Mange lag
Prinsessa på erten låg i ei seng med 20 dundyner og 20 madrassar. Utan vidare samanlikning hadde senga til nordfjordingen før i tida også mange lag. Laga var ikkje av dundyner og madrassar, men av ulike typar vovne ulltepper.
Øvst i ei oppredd seng i Nordfjord, låg eit åkle eller ei napparye. Om det var ei napparye, så var nappet vendt nedover. Under dette laget låg eit ullteppe som vart kalla "nemmaste kvetelen» (eller kvitelen). Nemmaste kvetelen var mjuk og fin. Under denne kvetelen låg ein "ondekvetel", og det var mellom desse to laga at folk sov. Ondekvetelen var eit tynt ullteppe. Under der att låg ein «halmkvetel» over halmen, for det var halm ein låg på. Halmkvetelen var tung og stiv, kanskje eit teppe som var tova i vask eller ei sliten napparye. I desse ullaga var sengane som oftast reidd i Nordfjord, ialle høve på gardane i bygda, frå riktig gamalt til litt inn på 1900-talet.
Åkle - det øvste laget
Før var altså sengne og det øvste laget av sengkleda mykje synlegare enn vi er vande med i dag. Det er ikkje overraskande at mykje arbeid vart lagd i å gjere det fint.
Åklet ofte øvst i senga. Åklet sitt viktigaste bruksområde var som sengeteppe, men til skiftande tider og til skiftande behov har åklea vore i bruk som veggteppe, bordteppe, golvteppe, sitjeunderlag i hestekjerra, breisle på dåpsbarnet og som dekke over likkista. Etterkvart som åkla vart meir og meir slitte, kunne dei bli brukt til slikt som dekke over hestar og poteter.
Åkla vart laga berre om ein vart ferdig med nyttevevinga i god tid det året. Eit åkle var difor eit overskotsfenomen og eit teikn på overflod og velstand. Eit vakkert åkle var også eit teikn på dugleik. Det var ikkje alle som hadde høve til å veve, og då vart åkla tinga hjå dei som vov på leige. Eit åkle hadde stor verdi, det kunne byttast mot frå to til fire kyr.
Åkletypane
Det er mange nemningar på dei ulike åkletypane, alt etter om ein tenkjer på teknikk, utsjånad, bruk eller mønster. Forenkla kan vi skilje mellom randåkle og ruteåkle når det gjeld mønster. Eit randåkle har render eller mønster i stiper på tvers over heile teppet. Ruteåkla har mønster bygd opp av rettvinkla ruter.
Åkla har nok «vandra» på det viset at dei har vore kjøpt eller tatt med frå andre regionar. Men det er også, helst i dei indre regionane, typiske åkle for dei ulike regionar. I ytre strok er det mange ulike åkle, av di kystfolket hadde meir kontakt oppover og nedover kysten.
I Nordfjord er det både randåkle og ruteåkle. Mønstra i randåkla kunne vere i krokbragd, rosebragd eller rips, med einsfarga felt innimellom. Det ser ut til at randåkle med einsfarga svarte striper og rosebragd i mønstra, var vanleg i Nordfjord.
Napparye
Under eller i staden for åklet låg gjerne napparya. Ei napparye er eit vove teppe, stort sett av ull. Nappet er av ulltråd eller filler knytt rundt renningstrådane, slik at det vert ein slags floss på eine sida. Den andre sida er glatt, gjerne stripet. Napparyene vart brukt i staden for, eller var ein arvtakar etter, skinnfellen. Napparya var lettare å reingjere og handtere enn skinnfellen, men likevel varma den godt. Marie Ryssdal hugsa frå barndomen i Davik, at også napparya var tung. Rya hadde lett for å leve sitt eige liv oppå kvetlane, hugsa ho. Ungane hadde ein lystig leik med å få rya til å hamne på golvet.
Typisk for Nordfjord er at det har vore vanleg med filler i napparyene. Ei napparye med fillenapp er så og seie «resirkuleringa si mormor». Nappet visar korleis kvar ein rest av stoff kom til nytte. Ikkje noko som kunne nyttast til noko, vart kasta. Men fillene i napparya kom ikkje berre frå eige hushald. Truleg vart filler til napp også kjøpt i Bergen. Menn på byferd kom gjerne heim att med sekker med filler, som vart kjøpt hos skreddarar.
Frå sengetepper «på utstilling» til dyner i private soverom
Kor gamal denne måten å utstyre senga på er, veit vi ikkje, men den heldt seg lenge i bygdene, i alle høve på gardane. Rundt 1900-talet byrja endringane. Først fekk ein trekk utanpå rya, seinare stoppa vatt-teppe og til sist dyne.
Endringar skjedde også i planløysinga av husa til folk. Utover 1900-talet vart hus bygd med fleire rom, og særskilte soverom vart etterkvart vanleg. Soverommet vart privat område og ikkje opphaldsstad for besøkande. Sengklede gjekk frå å vere «på utstilling» til å verte meir bortgøymd og privat.