Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juni 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Dalsøyra bedehus



Lekmannsrørsla stod sterkt kring århundreskiftet 1800/1900. Lekpredikantar i kristne organisasjonar reiste rundt i bygdene og heldt møte og skipa lokallag. På Dalsøyra i Gulen heldt dei møta i skulehuset, men og mykje i heimane. Tanken om å byggja bedehus kom snart opp, og 1. juni 1916 vart Dalsøyra bedehus vigsla.

Dalsøyra bedehus, bygd 1914. Påbygget vart teke i bruk i 1967.

Dalsøyra bedehus, bygd 1914. Påbygget vart teke i bruk i 1967.

Eigar: I skrift om bedehuset

Datering: 1999

Fotograf: Ukjend

Byggjearbeidet
Den 13. mai 1914 vart det halde møte på skulehuset på Dalsøyra om å byggja bedehus i bygda. Møtet vedtok å gå i gang med byggjearbeid, og det vart vedteke lover. John Kjellevold, Martinus Haveland og Ola Lihaug, som hadde kalla saman til møtet, vart valde til styre for huset.

Nokre menn reiste til Vadheim for å sjå på bedehuset der. Dei ynskte seg nokolunde same hus på Dalsøyra. John Kjellevold gav fri grunn på sørsida av Biskophaugen der den gamle bygdevegen gjekk like ved. Plasseringa var elles sentral i høve til yttarkantane av bygda.

Byggjearbeidet kom så i gang. Huset vart bygt utan kjellar. Berre eit lite, lågt rom i austre hjørna vart laga for å ha plass til ved. Ole Lihaug, Martinus Haveland og fleire var bygningskunnige, så ein var sjølvhjelpne soleis. Det var god tilgang på arbeidskraft. Alt vart gjort på dugnad. Elling Lihaug laga talarstolen, og Bertel Berge vindauga.

Innreiing
Storleiken på huset var 12 x 8,60 m, med eit lite tilbygg, bislag, til inngang. Huset fekk storsal og småsal med kjøken attmed. Over småsalen og kjøkenet var det galleri med ca 50 sitjeplassar. Der var 4-5 trappesteg opp til talarstolen. Storsalen hadde halvrund kvelving i taket, med full opning inn til galleriet. Vegger og tak var panela.

Nokre store lampar gav turvande lys. I storsalen kom ein stor, rund omn, og i småsalen ein høg kisteomn. I kjøkenet var det komfyr med røyr til pipa i småsalen. Trappa til galleriet gjekk gjennom kjøkenet. Den vart seinare flytta til bakveggen i småsalen. I austre gavlveggen i storesalen vart seinare påsett to avstivningsstøtter, då veggen knirka så mykje når det var vind.

Vigsling
Huset vart vigsla den 1. juni 1916 av sekretær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, Andreas Lavik. Dette var ein stor festdag med fullt hus. Mange langvegsfarande kom og. Det vart servert rjomegraut og smørbrød. Helsingar og gåver høyrde og med. Dorthea og Lasse Lund gav bibel og nytestamente.

Utbetringar
Med åra vart det turvande å utbetra huset. I 1949 vart ein samde om å gjennomføra ei innsamling til eit større utbetringsarbeid og året etter vart det vald byggjenemnd. Det vart lagt nytt golv oppå det gamle. Himlingen i storsalen vart nedsenka ca 1,30 m. Vegger og tak i båe salane var kledde med porøs huntonitt, og det vart sett bjørkefinér på veggene i høgd 1,5 m frå golvet. I fronten mot galleriet vart det sett opp luker, og mellom salane sett inn laus delevegg.

I 1958 vart dei gamle takpannene skifte ut med fasettskifer av eternitt. På langsida mot vegen vart det sett inn nye glas i 1961 og omnen i småsalen vart utskift i 1974. Straum vart innlagt 1945, og huset kopla til Vassverket i 1971.

Tilbygg
Ein såg det etter kvart også ynskjeleg å få eit tilbygg med rom for matsal, kjøken og nytt inngangsparti med garderobe og toalett. Grunnarbeidet kom i gang vinteren 1964. Henrik Rotnheim grov ut tomta, og Søren Virksesdal stod for boring og sprenging. Seinhaustes 1965 var det tak på tilbygget på 86,7 m2, fordelt på matsal (53,9m2) og kjøken (26,9 m2). Olav Molde og Elling Lund stod føre arbeidet med god hjelp attåt. Tilbygget stod heilt ferdig i 1967. Kjøkenet vart romsleg og matsalen fekk plass til 70-80 personar.
I 1971 vart det bygt ny inngang med garderobe og toalett på 15,8 m2. Gamlekjøkenet vart no ein del av garderoben.

Utsmykking
17. mai 1917 vart det hengt opp eit innråma Kristus-bilete på frontveggen i storsalen. Det er påskrive ord frå Joh. 17.24: "Fader, jeg vil.." osb., og var ei gåve frå Marianne E. Erstad f. Ellingsen til minne om far hennar, Ivar Ellingsen Berge. I 1952 vart dette biletet flytta inn i småsalen. Same året kom den store bilettavla (1,65 x 1,95 m) med motiv Jesus i Getsemane, måla av Vilhelm Bjørknes, opp på frontveggen i Storsalen. Dette store arbeidet gjorde Bjørknes for berre 300 kroner som vart betalt av seks personar. Konrad Lihaug laga råma.

I Storsalen er elles pryda med to bilete av Marie Halland, det eine med orda "Gled dere i Herren", det andre med orda "Av nåde er dere frelst". Eldbjørg Molde har gjeve eit brodert veggteppe med påskrifta "Ha tru til Gud". Eit liknande teppe er gjeve av Margit Kjellevold. Det har påskrifta "Jesus lever."
I matsalen heng eit Kristus-bilete som også er måla av Vilhelm Bjørknes. Det er gjeve av Margit og Ole Kjellevold. I matsalen er elles eit biletteppe med motiv Nattverden gjeve av Klara og Elling Kjelby.

Lover
Lover for Dalsøyra bedehus vart vedtekne i møtet på skulehuset 13. mai 1914. Paragrafane 1-3 fastset kva huset skal brukast til.
§ 1) Dalsøyra bedehus eies av Dalsøyra indremisjonsforening, og virsksomheten i huset skal være i overensstemmelse med Guds ord og den evangeliske Lutherske bekjennelse.
§ 2) Dalsøyra indremisjonsforening har til enhever tid den første rett til husets bruk. Når det ikke kommer i veien for foreningens arbeide, skal huset kunne benyttes til ethvert gjøremål i Guds rike som står i overensstemmelse med § 1.
§ 3) Når det ikke kommer i veien for husets bruk etter § 2 kan huset benytets til møter for gode og almennyttige gjørmål. Dog må det stadig påsees at disse møter ikke kommer i strid med Guds Ord og sand kristelig moral.

Verksemda dei fyrste tiåra
I 1959 skreiv Hans I. Dale eit stykke om verksemda i Dalsøyra bedehus i Kyrkjelydsblad for Gulen og Mjømna. "Mange av oss venta sterkt på ei ålmenn vekking i bygda, og den kom vinteren 1914-1915 ved emissær Klingsheim frå Stavanger-kanten. Han var Guds reiskap, full av Den heilage Ande, - og sterk i trua. Det vart halde møte mest kvar dag heile vinteren, og unge og eldre i krinsen vart med, og i møta vart det vitna om frelsa full og fri."

Utanom vanlege møte var det og årlege julefestar. På desse festane var det stort frammøte, der ungdom og born også kom. Etter at sundagsskulen tok til i 1932, hadde den og julefestar. Basarar var det også fleire av. Elles vart det skipa til stemne, der folk frå fjern og nær samlast. Tidvis var det ein flokk kvinner som kom saman til bønemøte. Dei heldt til i kjøkenet attmed småsalen, der det var lettast å varma opp vinterstid.

Vekking i 1945
Det vart bede mykje om vekking i bygda. Ho kom i mars 1945. To menn - Anders Husebø og Peder Veiberg, som verka i Misjonssambandet, kom og heldt møte. Det var møte kvar kveld i tre veker, og med stort frammøte, til dels fullt hus. På desse møta var det mange som tok imot Jesus som sin Frelsar og Herre. Talarane song også i lag, og P. Veiberg spela litt på trekkspel. Møta vart jamnast lange, med bøn, samtale og sjelesorg. På heimvegen song ungdomane. Der folk møttest, vart det tala mykje om det som gjekk føre seg i bedehuset.

På desse møta vart det skipa ei songgruppe med Odny Haveland som leiar. Dei heldt ved ei tid utetter med øvingar og deltaking på møte. Den 31. mars vart det skipa eit kristeleg ungdomslag med Borghild Nerdal som leiar. Seinare vart Sjur Dale leiar. Lagsvisa Samhald vart fyrste gong lesen opp den 22. april 1945. Siste utgåva er datert 11. juli 1948.

Det var gode år i tida etter vekkinga i 1945 med godt frammøte til møte og festar. Utbetringa av bedehuset som etter kvart kom til, gav også god kveik. Dei fleste unge reiste etter kvart bort frå bygda til skular eller arbeid. Saman med at fleire eldre fall frå, gjorde dette sitt til at samkomene på bedehuset vart mindre. Songgruppa i det kristne ungdomslaget stogga opp.

Sundagsskulen
Sundagsskulen tok truleg til i 1932 og heldt fram samanhengande til 1993-1994. Den heldt til i bedehuset, og den fyrste tida var i alle fall Brita Kjellevold, Elevine Nordal og Berentine Lihaug med som leiarar. Frå 1947 heldt Marie Halland og Olav Molde fram i lag til 1970-1975. Deretter heldt Olav Molde fram åleine til 1990, og Hildegunn Atterås Aspen nokre år vidare.

Den fyrste tida var det sundagsskule kvar sundag, seinare annankvar. Frammøtet var jamnast bra. Ein turdag som sommaren var det og den fyrste tida, gjerne saman med andre sundagsskular. Julefestar var årvisst.

Gulenstemna
I 1950-åra byrja Gulenstemna, tilskipa av dei kristelege ungdomslaga på Byrknesøy, Eidsbotn og Dalsøyra. Stemna var årviss og skifte på desse stadene. Talarar var oftast frå Misjonssambandet. Vilhelm Bjørknes var mykje med som talar. Siste tidbolken har Sogn Indremisjon sytt for talarar. Dei har og fått offeret. I mange år no har desse stema vore skipa til annakvart år på Byrknes og Dalsøyra. Brekke musikklag har ofte teke del med song og musikk.

kjelder:

Molde, Olav: Om Dalsøyra bedehus-og verksemd. Skrift, avslutta våren 2001
Tjeltveit, Njål (red.): Bedehuskulturen. Bedehus og bygdeliv i Ryfylke. Stavanger 1987.
Aagedal, Olaf (red.): Bedehuset. Rørsla, bygda, folket. Oslo 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR