Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Vadheim som trafikknutepunkt



Tidlegare vart Vadheim rekna som ein av dei viktigaste stadane i fylket. Staden fungerte som eit knutepunkt for reisande frå Bergen som anten skulle nordover til Sunnfjord og Nordfjord, eller vidare innover Sognefjorden.

Dampskipsrutene gjorde Vadheim til ein sentral innfallsport til Sogn og Fjordane. Her ser vi rutebåten <i>Nordfjord I</i> ved kai i Vadheim i 1929.

Dampskipsrutene gjorde Vadheim til ein sentral innfallsport til Sogn og Fjordane. Her ser vi rutebåten Nordfjord I ved kai i Vadheim i 1929.

Eigar: Berit Selseng.

Datering: 1929.

Fotograf: Ukjend.

Senter langs fjorden

Bygda har alltid nytt godt av si strategiske plassering. Vadheim var i lange tider rekna som hovudinnfallsporten til fylket. Hit kom det dagleg båtar innanfrå fjorden og frå Bergen. Dei frakta passasjerar, post og varer, og bygda utvikla seg etterkvart til å bli eit handelssenter. Bønder kom og leverte varer, og her handla dei mykje av dei varene dei ikkje hadde sjølve. Fram til bilane kom for alvor, var også skysskøyring nordover ei viktig attåtnæring for mange bønder i Vadheim.

Bilete av skysskarar i Vadheim.

Bilete av rutebåten på veg ut Vedheimsfjorden på 1950-talet.

Næringsdrift

På grunn av dei mange passasjerane båtane frakta til bygda, vart det etter kvart trong for overnattingsstader. Handelsmannen Sjur Hansen bygde difor i 1882 eit hotell, og fanga såleis opp den aukande turistferdsla over Vadheim på slutten av 1800-talet. Vadheim Hotell vart modernisert i 1935, og var det dominerande bygget ved kaia til det brann ned i 1961. Distriktslegen for Gaular og Kyrkjebø heldt også til her i åra 1893-1915.

Bilete av Vadheim Hotell.

Redusert posisjon

I takt med den aukande vegutbygginga og privatbilane sitt inntog langs vegane, fekk Vadheim redusert sin posisjon som trafikknutepunkt. Samstundes vart trafikken til Bergen lagt om til ekspressbåt i korrespondanse med buss i Lavik og på Nordeide. I dag er det ingen båtruter som har stoppestad i Vadheim, og fjorden har dessutan mista sin status som hovudferdselsåre i fylket.

Bilete av Vadheim i dag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde, 1998.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band III. Stavanger, 1995.
Arntzen, J.: Samferdselsforhold i Kyrkjebø herad. I Kjenn ditt land. 1936.

PERMANENT IDENTIFIKATOR