Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sulingar i vesterveg



Den fyrste familien utvandra frå Solund i 1848. Fram til 1924 hadde om lag 200 sulingar funne seg ny heimstad i USA. Ein stor del av dei busette seg i Midtvesten.

Sharon, ein liten prærieby i Nord-Dakota, vart fyrste stoppestad for mange sulingar som kom til Midtvesten. Dei fyrste sulingane som etablerte seg her, tok imot mange nye immigrantar frå heimbygda og let dei ta teneste her før dei reiste vidare anten for å skaffa seg sin eigen farm eller få seg anna arbeid.

Sharon, ein liten prærieby i Nord-Dakota, vart fyrste stoppestad for mange sulingar som kom til Midtvesten. Dei fyrste sulingane som etablerte seg her, tok imot mange nye immigrantar frå heimbygda og let dei ta teneste her før dei reiste vidare anten for å skaffa seg sin eigen farm eller få seg anna arbeid.

Eigar: Alf Strand.

Datering: 2001.

Fotograf: Alf Strand.

Utvandringa kom seint i gong

Det var ikkje mange sulingar som utvandra den første tida. Fram til 1880 hadde berre om lag 30 personar reist frå Solund til USA. Den fyrste tida var det helst familiar som emigrerte, foreldre og små born eller nygifte par utan born. Berre unntaksvis treffer me på personar som tok ut på den lange ferda åleine. Dette snur seg sidan. Etter 1880 er det mest utan unntak unge, ugifte personar som tek ut på ferda over havet. Frå om lag den tida stig òg talet på utvandrar år for år til utvandringa når toppen i det fyrste ti-året på 1900-talet. Då forlet vel 60 sulingar heimlandet.

Økonomiske årsaker til flyttinga

Folketalet i Solund auka mykje på 1800-talet. Heimbygda kunne ikkje gje levebrød til dei store barneflokkane som voks opp. Utflytting var heilt nødvendig for å sikre levelege vilkår både for dei som flytta og for dei som vart att. Mange emigrantar oppgav nettopp "udsigt til bedre fortjeneste" som årsak til at dei utvandra. Ein del av dei som utvandra, gjorde det i etappar. Fyrst søkte dei seg arbeid i Bergen, og etter ei stund der bar det vidare til Amerika. Fram mot hundreårsskiftet, fekk mange emigrantar pengar eller billett (pre paid tickets) frå Amerika, og mange reiste til slektningar der borte.

Dei fleste utvandrarane var menn

Gjennomsnittsalderen på emigrantane ligg truleg på mellom 20 og 25 år. Mennene var i fleirtal mellom utvandrarane. I starten reiste det tre gonger så mange menn som kvinner, men talet på kvinnelege emigrantar steig etter kvart. Dei fleste emigrantane var søner og etter kvart døtrer av gardbrukarar eller plassmenn. Det var som regel ikkje den eldste i ein syskenflokk som utvandra, og me finn ikkje døme på at sulingar selde jorda si for å reise til Amerika. Mange familiar har ikkje utvandrarar i det heile, medan "Amerikafeberen" i andre familiar slær ned som ei farsott, slik at mange av syskena hamna i Amerika.

Midtvesten målet for mange

Brev frå utvandrarane fekk heilt sikkert mange ungdommar til å bestemme seg for å reise ut. I starten gjev ikkje emigrantprotokollane opplysning om kvar emigrantane hadde tenkt å slå seg ned. Men me veit at dei fleste både då og seinare hamna i Midtvesten, særleg i statane Minnesota og Nord- og Sør-Dakota. Overraskande mange vart farmarar. Og den tida protokollane gjev opplysning om kva arbeid den einskilde søkjer, kjem farmarbeid på ein klar fyrsteplass hos mennene og teneste eller husarbeid er like klare fyrstevalg for kvinnene. Berre nokre få av emigrantane vende attende til gamlelandet. Med fyrste verdskrigen ebba emigrasjonen ut.

kjelder:

Synnevåg, Svein: Sulingar i vesterveg. I Årbok for Sogn. 1994.
Lien, Odd Jan og Strand, Alf: Solund i fortid og notid. Bergen 1981.
Steinsøy, Alf: Bygdebok for Solund. Bergen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR