Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. mai 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Slått og høyberging i 1935



Arbeidet med å samla høy til vinterforing, slåtten eller slåttonna, har til alle tider vore ein viktig del av gardsarbeidet. Måten å ta vare på gras har variert etter naturtilhøva og endra seg med tida. Medan turking lenge var einerådande, er den vanlegaste måten no å leggja i silo eller å pressa saman i rundballar. Ein artikkel i Bergens Tidende sommaren 1935 gjev ei god oppsummering av fleire sider av slått og høyberging i 1935.

Slåtonn på Velomjorda på Færøy i Solund 1930-1935. Slåmaskina var innkjøpt før 1920 og var truleg den første i Solund. Personane er frå venstre: Agnes, Dina, mor deira Setera og sonen Vilhelm, alle med etternamn Færøy.

Slåtonn på Velomjorda på Færøy i Solund 1930-1935. Slåmaskina var innkjøpt før 1920 og var truleg den første i Solund. Personane er frå venstre: Agnes, Dina, mor deira Setera og sonen Vilhelm, alle med etternamn Færøy.

Eigar: Hanna Færøy

Datering: 1930-1935

Fotograf: Ukjend

Innleiing

Artikkelen Slått og høyberging i Bergens Tidende, 6. juli 1935, er signert landbruksmannen J. Byrkjeland. Han skriv om kva sein og tidleg slått har å seia for kvaliteten på graset (fòrverdet). Han seier noko om reiskapar og måtar å turka graset på, om endringar, om før og no (1935). Me skjønar at artikkelforfattaren avgrensar området han skriv om til Bergens Tidende sitt kjerneområde, Hordaland, men Byrkjeland si utgreiing høver nok óg for Sogn og Fjordane.

Artikkelen er her attgjeven i dagens rettskriving. Dessutan er nokre ord og uttrykk endra for å gjera det lettare å forstå. Mellomtitlane er innsette i artikkelen her.

Tidleg slått var betre enn sein slått

I det store og heile kom slåtten seint i år [1935], seinare enn vanleg. Dei siste åra her det jamnt over gått mot tidlegare slått. Mange av våre beste husdyrfolk har lagt merke til at sein slått er til ulempe. Dei har sett at gode mjølkekyr som vert sterkt drivne, må ha det beste høy som kan skaffast. Er høyet berre måteleg godt, altså av sein slått, er det vanskeleg å få kyrne til å eta meir enn 5 kg om dagen. Får dei derimot av høy som er slege i aksskytinga kan ein få dei til å eta 8 kg, som utgjer 4 fôrverd [eining for næringsverdi]. 1 kg seint slege høy vert knapt meir enn 2 fôrverd. Dei har då og funne at desse 2 fôrverd som her manglar, må skaffast med mjøl.

Bruk av heistereiskap

Slåtten på den dyrka jorda vert no meir og meir gjort med slåmaskin. Dei fyrste slåmaskinene kom i bruk i Hordaland i 1890-åra. Etter århundreskiftet har dei auka heller sterkt. I 1918 var talet kome opp i vel 4000 og i 1929 var me komne til 5000. To tredjedeler av dei bruka som har hest, har no slåmaskin, og dei andre synest å fylgja etter. Der er no [likevel] mange bruk med slåmaskin som hadde gjort slåtten billegare med ljå. Me har etter siste jordbruksteljing omlag 8100 bruk som held hest. På den andre sida har me vel 8300 småbruk som ikkje held hest, og som heller ikkje i den nærmaste framtid vil kunna tillata seg ein slik luksus.

Talet på høyvendarar og hesteriver er ikkje medteke i siste teljing [1927], men dette talet er i alle høve mindre enn talet på slåmaskiner. Der er gode reiskapar til bruk i høyonna, men dei fell dyre for våre små bruk. Å venda høyet med handriva når det er tjukk eng, er noko av det tyngste ein vert sett til, men det lyt til.

No er det så at desse hestereiskapane kan vara lenge, når dei vert påpassa, vert godt smurde, og får vera i hus. Men hjå dei som har reiskapane sine ute heile sommaren, vert levetida ikkje meir enn det halve.

Måtar å turka graset på - bakketurking mest vanleg

Sjølve berginga av graset lyt mykje godt retta seg etter vêret. Er vêret godt, vert det meste endå turka på bakken på 2-4 dagar. Denne bergingsmåten vert i godvêr den billegaste. Difor vil han ikkje snart koma av bruk, trass i det han har somme ulemper. Fyrst og fremst vil han halda seg på småeng og utslåtter. Sameleis i dei skoglause bygdene der all hesjematerialen lyt kjøpast. Men måten å turka graset på bakken har og vunne innpass der ein har i minste laget med onnefolk. Og kven er det som har for mykje onnefolk i slåtten?

Likevel må me nok seia at bakketurk ikkje alltid er den beste. Han er ustabil, og kan medføra mykje ekstraarbeid. På serleg tjukk kunsteng eller åkrar vert det vanskeleg å få høyet jamt turt. Det vil gjerne leggja seg kladdar her og der som er so rå når ein køyrer høyet inn, at dei vil gjera høystabben mygla her og der. Men aller verst er det med kløvereng. Ikkje får ein dette tilstrekkeleg turt til lagring. Og all snuinga og breidinga gjer at kløveren misser bladverket. Dette vert liggjande att på bakken til gjødsel, endå me veit at det er dette som har største næringsverdet. På den andre sida har som sagt bakketurke-måten den fordelen at han sparer hesjemateriell. Ein meiner og at det vert minst pustetap i bakketurk. Høyet vil nemleg i godt vêr raskt turkast ned til eit vassinnhald på omlag 40 pst, og då sluttar pustinga.

Hesjing i framgang

Elles må ein vel seia at hesjing no vinn meir og meir framgang, som vel er. Og for åkerhøy er det nok så at denne bergingsmåten både er den tryggaste og den som gjev det beste høyet. I utrygt vêr vert hesje-måten og utan tvil den billegaste. Og når me veit at det berre sjeldan er stabilt høyturkings-vêr hjå oss, går det rette vegen når det aukar på med hesjing. Det er nok så at det krev ikkje lite utlegg for den som ikkje berre skal kjøpa hesjestrengen, men og stauren. No gjeld det elles med hesjene som maskinene, at levetida kan aukast når stauren får vera i hus når han ikkje er i bruk. Ei ulempe med strenghesjene er at der alltid vert ein del korte strengendar. Og kjem desse i høyet, kan det lett henda at kyr eller hestar èt dei i seg og vert sjuke. På slaktehuset har dei godt kjennskap til dette.

Andre måtar

Såteturkinga, som ei tid var så tilrådd, høver ikkje særs godt hjå oss. Andre opphengjingsmåtar enn i hesje, har heller ikkje fått nokon inngang hjå oss. Dei vil lett stranda på kostnaden, og høyet er som me veit billeg handelsvara. (..)

Det beste høyet

Med omsyn til stellet inne i løa er som me veit ei jamn risting noko som må gjerast om høyet skal halda seg godt. (..) det er mykje om å gjera at det beste høyet vert lagt for seg, og ikkje blanda med det som er mindre godt, så ein kan finna det att til mjølkekyrne. I gamal tid hadde hesten gjerne fyrste retten på det finaste høyet. Det tykkjer me no er vel flott. Mjølkekyrne bør gå framom i alle høve.

Kor langt nedåt bakken skal graset slåast?

Med omsyn til kor hardt ein skal ta graset nedåt med maskin eller ljå er meiningane noko delte. I gamle dagar, då det var lite på bøane og ein slo med ljå, heldt øvde slåttekarar hardt nedåt, slik at bakken låg skaven [snauslegen] etter ljåen. Med slåmaskin på svær timoteieng som har lagt seg, er det noko verre å koma ned på bakken. Kniven går over, så ein lyt bruka ljå etterpå. På jamn mark og med graset ståande, steller det seg noko annleis. Der har køyrekaren det i si makt å velja stubbhøgda, så sant knivane bit, vel på merka. Skal ein turka graset på bakken, bør ein då prøva å slå med ein stubb på kring 4-5 cm. Å halda hardare nedåt har ein lite att for. Både fer det då ille med grasrota, særleg om det er kløvervoll, og dertil vert det verre å få høyet turt, når det skal liggja så kloss i bakken.
J. Byrkjeland.

kjelder:

Byrkjeland, J: Slått og høyberging. I Bergens Tidende. 06.07.1935.