Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kunstmålaren Steffen Inge Gausemel



Steffen Gausemel hadde ei kort skapingstid, men han gjekk inn for kunsten med heile sin hug. Allereie som liten synte Steffen seg å vere ein kreativ kar. "Mor hans trudde for visst at han kom til å bli kunstnar, for han brukte ikkje førebilete frå bøkene, som var vanleg i den tida, men teikna skisser frå det verkelege livet."

Målarstykket "Bruatunet". Biletet er eit døme på dei naturalistiske bileta som Steffen måla tidleg i karrieren. Det viser heimtunet, slik kunstnaren sjølv såg det, og slik det truleg såg ut på denne tida.

Målarstykket "Bruatunet". Biletet er eit døme på dei naturalistiske bileta som Steffen måla tidleg i karrieren. Det viser heimtunet, slik kunstnaren sjølv såg det, og slik det truleg såg ut på denne tida.

Eigar: Norunn Gausemel.

Datering: 1920-1940.

Tidleg start

Portrettbilete av Steffen P. Gausemel.

Steffen tok til å måle allereie i seksten-årsalderen. Fargane blanda han sjølv, med litt rettleiing frå rosemålarkunsten og lerretet laga han av kveitemjølsekker. Dei fyrste bileta var tradisjonelle landskapsbilete med naturtru komposisjon og dempa fargar. Bileta tala eit språk folk forstod og likte.
Steffen og systera Borghild sat med ansvaret på garden allereie frå dei var unge. Dette likte han berre så måteleg. Han var nok meir akademisk anlagt og hadde interesser som drog sterkare i han. Gardsdrifta vart etter kvart nedprioritert og han starta på lærarskulen i Volda. I studietida fekk han samstundes høve til å måle meir.

Bilete av eit av Steffen's tidlegare måleri.

Aktiv kar

Dei åra Steffen budde heime i Hornindal stod han stadig på scena og han skisserte rollefigurane sine med stor originalitet. Han var aktiv på fleire frontar og måla m.a. "ute-kulissane" til ungdomshuset Dølheim, desse er framleis i bruk.

Bilete av Steffen Gausemel ved staffeliet.

Vendepunkt i Oslo

Etter å ha undervist eit par år tok han vegen til Oslo hausten 1936 for å gå på Statens Kunst- og handverksskule. Året i Oslo markerer eit skilje i målarkunsten hans. Her møtte han likesinna og fekk inspirasjon og kunnskap til å utvikle evnene sine vidare. Studentlivet var heller ikkje på denne tida lukrativt, og han måtte leve svært sparsamt. Det var nok ein slunken kar som kom heim att på vitjing. Hadde økonomien vore annleis, ville han nok fylgt mange sitt råd og gått vidare på kunstakademiet, men Steffen måtte heim.

Heime att

Tilbake i heimbygda tok eine skaparverket etter det andre form. Han brukte djerve, krasse fargar og var mindre naturalistisk i utrykket. Desse bileta var ikkje like lette å forstå og dermed mindre populære hjå bygdefolket. Gausemel brydde seg lite om det, han arbeidde vidare på sin særeigne måte.

Sjølvstendig og rasjonelt

Trass i at han utvikla eit utrykk som fjerna seg litt frå "lekmannen" sitt ynskje, hadde Steffen sterke band til heimbygda og levemåten der. Han skildra særleg arbeidslivet godt, bilete som "skuronn" syner at kunstnaren er i ferd med å modnast, samanlikna med det meir "statiske" biletet av heimetunet. Steffen lei av tuberkulose i fleire år. Han døydde berre tretti år gammal, midt i den beste skapingstida si. Arbeidet hans var sjølvstendig og universelt, bygd både på eiga røynsle og eigne impulsar. Mange av bileta hans er i dag å finne på Anders Svor Museum i Hornindal.

Målarstykket "Skuronn" var eit av siste bileta Steffen måla.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Gausemel,Håkon: Steffen Inge Gausemel -Kunstmålaren som brukte sterke fargar. I Hitsorisk Årsskrift. Hornindal Historielag, 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR