Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. januar 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Då Osen bru ramla i elva



Gaula renn ut inst inne i Dalsfjorden. Osen bru ligg nesten ved utløpet. Den 30. april 1959 stod ei heller uvanleg kunngjering i Firda: "Fylkesvegen mellom Osen og Eidevik er sperra for all ferdsle ved Osbrua, meddi denne brua er sett ut av funksjon ved skotskade." I denne artikkelen fortel Svein Ove Nistad, fødd 1948, kva som skjedde.

Osen bru nedramla i elva etter arbeidsuhell 28. april 1959. Fire personar er synlege på brukaret. Brua vart bygd i 1925.

Osen bru nedramla i elva etter arbeidsuhell 28. april 1959. Fire personar er synlege på brukaret. Brua vart bygd i 1925.

Eigar: Svein Ove Nistad

Datering: 1959.

Fotograf: Oddvar Rusten.

Innleiing

Vegen frå Osen til Eidevik og Sveen på kyrkjestaden Bygstad går over Osen bru langs sjøen forbi den bratte hammaren Saltkjelen. Fylkesbaatane hadde stoppestad i Sveen (stoppestad-namnet vart seinare endra til Bygstad) frå 1859. Det vart bygt veg langs sjøen frå Eidevik til Osen og med bru over elva i åra 1876-1880. Brua vart erstatta med ny fagverksbru 1925. Det var denne brua som ramla i elva i 1959. Svein Ove Nistad fortel:

Såg den nedramla brua

Eg har heilt sidan eg var ein liten gut hatt interesse for historie. Eg vil her prøve å feste til papiret kva som hende då Osen bru ved utlaupet av Gaula vart nedsprengd 28. april 1959. Dagen etter fekk eg ved sjølvsyn sjå brua som låg nede i elva med ei stor steinblokk oppå.

Flaskehals

I mange år hadde brua vore ein flaskehals på riksveg 57. Bussar og lastebilar måtte rygge eit par gonger når dei kom frå Bygstad for å kome inn på brua. Statens vegvesen hadde avsett ein pengesum til å leggje om vegen til Åmodt ved å sprenge seg gjennom hammaren på nordsida av brua. Dette ville og gjere innkøyringa på brua enklare.

Førebuing til siste salva

Det har vore meg fortalt at det var bora ein kombinasjon av liggjarar og standarar (vassrette og loddrette borehol). Liggjarane var mellom 4 og 5 m lange og dei skulle vere godt brende (laga til med god plass for sprengstoffet/dynamitten). Dei hadde arbeidd seg fram gjennom hammaren frå nord. Dette var såleis den siste salva, berre om lag 3 m fjell skulle stå att.

Fjellet var greitt å bore, men det hadde vore ein del slepper og stikk. Basen var midt i 60-åra. Med seg hadde han fire mann, to var i 50-åra, to i 30-åra. Basen lada sjølv standarane saman med ein av dei yngre arbeidarane. Det verka som det var plass til mykje dynamitt i liggjarane.

Landa på fagverket

Klokka 12.45 sprengde dei salva. Han som heldt vakt på nordsida fortalde i 2007 såleis: "Det small, og eg såg ei stor blokk som landa på toppen av fagverket. Brua gjorde liksom eit hopp før ho gjekk ned i elva som i sakte film."

- svær vassøyle -

Den andre informanten min, Magnar Korsvoll, var 12 år. Han stod på ca 150 m avstand ved den gamle skulebygningen på søraustsida av elva. Han fortel: "Eg såg ein god del stein kome inn på brua. Som i sakte film gjekk brua ned i elva, og ei svær vassøyle gjekk høgt opp i lufta."

Nye bjelkar

Uhellet skjedde tysdag 28. april. Torsdag 30. april hadde Firda intervju med Erling P. Skåre som var avdelingsingeniør. Han hadde tinga Gabriel Bjørvik til å skysse skuleborn og andre reisande få Sveen til Båtevik. Skåre sa vidare at dei hadde ei bru med same spenn på Indrehus i Bremanger. Han sa dei skulle tinge inn to bjelkar frå utlandet. Det var lang leveringstid på slike bjelkar.

Mellombels bru

Kva hende så vidare? Ei provisorisk gangbru blei laga oppå restane av fagverket som stakk opp frå elva. Etter om lag eitt år fekk dei to nye bjelkar på plass og laga til ei provisorisk bru med tredekke på dei to bjelkane. Samstundes reinska dei elva for stein og restane av brua.

Ny bru

Sommaren 1964 forskalte dei og støypte ny bru. Dei fekk to bjelkar i tillegg til dei to som kom i 1960. Der var strenge reglar med omsyn til laksefisket. Dei måtte vere varsame så ikkje kappendar eller plankebitar fall ned i elva. Dei som arbeidde i 1964 var: Arthur Korsvoll, Elias Strandenes, Albert Nistad og Nils Yngvar Korsvoll. Korsvoll gjekk på NTH og fekk praksis her. Det var så mykje regn den sommaren at dei slapp å vatne betongen i det heile.

kjelder:

Firda 00.00.1959. Ese, Kristin: På god veg. 2007.
Informasjon frå:
Magnar Korsvoll.