Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Altertavlemåleri frå 1911 i Norum kyrkje



I 1910 vart det bestemt at Norum kyrkje skulle få ny altertavle. Eit stort innramma måleri med motivet "Jesus velsignar læresveinane før himmelfarten" kom på plass i 1911. I 1964 vart altertavla teken ned og måleriet plassert ein annan stad i kyrkja. Me kjenner ikkje til kvifor det kom ny altertavle i 1911.

Norum kyrkje i Sogndal kommune, tidlegare Ølmeim kyrkje, vart bygd i 1863

Norum kyrkje i Sogndal kommune, tidlegare Ølmeim kyrkje, vart bygd i 1863

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Måleriet i våpenhuset

I 2009 heng maleriet frå 1911 med motiv Kristi himmelfart over inngangsdøra i våpenhuset. Biletet er 250 cm høgt og 170 cm breitt og innramma med smale, trekvite lister. Motivet er Jesus saman med 11 læresveinar.

Jesu himmelfart

Biletet viser Jesus med oppløfta armar. Rundt kneler dei 11 læresveinane han då hadde (etter at Judas Iskariot hadde svike læremeisteren sin og teke sitt eige liv). Kunstnaren har laga situasjonen på grunnlag av beretninga hjå evangelisten Lukas, kapittel 24, versa 50-52:

"Så førte han dei ut av byen mot Betania. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilba han."

Ny altertavle

I februar 1911 noterte sokneprest Brochmann i dagsregisteret sitt at han hadde hatt møte med "alterbilde-komiteen". Etter framlegg frå presten hadde komiteen bestemt seg for eit bilete med motiv frå Jesu himmelfart av kunstnaren August Eiebakke.

Nemnd og innsamling

Ny altertavle må ha vore ein del i eit større tiltak for ny og betre utsmykking i Norum kyrkje. Av ei notis i Sogns Tidende 25. januar 1910 går det fram at "nemndi for prydnad av Norum kyrkja" hadde fått 100 kroner frå norskamerikanarar. Pengane var sette inn på konto i Sogndal Sparebank. Jakob Holen takkar på vegner av nemnda, og seier frå om at nemnda framleis med takk tek imot "gaavor til altartavla og ljoskruna".

Kunstnaren i arbeid

Den 13. juni året etter melde avisa at "maleren August Eiebakke" heldt på med å måla "et stort alterbillede til Ølmeim kirke". Motivet er nokolunde det same som kunstnaren sitt "berømte billede i Arendals kirke." Det går elles fram at Eiebakke har laga teikning til innramminga som skal lagast i Sogndal. Og det står at dei nødvendige midlane til altertavla er samla inn frivilleg lokalt og i Amerika.

I juli var Eiebakke på besøk i prestegarden og la siste hand på verket sitt. "Det vakre bilæte er kraftigt og verkar lyftande", står det i ei notis 15. juli. Den siste helga i juli (1911) blei biletet vist fram på utstilling i prestegarden. Det kosta 10 øre å koma inn og pengane skulle gå til "prydnad av Ølmheim kyrkja", går det fram av ei eiga annonse i Sogns Tidende.

Vakker

Den 3. juni 1913 melder Sogns Tidende at "Ølmheim kyrkja" no er "ei regtig vakker liti kyrkja" etter ei omvøle i 1912. I koret er det sett inn to nye vindauga, eit på kvar sida, slik at lyset fell godt inn på den "framifraa vakre altartavla".

Kunstnaren

Om August Eiebakke står det i Norsk Allkunnebok:
 

"Eiebakke, August (1867-1938), n. målar, elev av Chr. krogh og Zahrtmann. Realistiske skildringar av no. bondeliv frå heimetraktene (Askim, Østfold), og fl. framifrå portrett. Hovudverket hans er det ypparlege Anretning el, Fremmede kommer på besøk (1891), i Nasjonalgalleriet. 1910-37 var E. overlærar i teikning ved Statens handverks- og kunstindustriskule i Oslo."
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, 2000.
Sogns Tidende. 25.01.1910, 13.06,. 12.07., 15.07.1911, 03.06.1913.
Norum kyrkje. 150 års jubileum. Jubileumsskrift,  2013.

 

Informasjon frå Sogndal kyrkjekontor, v/Jorunn Merete Haukaas-Eide.

PERMANENT IDENTIFIKATOR