Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2002

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hellevik bedehuskapell



Hellevik bedehuskapell ligg i bygda Hellevik på sørsida av Dalsfjorden i Fjaler kommune. Det har 120 sitjeplassar og vart vigsla 1. oktober 1978 av prost Anders Myklebust. To lokale menn, Johannes Brendehaug og Jonas Lone, var arkitektar. Bedehuskapellet vart bygt i ei tid då Hellevik høyrde til Holmedal sokn, med soknekyrkje på nordsida av Dalsfjorden. I 1991, då nordsida av Holmedal vart overført til Askvoll prestegjeld, vart Hellevik innlemma i Dale sokn i Fjaler prestegjeld.

Bedehuskapellet i Hellevik stod ferdig i 1978. Fem år seinare vart kyrkjegarden, tett ved, vigsla. Det frittståande klokketårnet vert brukt både under gudstenester og i samband med gravferder.

Bedehuskapellet i Hellevik stod ferdig i 1978. Fem år seinare vart kyrkjegarden, tett ved, vigsla. Det frittståande klokketårnet vert brukt både under gudstenester og i samband med gravferder.

Eigar: Firda.

Datering: 2000.

Fotograf: Olav Øygard.

Del av Holmedal sokn

Det yngste gudshuset i Fjaler har ei lang forhistorie. Her har ein generasjon starta opp med planleggingsarbeidet, medan den neste har fått hauste fruktene. I mellomtida endra planane seg frå bedehus til bedehuskapell. Frå arbeidet starta i det små, fram til bedehuskapellet vart vigsla, gjekk det dryge 40 år. Frå gammalt av høyrde Hellevik til Holmedal sokn, med kyrkja på nordsida av fjorden. Gjennom hundreåra rodde folk over fjorden til kyrkje. Etter andre verdskrigen kom motorbåten, men fyrst dei siste tiåra før bedehuskapellet vart bygt, gjekk det fast kyrkjebåt til Straumsnes og buss derifrå til Holmedal. Då vegnettet etter kvart vart utbygt, og fjorden mindre nytta, vart Hellevik ein utkant i Holmedalsoknet.

Då bygda hadde fått sitt eige gudshus, vart kontakten med Holmedalsoknet svært avgrensa. Nokre heldt fram med å reise dit fordi dei hadde graver å stelle på kyrkjegarden. I 1983 vart gravstaden attmed Hellevik bedehuskapell vigsla, og i åra før var det fleire frå soknet som vart gravlagde på kyrkjegarden i Dale. Då Hellevik omsider vart innlemma i Dale sokn i 1991, var det eit naturleg skifte for folk flest. Geografisk er det der dei høyrer heime.

Eige gudshus

Planlegginga av bedehuskapellet strekte seg over fleire tiår. Tankane om å få reist eit bedehus vart drøfta alt midt på 1930-talet, og det vart sett i gang pengeinnsamling som heldt fram heilt til 1946. Så vart det lenge stillstand, før kallskapellanen i bygda, Finn Halle-Tvedt, tok til orde for at det burde reisast eit kapell i standen for bedehus. Skulle bygda fyrst få eit tenleg gudshus, var kapell tingen, meinte han. På nytt vart det fart i planane, og Hellevik Indremisjon tok på seg oppgåva som byggjenemnd. Tomta fekk bygda i gåve i 1965, og i 1974 fekk bedehusfolket overta den gamle skulen utan vederlag, og ein god del av materialane kom derifrå.

Den fremste drivkrafta gjennom både planleggingstida og byggjeperioden var Nils Lone. I helsingstalen til møtelyden på vigslingsdagen mintest han dei mange som hadde ivra for å få reist eit gudshus og samla inn pengar, men som ikkje fekk oppleve at det skjedde. Han hadde funne fram den eldste innsamlingslista, som skreiv seg like tilbake til januar 1936. Lone nemnde spesielt gruppa med kvinner som i 1960 på nytt gjekk i gang med pengeinnsamlinga etter at det hadde vore stillstand i nokre år. Dei skipa til basarar som gav årlege inntekter.

Bygginga

Byggjearbeidet kom omsider i gang, godt hjelpt av ein ivrig mann i bygda, Søren Brendehaug, som ordna med utgraving av tomt og grunnmur utan vederlag. Mange deltok etter kvart i dugnadsarbeidet, og Fjaler kommune bidrog med ein tredel av kostnadene slik reglane var den gongen. Elles kom det inn mange gåver frå folk i krinsen, og ei av eldsjelene tok åleine ansvaret for eit lån på 50 000 kroner til huset. Lone hadde mange han ville takke då gudshuset vart vigsla. Sjølv fekk han oppleve å sjå det realisert, men døydde alt året etter.

Fyrste høgda (kjellaren) stod ferdig i 1977 og året etter vart andre høgda innreidd. Då huset vart vigsla, var det kostnadsrekna til 500 000 kr, utan ei krone i gjeld. Det seier sitt om innsatsen frå bygdefolket, både med omsyn til reisinga av huset og inventaret som skulle til. Men så er det òg eit særtrekk for kyrkjelyden knytt til bedehuskapellet at samtlege innbyggjarar i soknet er medlemer i Den norske kyrkja.

Fleirbrukshus

Hellevik bedehuskapell er eit fleirbrukshus i krinsen. Sjølve kyrkjedelen er enkelt innreidd med sakristi innebygd i sjølve koret, berre avdelt med skiljevegger. Altertavla er eit knytt veggteppe som presten Mestad meinte ville høve der, eit framlegg styret slutta seg til. I tillegg til gudstenester, er her møteverksemd, kyrkjekaffi, minnesamvær m.m. i kjellardelen. Barnehagen i bygda hadde tilhald her til 1998. I kjellaren er det også kjøken og toalett. Klokketårnet vart ikkje bygt før i 1985. Det er eit enkelt lite bygg som står på pålar tett ved inngangen. I dag er det eit styre av bygdefolk som står for drifta.

Kunst og inventar

Altertavla er veggteppet "Såmannen", som er laga av Inger Johanne Borge og Richard Borge. "Såmannen" er framstilt som ein såmann på Jesu tid, og svarar til Jesu forteljingar om Guds rike (Markus 4,1-20).
På alteret står to lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinmugge.

Preikestolen er til liks med det andre inventaret frå 1978. Døypefonten er laga av Erling Solheim. Dåpsfatet og dåpsmugga er i tinn. Kyrkjeklokka er laga av O. Olsen & Søns Klokkestøperi, og har innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord". Orgelet frå 1980 har fire stemmer, og er bygt av I. Satrup & Søn, Danmark.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR