Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skofabrikken i Dale



Sidan 1899 har skofabrikken i Dale vore ei hjørnesteinsbedrift i bygda som har skaffa både arbeid og lokalt produsert fotty til fjalerbuen og folk andre stader.

Skofabrikken i Dale. A/S Jarl overtok fabrikken og produserte vanlege skor i tillegg til kloggar.

Skofabrikken i Dale. A/S Jarl overtok fabrikken og produserte vanlege skor i tillegg til kloggar.

Eigar: Kari H. Nistad.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Frå "bjerkebunner" til moderne sko

Gründeren Johan Jenssen i Holmedal hadde også eit prosjekt i Dale, nemleg skoproduksjon. Omtrent samstundes som teglverket på Helle, Troldefos Uldvarefabrik og Flora Smørfabrik i Holmedal, fekk han starta opp bedrifta Dale Klogfabrik, som tok til med å lage tresko og såkalla "bjerkebunner". Seinare tok bergensfirmaet G. C. Rieber over verksemda, omdøypte den til A/S Jarl, og tok til å lage vanlege sko av skinn og lær. Fabrikkbygningen vart ombygd og modernisert, med nye maskinar.

Bustadbygging og arbeidarkultur

Samstundes med moderniseringa av skofabrikken vart det kjøpt eit bruk på garden Bjerga. Her vart det bygt styrarbustad, og dessutan lagt ut tomter for dei av arbeidarane som ønskte å byggje seg hus. A/S Jarl vart såleis i stor grad ei hjørnesteinsbedrift i Dale som tok eit utvida ansvar for arbeidarane sitt ve og vel. Fabrikken hadde si eiga arbeidarforeining og arbeidarrørsla vart dominerande i det sosiale livet i bygda.

Marknaden hardnar til

Talet på tilsette auka jamt frå kring 20 i byrjinga til omkring 150 midt i 1950-åra og nådde om lag 180 arbeidarar og funksjonærar i 1973. Samtidig auka produksjonen ved A/S Jarl, frå kring 170 000 par i 1955 til om lag 300 000 årleg tidleg på 1970-talet. Men frå då av og utetter har skobransjen vore hardt utsett for utanlandsk konkurranse. Med billege sko mellom anna frå Asia, har det vorte stadig vanskelegare å tevle på den norske marknaden. Trass i dette har skofabrikken overlevd fram til 2001, slik at det framleis vert produsert fotty i Dale.

Fagforeining sidan 1930

Dale Sko- og Kloggarbeiderforening vart skipa 30. juni 1930 med 33 medlemmer. Til styre vart vald Ole Pettersen (formann), Bjarne Langeland (kasserar), Anna Sundal (sekretær), Johan Dale og Andreas Heggheim (styremedlemmer).
Eit innhaldsrikt og godt bevart arkiv frå arbeidarforeininga er oppbevart i Fylkesarkivet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Ragnvald: Fjaler gjennom 1000 år. Dale 1977.
Heggland, Johannes: Fjaler Sparebank 1873-1973. Bergen 1973.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR