Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Hermetikkfabrikken på Askvoll



Då Norway Foods sin hermetikkfabrikk på Askvoll vart avvikla i 1992, hadde produksjonen av sardinar vart lenger i Askvoll enn i nokon stad i Sogn og Fjordane. Då var òg det meste av norsk sardinproduksjon avvikla.

Hermetikkfabrikken til Askevold Preserving Co. ved dampskipskaia på Askvoll, bygd i 1919. Fabrikken brann ned i 1920.

Hermetikkfabrikken til Askevold Preserving Co. ved dampskipskaia på Askvoll, bygd i 1919. Fabrikken brann ned i 1920.

Eigar: I Kystbygdene skifter ham.

Datering: 1919.

Fotograf: Ukjend.

Dei første fabrikkane

Hausten 1919 vart det sett opp ein hermetikkfabrikk ved dampskipskaia i Askvoll, Askevold Preserving Co. Hovudeigarane var frå Stavanger, som var sentrum for hermetikkindustrien i Norge. I mai 1920 brann fabrikken ned. Ikkje langt unna vart Askvoll Canning A/S starta i 1925, også denne gongen med interessentar frå Stavanger. Fabrikken vart leia av Martin Dahle frå Stavanger. Fabrikken produserte hermetikkprodukt av brisling, mussa og krabbe. Det vart og drive eit barkeri for nøter og fiskereidskap.

Bilete av restene etter den første hermetikkfabrikken som brann ned i 1920.

Hermetikkindustrien i endring

Hermetikkindustrien utvikla seg snøgt, og i 1933 var det 200 fabrikkar i landet. Som i Askvoll vart dette hjørnesteinsverksemder i lokale tettstader på vestlandskysten. Men denne industrien fekk utetter i mellomkrigstida for stor produksjonskapasitet i forhold til råstoffgrunnlaget og marknaden. Fabrikken i Askvoll vart seld til Bergenhus Canning Co. Og frå 1969 var Norbest Canning Co. eigar til Norway Foods tok over i 1981.

Bilete av Askvoll sentrum.

Produksjonen

Hermetikkproduksjonen på Askvoll var basert på brisling om sommaren, krabbe om hausten, og sild frå november til mars. Det kunne vere nokre få vekers driftsstans mellom desse sesongane. Hovudprodukta var sardiner og kippers. Til fram på sekstitalet vart det produsert fiskeboller. Eit biprodukt var mjølke av storsilda, som vart lagt i boks, stima og eksportert til Amerika og Japan. Sameleis handterte dei torskemjølke, som dei fekk i tønner frå Lofoten. Krabbehermetikken fall ut då Norway Foods tok over i 1981. Denne produksjonen vart flytta over til anlegget på Grytøyra, men dette vart lagt ned året etter.

Teikning av ein sild (Clupea harengus).

Modernisering

Fabrikken fekk installert fryseanlegg i 1972. Før den tid fekk dei frosne råvarer frå andre stader. Det frosne råstoffet kunne komme i blokker, og fabrikken hadde eit tineanlegg. Midt på 1970-talet vart fabrikken modernisert, slik at boksar og fisk kom på band, og fisken vart lagd i boks av kvinner med raske fingrar.

Sanering av sardinindustrien

I 1950 var talet på fabrikkar komme ned mot 150, og vidare til 39 i 1970. Dette hadde si årsak i høgare produksjonskostnader i Norge enn i konkurrerande land, marknadssvikt og periodevis vanskar med råstofftilgangen. Hermetikkindustrien kom inn i ei kraftig omstrukturering, som førte til at fabrikken i Askvoll vart innlemma i det nyetablerte selskapet Norway Foods i 1981. Målet var å få til rasjonalisering i produksjon og salsarbeid. Det nye konsernet omfatta alle dei resterande 16 norske sardinfabrikkane, der ti låg i Hordaland og tre i Sogn og Fjordane.

Kroken på døra

Ulempa for Askvoll-fabrikken var at han låg i utkanten av Norway Foods sin hovudaktivitet, såleis var pakkeriet i Stavanger. Fabrikken på Askvoll vart lagt ned i 1992. Det var då berre tre sardinfabrikkar att i Norway Foods. Fabrikkbygget på Askvoll vart selt, og sidan har ein del av fabrikkbygget blitt nytta til lager.

Gjennom fleire tiår hadde hermetikkfabrikkane vore hjørnesteinsbedrifter på stadene dei låg, med flest kvinnelege tilsette. På slutten var det 60-70 arbeidarar på fabrikken på Askvoll.

Bilete av ein protokoll.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystbygdene skifter ham. Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH, hefte 3. Sogndal 1986.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960. Universitetsforlaget 1982.
Fossen, Anders Bjarne: Vår egen tid 1940-1997. Askøys Historie. 1998.
Sogeskrift for Askvoll. Nr. 8. 1995.
Tidsskrift for Hermetikkindustrien. Nr. 7. 1919, og nr. 8 og 15, 1920.
Munnleg informasjon frå:
Jenny Herland, f. 1922, Askvoll.
Gunnar Askevold, f. 1949, Askvoll.
Leif Frøholm, f. 1952, Askvoll.

PERMANENT IDENTIFIKATOR