Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bergstøylen - Engesetstøylen



Desse to stølane ligg tett saman og vert handsama under eitt av di fellesstølen pregar området så sterkt no. Dei høyrer til gardane Berge, gard nr. 72 og Engeset, gard nr. 73. Stølane ligg i lia ovanfor tuna opp mot beitefjellet ca. 580-600 m o.h. På den opprinnelege Bergstøylen står att eit sel. På Engesetstøylen tre sel. Ingen fjøs, men tufter viser at her har vore fleire hus. Fellesstølen ligg med fjøsen på Berge og budeiehytta på Engeset. Større areal omkring er oppgjødsla til kulturbeite. Fellesstølen hadde leigeavtale om arealbruk. Leigeavtalen vart ikkje fornya etter dei første 20 åra.

Oversikt over Engesetstølen.

Oversikt over Engesetstølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsråsa stig ca 400 m opp frå tuna og opp til stølane. Alternativ veg i dag er å ta fjellvegen innover via Engeset. Frå den er det ca 2 km bilveg til fellesstølen.

Bruk av stølen

I bygdeboka står det om Bergstøylen at tradisjonell stølsdrift tok slutt aller sist i 1940-åra. Men bruka har gått inn i tiltaka kring veg og bygningar på den nye fellesstølen. Dette storarbeidet kom i gang tidleg i 70-åra. Det var og fleire partar utanom desse to gardane som var med i fellesstølen.
Om Engesetstøylen står det at stølsdrifta tok slutt også på Engeset straks etter 1950. Bruk nr 1 slutta også med kyr i 1957. I tidlegare tider gjekk tre bruk saman om eit sel, men i 1937 hadde bruk nr 2 bygt sitt eige. Det gamle fellesselet fekk då bruk nr 1 etter loddtrekning. I 1937 bygde dei på selet.
Leigeavtalen for fellesstølen var 20 år. Den tida gjekk ut for få år sidan utan at leigeavtalen vart fornya. Dei oppgjødsla beiteareala vert no brukt av grunneigarane.

Nokre fakta

Berge, gard nr. 72, hadde 3 bruk i 1890. Same året var det 2 bruk på Engeset, gard nr. 73. Folketalet på Berge var 25 i 1865, i 1900 var talet 14. På Engeset budde det 22 menneske i 1865, i 1900 var talet redusert til 9.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 511, 520. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR