Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sandalsætra



Dette er stølen for Sandal, gard nr. 95, i Gloppen. Stølen ligg ca. 730 m o.h. med flott utsyn mot Myklebustbreen i aust og Vora i sør. Det er fire bruk i Sandal som har sel på stølen. Dei to eldste og minste sela er fleire hundre år gamle. Sela hadde tidlegare jordgolv og ljore i taket, men dei har no golv, er isolerte og bordkledde utvendig. Småbruka i Sandalslia brukte òg stølshusa tidlegare. To av fjøsane står endå, Nilsfjøsen som er tømra og Dåvefjøsen i stein. Alle bygningane er godt vedlikehaldne.

Utsyn over Sandalsætra.

Utsyn over Sandalsætra.

Eigar: Nils H. Sandal.

Datering: 1998.

Fotograf: Ingebjørg Sandal Sørfonn.

Tilkomst

Turen med dyra var lang, dei måtte gå opp lia til Torheimstøylen, så austover under Skavegga. Turen tok heile dagen. Stølsvegen som ein brukar å gå er kortare, men bratt og ein må krysse elvane tre gonger. Med hylke på ryggen og spann i handa kunne det vere vanskeleg mange gonger å hoppe frå stein til stein i elva.

Bruk av stølen

Dyra gjekk i heimeutmarka frå slutten av mai. I slutten av juni var som regel heimebeitet oppbrukt og dyra vart flytta til stølen. Aud og Jostein Bergheim fortel: "Utpå sommaren hende det at kyrne hadde gått heilt innover mot Svartebotn. Då måtte dei hentast og det kunne bli seine kvelden før arbeidet var ferdig. Heimreisa var barsokdag, 24. august, slik at huldra kunne flytta inn i husa."
Frå bygdeboka: "På stølen hadde hovudbruka kvar si kvie, der dei heldt gjerde kring. Høyet vart lagt inn på fjøslemmen og drege heim på snøføre. Stølsjentene bar som regel mjølka heim kvar dag, om lag 4 km. Etter siste krigen vart stølsdrifta lagt ned av fleire grunnar. I 1951 slutta siste budeia på stølen, Reia-Brite. Etter dette overtok kulturbeita i heimemarka."

Nokre fakta

Sanddalen, gard nr. 95, Breim sokn, hadde fem bruk i 1890.
Sandalsætra er det offisielle namnet på stølen. Bygdefolket kallar han Sandalsstøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR