Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. oktober 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Løkeland hermetikkfabrikk på Atløy



Verksemda vart etablert av Sigurd Løkeland i 1922. Hovudproduktet har vore hermetisert krabbe, naturell eller som postei. Til ut på 1960-talet vart krabbehermetikk produsert på fem til seks fabrikkar i Sogn og Fjordane. Talet på slike fabrikkar gjekk ned, og i 1984 var det berre fem att i landet.

Løkeland flytte i 1930 til Herland på vestsida av Atløy. Her bygde han både bustadhus og forretning. På biletet ser vi Herland på 1970-talet med hermetikkfabrikken sentralt på hamna. Moloane vart ferdige på 1960-talet, før dei kom var det vanskelege hamneforhold her.

Løkeland flytte i 1930 til Herland på vestsida av Atløy. Her bygde han både bustadhus og forretning. På biletet ser vi Herland på 1970-talet med hermetikkfabrikken sentralt på hamna. Moloane vart ferdige på 1960-talet, før dei kom var det vanskelege hamneforhold her.

Eigar: I Kystbygdene skifter ham.

Datering: Slutten av 1970-talet.

Fotograf: Sigvald Vårdal.

Oppstart

Krabbefisket hadde ikkje noko særleg omfang i Sogn og Fjordane før 1900. Krabben vart sett på som simpel vare jamført med hummaren. Med oppstarting av hermetikkfabrikkane vart krabben etterspurd som råvare. Sigurd Løkeland leverte krabbe til hermetikkfabrikken i Sauesund. Det var ikkje alltid han fekk levert all fangsten, og tanken om å starte eigen hermetikkproduksjon vart vekt. I 1921 deltok han på eit kurs i produksjon av krabbehermetikk i Øygarden i Hordaland. Året etter starta han i det små i ei sjøbu på Laukeland. Krabben vart kokt i kar utandørs, og pakka i bua.

Bilete av ei sjøbu.

Avsetnad på Austlandet

Etter at Løkeland hadde synt dei første produkta sine til ein grossist i Oslo, var heile neste årsproduksjon sikra avsetnad. Austlandet vart den viktigaste marknaden dei første tiåra.

Fabrikken på Herland

I 1930 flytte Løkeland til Herland på Atløy, der han sette opp hus til bustad og forretning. Fabrikkverksemda vart driven vidare i ei leigd sjøbu. Ny fabrikk stod ferdig i 1947. Etter krigen vart mesteparten seld til England.

Bilete av ein fiskarar som leverer krabbefangst.

Kvinner i industrien

Hermetikkindustrien vart ei ny sysselsetting for kvinnene i kystbygdene, og for dei fleste den einaste form for lønsarbeid. Slik òg på Atløy då Løkeland Hermetikkfabrikk kom i gang. I førstninga kunne det vere mellom 20 og 30 arbeidarar, dei aller fleste kvinner. Produksjonssesongen var vanlegvis frå september til november. Dei daglege arbeidsøktene svinga i takt med leveransane frå fiskarane. Den kokte krabben måtte leggjast i boks same dagen. Dermed kunne det bli lange og uregelmessige arbeidsdagar, stundom lengre enn 10 timar.

 

Bilete av kvinner i industrien.

Fryselagring i 1960-åra

Etter at den nye fabrikken kom i drift i 1947, kunne arbeidsstokken ligge på mellom 50 og 90 personar. I 1960-åra tok dei til å lagre krabben i fryseri. Dette førte til at produksjonssesongen vart lengd til ut i februar, og ei betre regulert arbeidstid. Men dette hadde òg til konsekvens at talet på tilsette i krabbeproduksjonen vart redusert til kring 30 personar.

Gründaren med i 54 sesongar

På 1960-talet leigde Sigurd Løkeland fabrikklokale til krabbeproduksjon i Mausundvær og i Sula i Sør-Trøndelag. Aktiviteten her vart fram til 1976 leia av sonen Konrad og kona hans, Anita Løkeland, då dei tok over fabrikkdrifta på Herland. Då hadde Sigurd Løkeland bak seg 54 sesongar med krabbeproduksjon. I 2001 tok tredje generasjon over.

Krabbehermetikken på nedtur

På slutten av 1960-åra var dei gode tidene for krabbeindustrien over. Fangstmengdene på krabbe gjekk nedover, men viktigast var det at krabbehermetikken selde stadig dårlegare, og vart etter kvart rekna som eit høgkostprodukt. Midt på 1970-talet fekk næringa statsstøtte. På 1980-talet vart salet av krabbehermetikk organisert gjennom Norcanners. Det var då, og enno i 1990-åra, berre Løkeland Hermetikkfabrikk att i Sogn og Fjordane som dreiv med produksjon av krabbehermetikk. I denne prosessen vart krabbefisket regulert frå fritt fiske til kvoteregulering.

Bilete av Løkeland sin eigne boks.

I seinare tid har sjømat kome meir i fokus. Verksemda sitt viktigaste produkt har vore krabbe i krabbeskjell, selt som ferskvare til butikkjeder. Krabbehermetikk har den siste tida utgjort ein mindre del av produksjonen, men er på opptur. I 2001 var 16 personar sysselsette i produksjonssesongen.

Anna verksemd

Under dei rike vintersildfiska i 1950-åra vart fabrikken leigd ut til eit bergensfirma som dreiv med sildemottak. På anlegget har det og vore fiske- og laksemottak. Heile tida dreiv Løkeland kolonialbutikk, der kona Laura Løkeland var engasjert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B.: Kystbygdene skifter ham. Åtte nærstudium frå Sogn og Fjordane. Kystlæremiddelprosjektet, hefte 3. Utgjeve av Sogn og Fjordane Distriktshøgskule. Sogndal 1985.
Litteratur nytta til artikkelen:
Tviberg, Th.: Artikkel i Firda. 08.10.1980.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960. Universitetsforlaget 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR