Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rausetstøylen



Rausetstøylen ligg i ei bratt li ved elva Kvitefella, ca. 520 m o.h. Stølen vart nytta av garden Rauset (gnr. 14). Det bratte terrenget har gjort at fire av husa er bygt med fjøs under og har sel oppe. Sela vart oppattbygde i 1905 og er i bra stand. Kvart bruk har fin slåtteteig nedanfor stølshusa. I tillegg ei slåttekvie kvar innanfor stølen. Kviene er fint graskledde og ser ut til å vere i fullt bruk.

Rausetstølen. Fleire av sela har fjøs under.

Rausetstølen. Fleire av sela har fjøs under.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det kan vere ca 2,5 km opp til stølen. Råsa er til dels noko bratt og i 1901 vart ho hellelagd. I det brattaste går den i trappetrin. Den øvre del av råsa er fint vedlikehalden og er også brukt av folk som vil opp på fjellområda mot Hyefjorden. I 1959 bygde Firdakraft veg opp Hestedalen for å ha tilsyn og stell med kraftlinja. Dette vart til god hjelp for utnytting av skog- og fjellområda der. Rauset bygde og skogtraktorveg opp mot stølen for kort tid sidan. No kan vi rekne med ca 1 km bilveg + 1,5 km skogstraktorveg mot stølen.

Bruk av stølen

Rauset hadde ein eldre støl, Gamlestøylen, som ein finn tufter av ved noverande veg mot Sandstøylen, om lag 2 km ovanfor Rausettuna. Denne stølen låg ca. 375 m o.h.

Buskapen var fyrst på beite i utmarka. På kartet er avmerka hustufter på Bulegene. Dette må nok reknast som gardfjøsar og at budeiene gjekk heim morgon og kveld. Flytting til stølen var omkring jonsok og dyra var der til ca. Mikjelsmess (29. September).
I bygdeboka står der: "I 1963 slutta fire av brukarane med stølsdrifta, ein held framleis krøtera sine der nokre få veker på ettersommaren." No driv ingen med tradisjonell stølsdrift.

Slåtten var viktig på dei velstelte kviene. Høyet vart meisa ned, dvs. pakka inn i grove tausekker og rulla nedover lia eller fjellsida. Noko hadde dei att på fjøslemmen som tilskot til dyra på styggedagar seinhaustes.

Nokre fakta

Rauset, gard nr. 14, hadde 6 bruk i 1890. Folketalet på garden var 44 i 1865 og 35 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 143. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR