Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 2005

Sist oppdatert 05. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bruk av mjøl- og sukkersekker til klede, sengetøy m.m.



Frå 1880-åra byrja dei store kornmøllene med store bomulls- og jutesekker som dei leverte mjøl i til kjøpmennene, vanlegvis 100kg.-sekker, men også 200 kg.-sekker. Litt seinare, rett over hundreårsskiftet, vart det også distribuert mjøl og sukker i 5kg.-sekker, truleg rett til forbrukar. Denne emballasjen vart ei ettertrakta vare.

Kvinneliv til grøn sunnfjordbunad. Livet er fora med sekkelerret. I halslinningen ser ein stempeltrykket frå sekken.

Kvinneliv til grøn sunnfjordbunad. Livet er fora med sekkelerret. I halslinningen ser ein stempeltrykket frå sekken.

Eigar: Sunnfjord Museum

Datering: 1925-50

Fotograf: Sunnfjord Museum

Sekkar til klede
Frå 1. verdskrigen og framover vart det sydd tusenvis av blusar, kjolar, bukser og sengetøy av sekker, det vart brodert dukar, gardiner og portierar. Rundt 2.verdskrigen gjorde råstoffmangel at også møllene tok papirsekker i bruk, men nokre møller har likevel hatt stoffsekker på lager. I alle høve var det mogleg å få tak i sekker nokre år ut på 50-talet. Pga rasjonering var det vanskeleg å få tak i metervare på denne tida, og bruken av sekker tok seg godt opp att.
Materialet i sekkene var stort sett slik::
Kornsekker - jute eller strie
Mjølsekker - bomull
Sukkersekker - bomull, tunnare kvalitet enn mjølsekkene

Jute- og striesekker vart t.d. brukte til:
Forkle ved grovreingjering og til bruk i fjøsen
Handkle. Vaska i grønsåpe og kokte for å gjere dei mjukare. Tørka seg først på dei, så på handkle av bomull eller lin.
Skureklutar
Dørmatter
Madrasstrekk, t.d. på halmmadrass i vogga
Gardiner og portierar. Populært i 1920-åra, med både broderi og uttrekkssaum

Bomullssekker for sukker vart t.d. brukte til
Nattøy
For i putevar
Klutar
Safteklede

Bomullssekker for mjøl vart t.d. brukte til:
Det var ulik kvalitet på sekkene og den avgjorde kva dei blei brukte til.
Laken. Måtte ofte skøytast på midten. Sidene vart ombytte når det vart slitasje. Til laken kunne ein bruke grovare bomull enn til dynetrekk og pute.
Undertøy/nattøy. Krov fin kvalitet.
Klede; - barnetøy, blusar. Sommarkjolar. Krov fin kvalitet.
Handkle
Kjøkkensett
Dukar
Portierar

Stempelmerke
Sekkene var ofte stempla og det blei vitsa om kvinneunderbukser som hang til tørk og det stod Bjølsen Valsemølle i baken. Stempel kunne fjernast ved å smørje dei inn med grønsåpe og late dei ligge ei stund før dei skurte dei vekk. Etterpå vart sekkene vaska og bleika - helst skulle dei henge ute i marssola. Sekkene måtte ikkje vere vaska på førehand, då kunne ikkje stempela fjernast. Det ser ut til at det har vore mindre nøye med å fjerme stempelet på sekker som skulle brukast til for i kle; der kan ein enno lese tydelege varemerke.
Alternativa til sekker var å kjøpe staut, bommesi eller ubleika lerret, men det var sjølvsagt dyrare. I 30-åra kosta ein sekk mellom 50 øre og 1 kr og var mykje billegare enn metervare.

På musea
Musea har både sengeklede, kvinne- og barneklede, handkle, dukar med meir som er laga av sekk. Jute og strie er det minst av, truleg har det hatt ein bruk som har gjort at dei vart heilt utslitne og kasta

kjelder:

Clayhills, Harriet: Det store lappeteppet. Også ei kvinnehistorie. Oslo 1984
Jensen, Inger: Bruk av melsekker Dugnad 2 Oslo 1991

PERMANENT IDENTIFIKATOR