvind (lokalt uttrykk: jaivvedl) den 10. januar 1983."

"Året 1982 vart siste sumaren på Heimastølen for Nedste Suphella. Øvste Supphella sette opp att eit mellombels skur sumaren 1983, som var siste året dei stølte på Heimastølen i Supphelledalen."

Beiting
"Kyrne beita helst i Daurmåla eller i dalen. Det var sjeldan dei reiste to dagar etter kvarandre på same området. Kveldsbeiti var i Breli, eller mellom elvane (vestsida av Storelvi nedom brui). Var elvane store, måtte ein ri for å henta kyrne."

Mjølka til meieri
"I fyrste halvdelen av 1930-talet vart det slutt med å laga smør på Heimastølen. Mjølka vart då køyrd til meieriet på Bøyane."

kjelder:

Supphellen, Ingebrigt: Stølsdrift i Supphelledalen. Dar breadn kalva, Årshefte, Fjærland Sogelag, 2004
Informant:
Ivar Supphellen, Fjærland, Sogndal.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Gardsleksikon, Stølar i 1930-åra.