Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Frøya kyrkje



Frøya kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Frøyalandet i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla 11. desember 1865 av prost Johan Carl Christie. Arkitekten var kunstmålar Anders Askevold frå Askvoll. Frøya kyrkje er soknekyrkje for Frøya sokn og hovudkyrkje i Bremanger prestegjeld.

På Frøya kom der i 1865 opp ei tømra langkyrkje, med tårn og spir. Kyrkja ligg vakkert til på indre Frøya. Her er særs vêrhardt, difor trudde ikkje sokneprest Koren at bygningen ville bli ståande der så lenge. - Agnes Jørgensen er ute i robåt på Kalvågvika.

På Frøya kom der i 1865 opp ei tømra langkyrkje, med tårn og spir. Kyrkja ligg vakkert til på indre Frøya. Her er særs vêrhardt, difor trudde ikkje sokneprest Koren at bygningen ville bli ståande der så lenge. - Agnes Jørgensen er ute i robåt på Kalvågvika.

Eigar: Kalvågportalen.

Datering: 21.12.2002.

Fotograf: Werner Moss Totland.

Namnet på kyrkja

Kyrkja på Frøyalandet vart bygd etter at den siste kyrkja på Grotle vart riven, og namnet Bremanger kyrkje følgde med over til den nye kyrkjestaden. I 1952, etter at kyrkja på Hauge hadde stått i 37 år, vart namneskiftet vedteke. Kyrkja på Frøya fekk namnet Frøya kyrkje, og kyrkja ved Bremangerpollen fekk namnet Bremanger kyrkje.

Endringa av namnet skjedde ikkje utan ein viss politisk strid, og det var til slutt ei krass utgreiing frå historikaren og bygdebokforfattaren Albert Joleik som avgjorde saka. I denne utgreiinga frå 1948 konkluderte Joleik med at å kalle Frøya-kyrkja og soknet hennar etter grannebygda, var på ein måte mot det 9. og 10. bodordet. Det var lite ære i å stase seg med annan manns eign, og verst når eigaren vil ha sitt att.

Strid om lokaliseringa

Namnestriden var eit kapittel for seg. Ein annan strid gjekk føre seg på den tida det kom på tale å flytte kyrkjestaden frå Grotle til Frøya. Alt i sokneprest Hans Irgens si tid (prest i Kinn frå 1840-1855) var det på tale å flytte kyrkjestaden fordi den låg så lite lagleg til. Kyrkja på Grotle var dessutan i svært dårleg stand. Om tilstanden på 1860-talet skreiv sokneprest Ulrik Koren seinare i sine dagboknotatar, at det ikkje vart noko særleg hyggeleg i Guds hus, så lenge dei måtte halda til i den gamle mørke bygningen. Kyrkja vart meir og meir skrøpeleg, i den siste tida var det jamvel farleg, når ei større forsamling oppholdt seg i henne.

Men kvar skulle den neste kyrkja liggje? Før Koren kom til Kalvåg i 1864 som den fyrste presten i det nyskipa Bremanger prestegjeld, hadde det gått føre seg ein strid der folk som høyrde til Frøyalandet og bygdene på andre sida av Frøysjøen ville ha kyrkja flytta til Frøya. Men folket i og rundt Bremangerpollen nekta, og ville i staden ha to mindre kyrkjer, ei i Bremangerpollen og ei på Kjelkenes. Her var mange omsyn å ta og striden drygde, men valet fall til sist på Frøya. I den kongelege resolusjonen av 28. mars i 1863 vart det teke med ein merknad om at soknepresten i det nye Bremanger prestegjeld måtte vere budd på å måtte gjere teneste i endå ei kyrkje, som seinare kunne komme til å bli reist i distriktet Gulen. Fleire prestar kom og gjekk før det vart aktuelt. Midtgulen kyrkje stod ikkje ferdig før i 1904.

Skeptisk sokneprest

Både folket frå Gulen og Botnane fekk ein kortare kyrkjeveg enn før, men over Frøysjøen måtte dei. Bremangerfolket slapp storsjøen, men meinte det var gale nok at dei måtte i båt rundt Novene for å komme til kyrkje. I 1914, ti år etter at Midtgulen kyrkje vart reist, vart Bremangerpollen kyrkje på Hauge vigsla. På Frøya kom der i 1865 opp ei tømra langkyrkje, med tårn og spir. Sokneprest Koren skreiv at kyrkja ligg vakkert til på indre Frøya, men at det der er særs vêrhardt. Han trudde at kyrkja ville få så hard medfart av uvêr at ho mest truleg ikkje ville bli ståande der lenge.

Koren omtalar kyrkja innvendig som eit rommeleg og lyst gudshus med ei ny vakker altertavle. I kyrkjelyden var det usemje om kyrkjebenkene skulle ha stoldører. Dei som ville ha dører vann striden, noko presten meinte var uheldig. Dørene var verken til pryd eller nytte, og kom sikkert til å bli tekne bort, meinte han. Presten fekk rett, for i 1940 vart benkene skifta ut, samstundes med at kyrkja fekk nytt golv og brystpanel rundt på alle veggene. Alt saman vart oljemåla.

Kyrkjebygningen

Koret i Frøya kyrkje har fem sider av åttekanten (oktogonforma), ei symbolsk form som ein òg finn att i preikestolen. Her er galleri oppe på kvar side av koret med godt utsyn over kyrkjelyden. Koret har elles fire høge vindauge, småruta og enkle i forma. Alle har lyse gardiner som skal dempe skin frå sola. Vindauga i kyrkjeskipet er av same typen som dei i koret. Hovudfargane i kyrkja går i lys blått og grønt, med innslag av raudbrunt på dørkarmar, listverk og på benkesidene. Luta vegger er med og gir kyrkja eit varmt preg. Hovudgalleriet i vestenden er frambygt på sidene og har heil front inndelt i blå felt med raudmelerte små pyntesøyler imellom, i same form som dei på preikestolen. Fem solide søyler på kvar side av midtskipet held oppe galleriet. Mellom koret og skipet er der i dag eit enkelt skilje som går litt høgare enn alterringen.

Den gamle altertavla frå Grotle-kyrkja dreg dei historiske linene bakover til eit kyrkjeliv med rike tradisjonar her ytst mot havet. Det var blåfargen i dette kunstverket som var utgangspunktet for fargevalet då Frøya kyrkje vart pussa opp før 100-årsjubileet i 1965. Til jubileet vart det reist eit tilbygg på nordsida av koret, med plass til toalett og eit nytt, romsleg dåpssakristi/møterom.

Dei fyrste åra var kyrkja pryda med eit heller høgt spir, men på grunn av hardt vêr var det uråd å halde spiret på plass, og det var også vanskeleg å få tårntaket tett. I 1933 vart det gamle tårnet fjerna og eit nytt med større grunnflate reist i staden. I tårnfoten vart det plass til eit større våpenhus. Tårnhalsen vart bygt firkanta og låg, og han er i dag pynta med heller kort spir tilpassa vind og vêr. Elektrisk lys var installert i kyrkja i 1949 og elektrisk oppvarming i 1958.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1865 er laga av Anders Askevold. Motivet, "Nattverden", er truleg ein kopi av Rubens (1577-1640) si "Lovprisinga av den heilage nattverden".
På alteret står to høge lysestakar i tinn frå 1965, og to tre-arma lysestakar i sølv frå kring 1960. Nattverdsutstyret er i sølv, og omfattar ein kalk frå 1865, ein disk frå kring 1930, ein kalk og ein disk frå 1953, ei brødøskje frå 1865, og ei vinkanne. Preikestolen og døypefonten er frå 1865. Det eldste av dei to dåpsfata i messing, er frå kyrkja på Grotle, medan det andre er frå 1865. I tillegg kjem ei dåpsmugge i sølv.

Den gamle altertavla er datert til 1752. Tavla, som heng på nordveggen i skipet, framstår med tre felt; eit understykke, eit hovudfelt med eit måleri som viser nattverdsinnstiftinga, og eit toppfelt med Golgata-scena. På sidene av toppfeltet står ein skulptur av Moses med lovtavlene (t.v.) og av Aron som øvsteprest (t.h.). Toppstykket, som truleg har vore ein treskulptur av den triumferande Kristus, er borte. Understykket har eit skriftsitat med gylte bokstavar på svart botn. Det er nødvendig med ein fagleg innsats for å sikre denne tavla for ettertida.
Veggteppet frå 1965, er laga av Johanne Førsund. Orgelet frå 1926 har 12 stemmer, og er laga av Vestre Orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1865, har innskrifta "Bremanger 1865. Gud alene æren". Ho er laga av Laxevaags Værk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR