Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Margaretastova på Filefjell



Fjellstova frå 1300-talet ".. til Benyttelse for Reisende udenfor Bondestanden og ingenlunde til Brug for Bønder i nogen slags Maade".

Hovudbygningen på Maristova (t.v.) er bygt inntil den gamle Margaretastova frå 1792.

Hovudbygningen på Maristova (t.v.) er bygt inntil den gamle Margaretastova frå 1792.

Eigar: Lærdal lokalhistorisk arkiv.

Datering: 1997.

Fotograf: Kåre Hovland.

Salustove

Alt frå inngangen til 1100-talet finn me kjelder om overnattingsstader eller fjellstover, kalla "sælestover", på viktige fjellovergangar. I Bjørgynjar Kalfskinn, ei jordebok over kyrkjegods på 1300-talet, er nemnt "Helge Ivarsons salustova" på Filefjell. Om Helge Ivarson stod bak oppføringa og vart "stovemann" er usikkert, men Munkeliv kloster i Bergen gav støtte til bygginga med 30 mark brent sølv, ein heller bra sum. Sælestova kom til å eiga jordpartar rundt om i Sogn og hadde leigekyr, som begge deler gav inntekter.
Maristova, som det no heiter, er framleis ein turiststad og ligg om lag 800 meter over havet i Lærdal kommune på vestsida av Filefjell, 50 kilometer frå Lærdalsøyri,.

"Margaretastofa á Filefjelli"

Rundt 1358 kjem namnet "Margaretastofa á Filefjelli", eit namn som kanskje klosteret stod bak. "Margaretastova" har sidan vorte til Maristova eller Maristuen.
Det har vore hevda at dronning Margrethe er opphavet til namnet, men det høver dårleg i tid då ho regjerte 1375-1412. Meir truleg er det ein skytshelgen stova har fått namn etter. Dei reisande trong det vernet dei kunne få i dei dagar på farefulle reiser i høgfjellet. Kven heilag "Margareta" det er som i så fall gav namnet til fjellstova er usikkert, men det finst fleire kandidatar: Margareta av Antiokia, Margareta av Skotland (1045-1093) eller Margareta, kalla "piken fra Norge" som i 1283 skulle giftast bort til Orknøyane, men døydde. Ti år seinare dukka det opp ei som gav seg ut for å vera "Piken fra Norge", "Den falske Margareta". Ho vart brend på bålet på Nordnes ved Bergen i 1301 og vart seinare helgen.

 

Stat og kyrkje som eigarar

Kong Magnus Erikson saman med biskop Gisbrikt av Bjørgvin gav vedtekter for stova på 1300-talet. Mellom anna skulle det alltid finnast ½ brød, ½ pund rug, 1 pund korn, 1 kjel og ei "boløks". Reglane vart fornya i 1358 av kong Håkon 6. Magnusson. Då var ein Ivar Erlingson stovemann. Når både konge og biskop stod bak vedtektene, må det tolkast som om både stat og kyrkje gav stova vern.
Etter reformasjonen vart staten åleine eigar av fjellstovene med stovemennene tilsett av staten. Staten måtte syta for at embetsmenn og staten sine tenarar vart vel tekne vare på. "Stuemanden" skulle heile tida vera godt forsynt med mat og drikkevarer og anna som trongst, så sant han ville unngå tiltale, straff eller utkasting.

"Margrethestuen"

I samband med bygginga av kongevegen over Filefjell vart ei ny "Margrethestue" bygt i 1791-92. Vegbyggjaren, generalvegmeister Hammer stod bak, og han ville laga det makeleg for seg og sine.
Snikkararbeidet vart sett ut på tilbod og Ole Odden (Ø. Eri, busett på Lærdalsøyri) fekk tilbodet. Men som det vart sagt: "Det forbandede Superie er hans ødeleggelse, og paafører andre mangfoldige Kiedsommeligheder." Trass i sitt "Superie" var Ole ein flink handverkar som mellom anna høvla bord og laga dører.
Eit særskilt rom vart innreia med himmelseng, dunfylte dyner og sengklede merka med kongen sitt merke. Stovemannen, Mons Henrikson, vart pålagt å ".. holde det alt i Agt og renlig Stand til Benyttelse for Reisende udenfor Bondestanden og ingenlunde til Brug for Bønder i nogen slags Maade samt tillige i sit Huus at være forsynet med gode og forsvarlige drikkevahre, samt andre fornødenheder saa fremt han vil undgaae tiltale og anden Straf samt Udkastelse af Stedet." Bøndene måtte ta til takke med enklare losji i tre små stover som stod ved sida av.

Privat eige

I 1847 vart fjellstova seld "under hånden" for 300 spesiedalar (ca. 1200 kr) til stovemannen då, Anders Jonson Nystuen. Nokon offentleg auksjon vart det ikkje. Formannskapet gjekk sterkt inn for at Anders Jonson fekk overta på rimelege vilkår då han hadde svært gode skussmål. Med kjøpet følgde plikt til å driva skysstasjonen, postføring, snøbrøyting og vedlikehald av vegstakane over Filefjell. Eit vilkår var òg å flytta stova eit stykke då ho var svært utsett for flaum frå ein bekk om våren. Og mest truleg vart dette gjort.
Etterkommarane utvikla sidan det tradisjonsrike Maristuen høgfjellshotell som brann ned til grunnen våren 1976.
Margaretastova står enno nær original stand og er privat museum for familien på Maristova.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tyssen, Asbjørn: Kulturhistorisk vegbok Sogn og Fjordane. Lærdal - Sogndal, Sogn og Fjordane forlag, Naustdal, 1989.
Statens vegvesen Sogn og Fjordane - Lærdal kommune: Frå kongeveg til stamveg. Hermansverk - Lærdal 1993.
Hovland, Kåre m.fl.: Lærdal bygdebok, Heim og ætt, bind I, Borgund sokn. Lærdal kommune 1987.
Private gardsdokument utlånt hjå Sara Maristuen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR