Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 27. august 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Loen kyrkje



Loen kyrkje er ei åttekanta trekyrkje som står på eit høgdedrag ovanfor bygda Loen. Kyrkja, som har 190 sitjeplassar, vart vigsla 9. september 1838 av prost Wilhelm Frimann Koren på biskop Neumann sine vegner. Byggmeister var Elling Waldboe, ingen arkitekt er nemnd. Loen kyrkje er soknekyrkje for Loen sokn i Stryn prestegjeld.

Loen kyrkje er ei av dei minste kyrkjene i Nordfjord, og ei av dei få i fylket som er åttekanta.
Foto: Wolfmann. Kjelde WikimediaCommons CC BY-SA. 
https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Loen_Church_Sogn_og_Fjordane_03_2015-04-28.JPG

Loen kyrkje er ei av dei minste kyrkjene i Nordfjord, og ei av dei få i fylket som er åttekanta. Foto: Wolfmann. Kjelde WikimediaCommons CC BY-SA. https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Loen_Church_Sogn_og_Fjordane_03_2015-04-28.JPG

Fotograf: Wolfmann

Kyrkjebygningen

Loen kyrkje, som står på eit lite høgdedrag ovanfor sentrum i bygda, er, med sine 190 sitjeplassar, ei av dei minste i Nordfjord. Skipet er forma som ein avlang åttekant med tre vindauge på kvar side, og på midten av taket er der eit lite åttekanta tårn. Innvendig er veggene gråmåla, det boga taket (saltak) er lyst i midten og raudbrunt på sidene. I austenden ligg det kvadratisk forma koret, og i forlenginga av det, sakristiet som vart bygt til seinare. I koret er det småruta vindauge på kvar side og eit lyseblått tak som gir ein frisk kontrast til det gamle, staselege inventaret. Korskiljet er to søyler inn mot midten og traleverk oppe på kvar side. Skipet har ei lengde på 12,5 m og er 10 m på det breiaste. Koret har ei tilnærma kvadratisk grunnflate på 5,5 x 5,5 m.

Våpenhuset i vestenden har trappeoppgang på sørsida. Sidan kyrkja ikkje har galleri, har orgelet i staden fått ei uvanleg plassering i eit rom på veg opp til tårnet. Frå kyrkjerommet ser ein orgelpipene og skimtar ansiktet til organisten. Fargane i kyrkja har vore dei same sidan oppussinga til jubileumsfeiringa i 1938, året etter at kyrkja var 100 år. Då kom også orgelet på plass, og det vart montert elektrisk lys. Det var også til 100-årsjubileumet at ein del av det gamle inventaret kom på plass i kyrkja.

Inspirert av Innvik kyrkje

I den gamle bygdeboka vert kyrkja som byggverk skildra i heller kritiske ordelag. Der har forfattaren m.a. skrive følgjande: "Kyrkja kan ikkje vere bygt etter rit (teikning), men er nòva saman på slump. Det er lite samhøve mellom dei ymse luter av kyrkja, og ho har difor ikkje den vyrdelege stilen som systerkyrkja i Innvik." Det er nok å ta vel hardt i når han seier at ho er reist på slump. Kyrkja er reist i nokså nøyaktig aust-vest retning, og fagfolk meiner at oppbygginga viser ein godt planlagd konstruksjon. Byggmeisteren har tydeleg henta inspirasjon frå Innvik kyrkje, sjølv om dei ulike delane av kyrkja i Loen ikkje harmonerer på same måten. Det vesle gudshuset er i alle fall eit særmerke for bygda, og sidan det har skjedd lite ombyggingar og endringar gjennom åra, er Loen kyrkje også ei av dei best bevarte i sitt slag i landet.

Altertavla og anna inventar

Altertavla er truleg frå tidleg på 1600-talet, og er ei katekismetavle som etter vedtak på ein synode i Bergen i 1579 for ei tid konkurrerte ut altertavler med bilete. Det særmerkte ved altertavla i Loen er ramma. Dei halvsirkelforma vengene, englehovuda, profillister med dekorasjonar er typisk for ein fabrikkliknande produksjon i Bergen på denne tida. Tavla og preikestolen i Loen har mest truleg vorte laga i Bergen. Fyrst i 1667 kom tavla på plass i Loen kyrkje, og følgde med over i den nye kyrkja. Seinare vart tavla overmåla, og så restaurert i 1937-38 av Domenico Erdmann og Olav Seter frå Riksantikvaren.Tavla er sett saman av tre like store rundboga felt med katekismetekstar. Midtfeltet oppe har ein enkel kross med Kristusmonogrammet IHS.

På alteret står to trearma lysestakar i sølv, frå 1975, og to store lysestakar i bronse, frå 1977. Nattverdsutstyret omfattar to kalkar, ein i sølv og ein i sølvplett, ein disk, ei brødsøkje og ei vinkanne, alle tre i sølvplett.

I kyrkja finst det fleire gamle bøker: Christian IIIs Bibel frå 1550, Frederik IIs Bibel frå 1589, ei messebok frå 1606, Ny Psalmebog frå 1699 og Brochmanns Huus-Postill frå 1760.

Preikestolen, frå 1600-talet, stod på same plass også i den gamle kyrkja. Han vart restaurert i 1937-38. Ein svært gammal, gylden messehakel, kanskje frå 1600-talet, finst også i kyrkja. Her er to kyrkjeklokker, den eine kan vera frå mellomalderen, og den andre, med innskrift på latin "(Herrens) Ord varer til evig tid", er frå 1594.

Lodalsulukkene

Onsdag 16. september i 1936 var den vesle åttekanta kyrkja i Loen samlingsstad for dei sørgjande etter ei av dei største naturkatastrofene i Norge. Ute på kyrkjebakken stod det 21 kister med omkomne frå den andre Lodalsulukka.

Rundt om i heile landet sat folk ved radioen og følgde med på gravferda. Inne i kyrkja var det plass til berre dei aller næraste. Framme i koret sat dåverande kronprins Olav. På vegner av Kongehuset var han til stades for å syne deltaking i tragedien som hadde råka det vesle bygdesamfunnet så ufatteleg hardt tre dagar i førevegen.

Gravferdsdagen var ei sørgjehøgtid i stille og djupt alvor. Han som var sokneprest i Loen i 1936, Eilert Eriksen, mintest seinare korleis det var å stå midt oppe i den vonde hendinga. Han sa det ganske enkelt slik: "Der er sorg som er så svær og tung at vi ikke har ord. Vi kan bare sette oss ned og gråte sammen." Etter den fyrste gravferda følgde det fleire. I alt 33 menneske vart funne att og gravlagde. Dei andre 41 som omkom vart borte i Lovatnet.

Kven kunne vel tru at dette skulle skje endå ein gong. I 1905, ein mannsalder tidlegare, losna eit stort stykke av fjellet om lag 500 meter oppe i Ramnefjellet. Det førte til ei flodbølgje som nesten utsletta grendene Bødal og Nesdal. I denne fyrste Lodalsulukka omkom 61 personar. Berre 9 vart funne. Dei andre 52 fekk si grav i Lovatnet.

Lodølene møtte trufast fram i Lo-kyrkja, som ho då vart kalla. Når plassane deira ein sjeldan gong stod tomme, var nok forklaringa at dei ikkje kom seg over vatnet den dagen. I kyrkja fekk dei hjelp til å komme gjennom tragedien som hadde råka det vesle bygdesamfunnet. Her kunne dei sørgje, her kunne dei be til Gud om hjelp og styrkje.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Tveit, Olav Jakob (Red.): Loen kyrkje 150 år 1838-1988. Loen sokneråd. Stryn 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR