Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gloppestadstøylen



Gloppestadstøylen ligg ovanfor Engesetåsen ca. 500 m o.h. Den er støl for Slagstad, gard nr.65 og Gloppestad, gard nr.66. Det er ein stor og romsleg graskledd støl, delvis oppdyrka, serleg på teigane til Slagstad. Husa ligg spreidd, delvis i grupper. Ein del av fjøsa ligg i øvre kviegarden. Stølen har 10 sel i rimeleg bra stand og 12 fjøs i rimeleg bra stand. På denne stølen var det vanleg med sel og høylade under same tak. Dette tyder på at her var mykje slått. Det var ikkje nok plass på fjøslemmen for høyet.

Frå Gloppestadstølen.

Frå Gloppestadstølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det går skogsbil-/jordbruksveg på fjellet her. Frå vegen og opp til stølen er 0,5 km traktorkøyrd rås. Tidlegare vart avdråtten boren heim med børtre og spann eller hylkje på ryggen. Det gjekk kring 1,5 time å fylgje råsa.

Bruk av stølen

I bygdeboka for Gloppestad står det at stølsdrifta har vore vanskeleg gjennom tidene fordi beitene var både knappe og av ring kvalitet. Etter ei gamal segn skulle dei ha ført krøtera heilt over til Randadalen for å finna gode nok stølsbeite. Men etter at dei ein gong forliste med ein krøterfarm på fjorden, tok dette slutt.

Stølsdrifta heldt fram på noverande stad fram til 1950 -60 åra. Dei var på stølen frå jonsok til kring 25. september. Dei hadde store slåttekvier på kvart bruk. Det var eit yrande liv dei 3-4 dagane slåtten stod på. Både slåtten og transporten heim på sledeføre føregjekk samstundes for alle bruka. Høyet vart lagra i lada som var eit tilbygg til selet. Stølskviene vert delvis enno slått, men foret vert no køyrt heim rått og lagt i silo.

Nokre fakta

Slagstad, gard nr. 65, Vereide sokn, hadde 2 bruk i 1890. Gloppestad, gard nr. 66, hadde same året 8 bruk. 20 menneske budde på Slagstad i 1865, i 1900 redusert til 18. På Gloppestad var det 51 personar i 1875, mot 42 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 389, 400. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR